Ein vekkjar for kommunane

Barneombudet: gutt med skateboard

Debattinnlegg på trykk i lokalaviser oktober 2022.

At eit byråd går av som følgje av alvorleg svikt i barnevernsarbeidet i kommunen, bør vera ein vekkjar for andre kommunar. Eg fryktar at fleire barn blir svikta dersom barnevernet no ikkje blir prioritert høgare i kommunane.

Det er vondt å lesa mediesakene om barna som er svikta i Bergen, men dette er dessverre ikkje unikt. Fleire rapportar og offentlege tilsyn har konkludert med at vernet av barn ikkje er god nok. Den offentlege utgreiinga Svikt og svik (2017) konkluderte med at samfunnet over tid hadde svikta dei mest sårbare barna i Noreg. Her vart det avdekt at opplysningar frå barn knytt til vald og omsorgssvikt ikkje vart følgt opp slik det skulle. Utvalet fann mellom anna at det i mange saker ikkje vart tatt kontakt med barnet sjølv om det var mistanke om omsorgssvikt, og at saksbehandlingstida var for lang.

Tilsvarande funn vart avdekte i Helsetilsynets landsomfattande tilsyn med arbeidet til barnevernet i 2020–2021. Det blir peika på dårleg framdrift i saksbehandlinga til barnevernstenesta, der det kan gå veker frå bekymringsmeldingar blir gjennomgått til undersøking startar opp. I tillegg blir det vist til at mange barn ikkje blir snakka med, og at synspunkta deira ikkje blir brukte vidare i saka. Ekstra ille blir det når Helsetilsynet sjølv presiserer at «funna frå dette tilsynet er til forveksling lik det som kom fram etter landsomfattande tilsyn med same tema i 2011». Kvifor har det ikkje vorte betre?

1. januar i år tredde barnevernsreforma i kraft. Reforma gir kommunane større økonomisk og fagleg ansvar for barnevernet. Dette forpliktar og set heilt andre krav til tenesta enn tidlegare. Eg har lenge vore bekymra for om alle kommunar er godt nok rusta for meir ansvar, og bekymringa har ikkje vorte mindre den siste tida.

Arbeidet til barnevernstenesta er den mest komplekse og inngripande myndigheitsutøvinga ein kommune driv. Skal dette lykkast, er barna heilt avhengig av at kommunane er kjente med kva ansvar dei faktisk har. Nyleg slo Høgsterett fast at kommunar kan saksøkast for brot på menneskerettane. Dette kan bli ein realitet for kommunar som ikkje evnar å verna barn godt nok.

Eg oppfordrar derfor alle kommunane til å gå ein ekstra runde for å forsikra seg om at dei har ei forsvarleg barnevernsteneste. Kommuneleiinga er nøydd til å sørga for at barnevernet har god leiing, kompetanse, ressursar, i tillegg til god styring og internkontroll.  

Sjølv om saka i Bergen skulle vore unngått, bør den no blir brukt som ein vekkjar for andre kommunar. På vegner av barna vil eg derfor komma med følgjande oppfordring til kommunepolitikarane: prioriter eige barnevern, vi treng ikkje fleire saker som den i Bergen.

Barneombod Inga Bejer Engh

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev