Tverrfagleg helsekartlegging blir ein del av barnevernlova
Stortinget vedtok i dag endringar i barnevernlova om tverrfagleg helsekartlegging for barn som blir flytta ut av heimen etter barnevernlova.
Tverrfagleg helsekartlegging er ei sak Barneombodet har jobba for lenge. Vi har sett at det er store variasjonar i kva barneverntenesta veit om helsesituasjonen til barnet. Vi har tidlegare påpeika i høyringar at det i ny lov må komma fram at barn har ein rett til å få kartlagt den fysiske og psykiske helsa si når dei blir flytta ut av heimen.
Vi er veldig glade for at dette no er vedtatt i Stortinget. Spesielt gledeleg er det at Stortinget, i tråd med forslaget frå Barneombodet, har vedtatt at det skal vera ei plikt for barnevernet å senda alle barn som blir flytta ut av heimen til helsekartlegging.
Opphavleg hadde Barne- og familiedepartementet berre foreslått at barnevernet skulle ha ei plikt til å vurdera dette. Dette er ei viktig lovendring for barn som av ulike grunnar ikkje kan bu heime, og vi er overtydde om at den tverrfaglege helsekartlegginga vil bidra til å gi barna betre omsorg i den nye heimen.
Les meir om arbeidet vårt på området
- Høringssvar (2021) Forslag til tverrfaglig helsekartlegging i barnevernet
- Høringssvar (2020) Forslag til endringer i barnevernloven – tverrfaglig helsekartlegging av barn i barnevern
- Høringssvar (2019) Helsekartlegging i barnevernet ved flytting ut av hjemmet
- Barneombudets synspunkter på helsekartlegging i barnevernet
- Rapporten «De tror vi er shitkids»
- Kronikk: Barnevernet vet ikke nok om barna de tar ut av hjemmet. Dobbel omsorgssvikt for sårbare barn (Aftenposten)