Bok 3 4

Rapportering til FN

Her kan du lese mer om vår rapportering til FN om barns rettigheter.

Rapportering til FNs barnekomité i Genève

Det er myndigheitene som har plikt til å syte for at barnekonvensjonen blir fylgd i Noreg, og at barn i Noreg har dei rettane barnekonvensjonen seier barn skal ha.

FN overvaker at statane fyljer opp sine pliktar ved at statane ca. kvart femte år rapporterer til FNs komité for barnet sine rettar (FNs barnekomité eller barnekomiteen) som er ei gruppe ekspertar, utpekt av statane i fellesskap.

Rapportane skal innehalde oversikt over tiltak landet har vedtatt som får verknad for barn og unge sine rettar, og ei skildring av framgangen når det gjeld kva moglegheit barn og unge har til å nyte godt av disse rettane.FNs barnekomité åpnar også for supplerende informasjon fra ikke-statlege aktørar som nasjonale overvåkingsorgan og organisasjonar frå sivilt samfunn.

Barneombodet sender ein slik supplerande rapport. Det samme gjer Forum for barnekonvensjonen, eit forum som er samansett av frivillige organisasjonar som jobbar for barn, og Nasjonal institusjon for menneskerettigheter.

Barneombodet si rolle

Barneombodet skal følgje med at norsk rett og forvaltningspraksis samsvarar med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar.

FN overvaker at statane fyljer opp sine pliktar ved at statane omlag kvart femte år rapporterer til FNs komité for barnet sine rettar (FNs barnekomité eller barnekomiteen).

I Noreg har Barneombodet eit ekstra ansvar for å følgje med på at barnekonvensjonen blir fylgd. Vi sender derfor ein supplerande rapport til barnekomiteen, for å ta opp tilhøve der vi meiner Noreg ikke oppfyller rettane etter barnekonvensjonen. Rapporten kalles supplerande fordi den gir tilleggsinformasjon vi meiner ikkje er godt nok dekka i statsrapporten.

Meir om prosessen

  • Pre-session Les mer+ Lukk-

    Etter at statsrapporten og dei supplerande rapportane er levert til barnekomiteen, kallar komiteen inn til eit formøte, ein «pre-session». Her får ikke-statlege aktørar moglegheit til å leggje fram dei bekymringane dei har fremsatt i sine supplerande rapportar, og svarar på spørsmål frå barnekomiteen.

  • Barnekomiteens dialog med staten Les mer+ Lukk-

    Ein sentral del av rapporteringa er barnekomiteens dialog med staten. Den finn sted etter formøtet, og er ein heil dags dialog med norske myndigheiter om kva dei gjer for å oppfylla barns rettar, og kva dei vil seie om dei bekymringane komiteen ynskjer å løfta frem. Då møter representantar for dei ulike departementa, gjerne leia av barneministeren. Under eksaminasjonen stiller komiteen ei rekkje spørsmål til Noreg, og representantane må svare.

  • FNs merknader til Noreg (Concluding Observations) Les mer+ Lukk-

    Etter eksaminasjonen oppsummerer barnekomiteen anbefalingane sine til Noreg i eit sluttdokument. Dette dokumentet inneheld anbefalingar om kva Noreg bør betre for å sikre barn rettane sine etter barnekonvensjonen.

    Anbefalingane frå komiteen er ikkje juridisk bindande, og det følgjer ingen sanksjoner dersom eit land ikke følger oppfordringane frå komiteen. Systemet byggjer på politisk vilje, og det ligg ei forventning om at myndigheitene skal jobbe for å følgje opp anbefalingane i perioden mellom rapporteringane.

Rapporteringa i 2025

Rapporteringa startar med at FNs barnekomité formar ut spørsmål i saker dei vil staten skal svare på i rapporten sin til komiteen. I denne prosessen kan Barneombodet og sivilsamfunnet spele inn tema vi meiner er relevant for barns rettar i Noreg. Vi har forma ut innspela til det barnekomiteen kallar «List of issues» til staten og Barneombodets supplereande rapport.

Merknader fra FNs barnekomité i 2025

FNs barnekomité kom våren 2025 med merknader til Noregs sjuande rapport. Merknadene gir status for korleis Noreg ligg an i å oppfylle barns rettar og kva staten må jobbe meir med.

Merknadene dekkjer ulike sider av barns oppvekstmiljø og gir tilrådingar innanfor tema som mellom anna handlar om skule, helse, levestandard og inkludering. Komiteen framhevar samanhengen mellom rettane og viktigheita av å følgje opp alle tilrådingane. Dei peikar òg på område som krev hastetiltak.

Merknadene er eit verktøy for å identifisere område der Noreg kan forbetre arbeidet sitt med å sikre at alle barn rettar blir oppfylte. Derfor er det viktig at staten tek ansvar og aktivt følgjer opp tilrådingane.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev