Kva gjer skulen med utagerande småbarn?
Kronikk publisert i Kommunal rapport november 2025.
Den typiske «valdsutøvaren» i norsk skule er litt over ein meter høg og har mjølketenner, lærevanskar og ofte diagnosar. Det krev andre løysingar enn å vere strengare.
Merksemda om vald mot lærarar har fått politikarar til å krevje alt frå strengare sanksjonar til vektarar i klasserommet. Nokre foreslår at desse elevane må flyttast til alternative arenaer eller få opplæring i bedrift. Desse forslaga gir inntrykk av at elevar som utøver vald er store ungdommar som blir opplevde som farlege. Men fakta er at dei typiske «valdsutøvarane» i skulen er små barn.
Ein rapport som kom i haust frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) viser at vald og utagering i grunnskulen særleg førekjem blant dei yngste elevane, ofte på 1.–4. trinn. Vi snakkar då om barn mellom 6 og 10 år. I rapporten blir det peika på at utagering startar i låg alder og blir knytt til låg frustrasjonsterskel, diagnosar eller manglande reguleringsevne.
At dei er små, gjer det sjølvsagt ikkje greitt med vald og utagering, verken for medelevar eller vaksne. Men for å skape trygge skuledagar ute i kommunane i landet, trengst det andre tiltak enn dei tabloide forslaga vi har sett, der nokre vil vise handlekraft utan å ha innsikt. Kommunane må først og fremst lage tiltak for dei små og frustrerte, ikkje dei store og sinte. Dette krev ein skule som møter dei ulike elevane på premissane deira.
Barn med ekstra behov
Det er nokre få elevar som står bak uro i klasserommet, men belastninga for tilsette og skulemiljøet kan vere stor. Tilsette beskriv hendingar med slag, spark, biting, spytting og kasting av gjenstandar. Dei opplever situasjonane som ubehagelege, sjølv om dei ikkje alltid gir fysisk skade. 80 prosent av skuleleiarar i grunnskulen rapporterer at dei har kjenttil valdshendingar det siste året. Men det er nokre få elevar som står bak hendingane, og det er ofte dei same som går igjen.
For å redusere vald i skulen, må vi forstå kven barna er, og kvifor dei reagerer som dei gjer. Elevar i tilrettelagde opplæringstilbod er tydeleg overrepresentert, og valdet oppstår ofte i situasjonar prega av manglande meistring, reguleringsvanskar, stress eller misforståingar. Samtidig viser store variasjonar mellom skular – òg internt i same kommune – at dette er utfordringar det er mogleg å jobbe systematisk med og førebyggje.
Desse barna treng ikkje fleire sanksjonar, men støtte til å møte utfordringane dei står i. Utagerande åtferd er det ofte eit signal om at systemet ikkje varetek behovet til barnet. Det kan dreie seg om eit utrygt skulemiljø eller at tilrettelegging av opplæringa ikkje er god nok.
Tidleg innsats er ei kommunal plikt
Ingen barn går til skulen med ønske om å utøve vald mot ein vaksen. Bak slag, spark og biting er det barn som utrykkjer frustrasjon og som openbert møter ein skulekvardag dei ikkje meistrar. Då må skulen møte dei med det som verkar. Dersom elevar har utfordringar knytte til for eksempel ein diagnose, treng dei først og fremst ein tilrettelagd og føreseieleg kvardag.
Tidleg innsats er ikkje berre eit pedagogisk prinsipp – det er ei kommunal plikt. Når barn viser teikn til reguleringsvanskar, må det finnast lågterskeltilbod som kan gi støtte før problema eskalerer. Her speler helsestasjonane, barnehagane og skulehelsetenesta ei nøkkelrolle. Men mange stader er desse tenestene underbemanna og overbelasta. Kommunane må sørgje for at PP-tenesta har kapasitet til å jobbe førebyggjande, ikkje berre med sakkunnige vurderingar. Det må vere mogleg å få hjelp utan at barnet først må «feile» i skulen. I tillegg må barnevernet, psykisk helse og habiliteringstenestene vere tilgjengelege og samkøyrde. Fragmenterte tenester gir fragmentert hjelp.
Ikkje la læraren stå åleine
Lærarane skal ikkje stå åleine når det stormar. Det er avgjerande at det finst eit «lag» som utfyller kompetansen til læraren, og som er tilgjengeleg for elevar som strevar. Det er kommunen som skal sikre at det er tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse til å handtere elevane i skulen.
Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å sikre eit trygt og inkluderande skulemiljø. Det betyr at dei må ha system som fangar opp barn med behov for ekstra støtte tidleg – før utageringa blir eit problem for omgivnadene. Dette krev meir enn gode intensjonar. Det krev kompetanse, kapasitet og ein vilje til å prioritere barn som ikkje passar inn i standardmodellen.
I mange kommunar er det store skilnader i korleis skulane handterer utagerande åtferd. Nokre har etablert tverrfaglege team som jobbar tett med skulane, medan andre manglar både ressursar og rutinar. Det er ikkje haldbart at moglegheitene til barna til å få ein trygg skulegang skal vere avhengige av kva skule dei går på, eller kva kommune dei bur i.
Skal barn og vaksne ha ein trygg og god skulekvardag, må tiltaka baserast på kunnskap om dei reelle utfordringane som skal møtast, og ikkje på mytar og ønskjer om å vise fastleik og handlekraft. Skal vi lykkast med å redusere vald og utagering i skulen, må vi slutte å snakke om «problemelevar» og byrje å snakke om «barn med behov». Det er ei endring som startar i kommunestyresalen – og som må følgjast opp i klasserommet.
Av barneombod Mina Gerhardsen.