Støre og Nordtun, på tida å få opp farta

Mina Gerhardsen Foto: John Trygve Tollefsen

Innlegg publisert i Stavanger Aftenblad 17. februar 2026.

Barn i Noreg sit for mykje i ro. Dagleg fysisk aktivitet i skulen vil gjere ein stor skilnad. Men det må gjelde for alle og ikkje berre for elevar som har flaks med lærar og skule.

Meir stillesitting og mindre rørsle, meir usunn mat, aukande vekt og auka skjermbruk kjem i vegen for viktige ting som aktivitet og søvn for barn og unge. Når tal frå Folkehelseinstituttet viser at berre 40 prosent av 15‑årige jenter og 51 prosent av 15‑årige gutar tilfredsstiller tilrådingane om minst 60 minutt dagleg aktivitet, er det grunn til bekymring for helsetilstanden til norske barn og unge.

Regjeringa har tatt nokre viktige steg. Å få på plass eit marknadsføringsforbod mot reklame for usunn mat og drikke retta mot barn, vil gjere ein positiv skilnad. At mobilen endeleg er tatt ut av skulekvardagen, gjer at skular no fortel om elevar som har gjenoppdaga fotball og bordtennis i friminutta. Klare helseråd for skjermbruk har noko å seie. Men vi treng meir.

I 2017 vedtok Stortinget å innføre dagleg fysisk aktivitet i skulen. Bakgrunnen var at forsking over fleire år har vist at for mange barn ikkje får dekt behovet for dagleg rørsle, og at regelmessig aktivitet i oppveksten heng saman med betre psykisk helse, søvn, sosial fungering og lågare risiko for fleire sjukdommar – altså høgare livskvalitet både no og seinare. Store skuleforsøk på barne- og ungdomssteget viser forbetringar særleg i matematikk, og eit betre læringsmiljø. Trass i all kunnskapen og erfaringane vi har om dette, med stor støtte for innføring av dagleg fysisk aktivitet i skulen blant folk – og lærarar, har det skjedd altfor lite. Stortingsvedtaket blei aldri følgt opp . Seinare regjeringsplattformer om det same, har heller ikkje gitt den endringa vi ventar på. Det har vore positive signal og beskjed om at det er fritt fram for dei som vil. Men med den kunnskapen vi har om betydninga av fysisk aktivitet, kan ikkje det vere opp til kvar enkelt lærar, skule eller kommune om elevane skal få eit slikt tilbod eller ikkje.

Kari Nessa Nordtun har erkjent at det i dag er flaks som avgjer om elevar får ein skulekvardag med dagleg fysisk aktivitet. Når statsråden sjølv slår fast dette, er det òg hennar ansvar å gjere noko med det.

Barna har allereie sagt tydeleg frå. I ei undersøking frå Barneombodet svarer 78 prosent at dei ønskjer seg meir fysisk aktivitet og leik i skulekvardagen. Samtidig står skulen i ein alvorleg situasjon med mistrivnad, mobbing og uønskt fråvær. Meir aktivitet og leik vil òg kunne gi positive bidrag for læring, miljø og trivnad.

Å la fysisk aktivitet halde fram med å vere eit spørsmål om flaks, er ikkje godt nok. Dette er eit politisk ansvar, og det ligg hos kunnskapsministeren.

Kari Nessa Nordtun har vist handlekraft og gjennomføringsevne med å få mobilen ut av skulen. No må ho bruke den same handlekrafta på å få meir fysisk aktivitet inn. Dette bør òg statsminister Jonas Gahr Støre engasjere seg i. Det handlar om barna våre, her og no, men òg om å investere i dei som på ulike vis er ein del av framtidsberedskapen vår. Så kva tenkjer de, Jonas og Kari? Det er gått nesten ti år sidan Stortinget vedtok at alle elevar skal ha dagleg fysisk aktivitet i skulen. På tide å få opp farta, så dette faktisk skjer?

Mina Gerhardsen, barneombod

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

E-læring