Kven tar vare på barn i sårbare situasjonar i sommar?

Lesarinnlegg sendt til lokalaviser juli 2020.

Vi har hatt ein annleis vår, med stengde skular og barnehagar og mindre aktivitetstilbod for barn og unge. No er sommarferien her. Den er eit pusterom for mange, fylt av aktivitetar og moro. Men sånn er det ikkje for alle.

Nokre barn med behov for å delta i aktivitetar møter større utfordringar enn andre. Dette kan vere barn med funksjonsnedsettingar. Eller barn i familiar med låg inntekt. Det kan også vere barn og unge med ein kvardag prega av vald, rus og psykiske lidingar som no har færre aktivitetar å gå til. Desse barna og familiane leitar ikkje alltid sjølv etter eit tilbod. Dei treng at nokon ser dei og hjelper dei på vegen.

Alle som arbeider for barn og unge, må ha med seg at nokre av dei no treng oss meir enn vanleg. Kommunar og organisasjonar som tilbyr tenester til barn må strekke seg langt for å finne dei barna som treng det mest, og sikre at barn som treng aktivitetar og støtte får det.

Eg er også opptatt av at engasjementet for sårbare barn ikkje berre skal stå på agendaen i krisetider. Vi må sjå framover. Koronakrisa har forsterka inntrykket av at det ikkje berre er barna som er sårbare, men også dei systema som skal følgje barna opp og gi dei støtte. Vi opplevde at skulane blei stengt, andre tenester blei sendt på heimekontor og nokre blei omdisponert til andre oppgåver. Då var det ikkje så lette å finne kvarandre, vite kven som skulle gjere kva og korleis det var mogleg å samarbeide. Dette ga ein dominoeffekt som viste ei sårbarheit i støttesystemet kor barna betalar prisen. Dette må vi lære av.

I arbeidet for å gi barn i sårbare situasjonar eit godt hjelpetilbod, må kommunane sørge for betre koordinering. Hjelpa får sjeldan den effekten ein ønskjer når ulike tenester gjer litt av kvart, utan ein samordna innsats. Barn går ikkje berre på skule, eller treng helsehjelp, tilrettelagt avlasting eller får hjelp frå barnevernet. Dei lever liv kor alt dette er ein del av kvardagen deira. Det må vere utgangspunktet for hjelpetilbodet dei får. Korleis tenestene er organisert i dag, er avgjerande for kva hjelp barnet får. Dette må vi erstatte med å setje barnet i sentrum.

No i sommar er det viktig at kommunane og frivillige organisasjonar opprettar gode sommartilbod for barn. Her har vi i den seinare tida sett mange gode eksempel på tilbod, men desse må utvidast og treffe dei som treng det mest. Staten må sørge for gode tilskotsordningar, og hjelparar må sjå og støtte dei som treng hjelp til å få eit tilbod.

Alle vaksne må vere merksame på barn som kan ha det ekstra vanskeleg gjennom sommaren. Barn i sårbare situasjonar er eit felles ansvar for oss alle.

God sommar!

Barneombod Inga Bejer Engh

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev