Kven følgjer opp dei minste barna?

Hinda Fahre Barneombudet 011

Innlegg publisert i lokalaviser mars 2026.

Når helsestasjonar avdekkjer at eit barn har behov for ekstra hjelp, får mange ikkje den oppfølginga dei treng vidare i systemet.

Helsestasjonane møter nesten alle barn den første veka i livet. Dei har 14 kontaktpunkt frå starten av livet til skulestart. Dei ser kvar det er risiko og sårbarheit, og kva barn og familiar som treng ekstra støtte og hjelp. Likevel skjer det altfor ofte at den hjelpa ikkje kjem.

Dette kjem fram i ei undersøking nyleg gjennomført av Barneombodet, i samarbeid med Helsesykepleierne NSF. Spørjeundersøkinga omfattar 600 helsesjukepleiarar som jobbar med barn frå 0 til 5 år. Berre 52 prosent av helsesjukepleiarane svarte at familiane alltid eller ofte får den hjelpa dei treng, etter at risiko eller sårbarheit er avdekt på helsekontroll. Det er eit altfor lågt tal og eit alvorleg tal.

Dette viser at det er for store hol i sikringsnettet rundt barna våre. Kven som bør følgje opp, kan variere. Det kan vere fysio- og ergoterapitenesta, avdelinga ved sjukehuset for barnehabilitering, barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Nav eller barnevernet. Det kan òg vere lågterskeltilbod som auka kontakt med helsestasjonen.

Tidleg avdekking gir moglegheit for tidleg innsats. Det kan førebyggje at problem veks seg store og mykje vanskelegare å løyse. Når helsestasjonane avdekkjer sårbarheit utan at hjelpa følgjer, står vi i fare for å svikte barn i ein fase av livet der innsats verkar aller mest.

Sjølv om kommuneøkonomien kan vere pressa, har ikkje kommunane råd til å la vere å satse tidleg. Barn som veks opp med utfordringar dei ikkje får hjelp med, kan falle utanfor utdanning og arbeidsliv, og i verste fall komme inn i rus og kriminalitet.

Barnekonvensjonen slår fast at barn har rett til best mogleg helse, liv og utvikling. Styresmaktene har eit ansvar for å sikre gode helsetenester, førebygging og trygge oppvekstvilkår.

Vi forventar at kommunane sikrar at dei har på plass rett kapasitet og kompetanse til å gi rask og lett tilgjengeleg hjelp til dei aller minste. Å spare på førebyggjande innsats kan bli veldig kostbar sparing, for budsjettet til kommunane og i menneskelege kostnader.

Førebygging er alltid betre enn forsøk på å reparere. Vi er nøydde til å gjere ein betre jobb med å la våre minste få ein god start, fordi vi veit kor mykje det betyr for eit godt liv.

Barneombod Mina Gerharsen

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

E-læring