Brevet frå Barneombodet til barn på krisesentre
Sidan 2016 har barn som kjem til krisesenter i Noreg fått ei helsing frå Barneombodet i form av eit brev. Vi har i 2025 oppdatert brevet som går frå barneombod Mina Gerhardsen.
Krisesenteret er eit tilbod til dei som har blitt utsette for vald eller overgrep frå ein partner, familie eller andre ein har eit nært forhold til. Du treng ikkje vere i akutt krise for å få hjelp på krisesenteret. Sentra tilbyr vern, sikkerheit, råd og rettleiing til kvinner, menn og barn.
Dei som kjem til eit krisesenter er frå hele verda. Gjennom åra har ein sett eit behov for å gjere informasjonen tilgjengeleg på fleire språk enn norsk. Derfor har Krisesenteret i Salten tatt initiativ til å få oversett informasjonen frå Barneombodet. Brevet er tilgjengeleg på 15 språk, blant anna svensk, finsk, dansk, thai, urdu, samisk, fransk og arabisk.
Fakta om krisesenter i Noreg
Krisesentra tilbyr ein trygg stad å bu i ein avgrensa periode, men dei har også eit tilbod for dei som ikkje treng bu der. Det er gratis å få hjelp og bu på krisesenteret. Du kan oppsøke senteret direkte, utan timeavtale eller henvisning.
- Krisesenteret er ikkje berre eit tilbod for dei som er utsette for grov vald.
- På krisesenteret bestemmer du sjølv over ditt eige liv og dei vala du tar.
- Det er gratis å få hjelp og bu på krisesenteret.
- Du kan få hjelp på krisesenteret utan å bu der.
- Krisesenteret tilbyr samtale- og dagtilbod.
Les brevet på dei ulike språka her:
- Barneombudets brev krisesenter 2025 thai PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 tysk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 urdu PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 spansk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 dansk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 fransk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 norsk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 somali PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 svensk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 arabisk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 engelsk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 finsk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 islandsk PDF
- Barneombudets brev krisesenter 2025 samisk PDF