Brevet frå Barneombodet til barn utsette for vald er no tilgjengeleg på 15 ulike språk

Barneombud Inga Bejer Engh

Sidan 2016 har barn som kjem til krisesenter i Noreg fått ei helsing frå Barneombodet i form av eit brev.

I brevet, som er ein del av ei velkomstpakke, skriv barneombod Inga Bejer Engh litt om kva rettar barn og unge har, og at dei som er på eit krisesenter kan føle seg trygge.

Brevet kom i stand etter eit initiativ frå krisesenteret i Salten. Dei har spredd brevet til krisesenter over hele landet gjennom Krisesentersekretariatet.

- Alle barn som kommer til krisesenteret skal bli møtt på en god måte. Ved noen krisesentre får barna en velkomstsekk- eller pakke. I denne ligger brevet fra Barneombudet, ofte sammen med noen nyttige overraskelser, seier barnefaglig ansvarleg ved Krisesenteret i Salten, Herdis Magnussen.

Brevet frå Barneombudet er gjort tilgjengelig for alle krisesentra i Noreg.

Dei som kjem til eit krisesenter er frå hele verda. Gjennom åra har ein sett eit behov for å gjere informasjonen tilgjengeleg på fleire språk enn norsk. Derfor har Krisesenteret i Salten tatt initiativ til å få oversett informasjonen frå Barneombodet.

No er brevet tilgjengeleg på heile 15 språk, blant anna svensk, finsk, dansk, thai, urdu, samisk, fransk og arabisk.

- Vi er veldig glade for at krisesenteret har gjort vårt budskap tilgjengelig på andre språk. Informasjon om barns rettigheter, og at voksne har et ansvar for at de er trygge, er viktig å formidle til alle barn, seier seniorrådgiver Elin Saga Kjørholt hos Barneombodet.

Krisesenteret har også laga to filmar retta mot barn som kjem på krisesenter. Dei heiter Fuglekassa og Det trygge huset.

Les Barneombodet si helsing til barn på krisesenter på ulike språk i lenkene under.

Fakta om krisesenter i Noreg:

  • Les mer+ Lukk-

    Krisesenteret er eit tilbod til dei som har blitt utsette for vald eller overgrep frå ein partner, familie eller andre ein har eit nært forhold til. Du treng ikkje vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Sentra tilbyr vern, sikkerheit, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn.

    Krisesentra tilbyr ein trygg stad å bu i ein avgrensa periode, men dei har også eit tilbod for dei som ikkje treng bu der. Det er gratis å få hjelp og bu på krisesenteret. Du kan oppsøke senteret direkte, utan timeavtale eller henvisning.

    • Krisesenteret er ikkje berre eit tilbod for dei som er utsette for grov vald.
    • På krisesenteret bestemmer du sjølv over ditt eige liv og dei vala du tar.
    • Det er gratis å få hjelp og bu på krisesenteret.
    • Du kan få hjelp på krisesenteret utan å bu der.
    • Krisesenteret tilbyr samtale- og dagtilbod.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev