Barneombudet støttar ikkje utvida moglegheit til heimeopplæring

Barneombudet: barn som leser i bok
Barneombudet er bekymra for konsekvensane ved større opning for heimeskule

Barneombudet har levert høyringssvar til Kunnskapsdepartementet om nye reglar om heimeopplæring under koronapandemien.

Vi er opptatt av at barn og unge skal få retten til utdanning oppfylt også under pandemien, og er bekymra for at mange barn ikkje får dette nå.

Ein grunn til dette er kvaliteten og innhaldet i heimeopplæringa. Det beste for barn og unge å få opplæringa på skulen, slik det følgjer av opplæringslova. Skular har ei avgjerande betydning i den faglege og sosiale utviklinga til barn og unge.

Stor respekt for lærarane

- Jeg har stor respekt for den jobben som gjøres ute i skole-Norge i dag. De ansatte strekker seg langt for å gi den nødvendige hjelpen, sa barneombod Inga Bejer Engh til Dagsnytt 18 på fredag.

Barneombodet er likevel bekymra for de endringane som regjeringa foreslår nå. Også VG har omtalt høyringssvaret vårt.

Unntak må være grunngitt i smittevern

- Unntak fra at opplæringen skjer på skolen må være snevre og grunngitt i smittevernhensyn, ikke i andre hensyn, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Barneombodet støttar derfor ikkje foreslaget frå departementet om å utvide moglegheita til å bruke heimeopplæring.

Grunnlova § 109, barnekonvensjonen og opplæringslova med forskrifter stiller krav til kvaliteten og kvantiteten til opplæringa, og eit trygt skulemiljø.

- Under koronapandemien har mange av disse kravene i praksis blitt satt til side. Vi mener forslaget vil bidra ytterligere til dette, seier barneombod Inga Bejer Engh, som meiner åtgangen til unntak er vid nok i dagens regelverk.

Oppsummering av synspunkta til Barneombudet:

  1. Barneombodet etterlyser ei barnerettsvurdering frå departementet, kor forslaget er vurdert opp mot konsekvensane for barnerettane.
  2. Barneombodet miener det er uklart om det er heimelsgrunnlag for å forskriftsfeste ein utvida åtgang til heimeopplæring.
  3. Barneombodet støttar ikkje at det skal opnast for heimeopplæring ut over det som er grunngitt i smittevern.
  4. Barneombodet støttar ikkje utforminga av heimelen som regjeringa foreslår for heimeopplæring ut over smittevern. Bestemminga er for skjønnsmessig utforma, og vil opne for store forskjellar. Åtgangen er heller ikkje tidsavgrensa.
  5. Barneombodet meiner det er behov for tydelegare krav til heimeopplæringa, men vi meiner at forslaget er for vagt slik det nå er utforma.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev