Barneombodet overraska over større opning for heimeskole

Barneombudet: barn som leser i bok

Regjeringa ser bort frå helsefaglege råd og opnar opp for meir heimeundervisning også når det ikkje er stort smittetrykk. Det skriv NRK.

Fleire tunge faglege instansar, deriblant Folkhelseinstituttet, har meint at meir bruk av heimeundervisning vil «påføre ungdom en tiltaksbyrde som er større enn nødvendig». Også Helsedirektoratet har meint at heimeundervisning kun burde vere mogleg på raudt nivå.

Det har også Barneombodet meint. Både i høyringsrunden i desember, og då vi fekk ein ny revidert versjon i januar åtvara vi mot meir bruk av heimeundervisning.

I våre brev har vi meint at departementet ikkje har grunngitt godt nok korleis dette inngrepet er forholdsmessig, gitt dei store negative konsekvensane heimeopplæring har. Vi meiner også at forslaget ikkje er nødvendig - reglane i covid-19-forskriften og trafikklysmodellen gjer gode nok moglegheiter.

– Eg er difor svært overraska over at regjeringa vil opne for heimeskule der det ikkje er grunngjeve med smittevernomsyn, men praktiske omsyn ved skulane. Særleg når fagmyndigheitene har fråråda dette nettopp på grunn av negative konsekvensar for elevar si læring og psykiske helse, seier barneombod Inga Bejer Engh til NRK.

Ho fryktar no at ordninga blir misbrukt.

– Ja, det gjer eg. Før jul sendte fleire skular elevane på heimeskule utan at det eigentleg var tilgang til det i regelverket. Eg er alvorleg redd for at på eit område med mykje frykt blir det gjort inngrep i elevane sine rettar utover det som er nødvendig, seier Bejer Engh.

Med dei nye endringane blir det no mogleg å ha heimeundervisning også på gult nivå. Ifølge kunnskapsministeren vil dette gjelde på skolar der det over tid har vore utfordrande å organisere opplæringa på grunn av stort fråvær blant lærarar eller elevar.

Presse kan kontakte presse@barneombudet.no for ytterligere kommentarer.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev