Avsporing om vald i skulen

Barneombudet: ungdom som sitter på et gjerde utenfor en bygning

Kronikk i lokalaviser i april 2024

Det er alvorleg at vald mot tilsette i skulen aukar. Men om barn utagerer, er det uttrykk for at noko ikkje fungerer som det skal i livet til barnet. Då må kommunen ta fram verktøykassen.

I ei rekkje saker i media blir det teikna eit bilete av anarki i klasseromma og at lærarar blir angripne nærmast dagleg. Vald i skulen er alvorleg, og det er viktig at lærarar og andre tilsette er trygge på jobb. Samtidig er vi bekymra for at det blir sett spørsmålsteikn ved rettane til elevane, og at elevperspektivet manglar i debatten.

Barn kan ikkje velje om dei vil gå på skulen eller ikkje, og skulen er avgjerande for den framtidige livskvaliteten og samfunnsdeltakinga deira . Skulen har derfor plikt til å setje inn tiltak når elevar strevar fagleg eller sosialt, og for å få bukt med stigande mobbetal og aukande ufrivillig skulefråvær.

Vi har sett forslag om å tvangsflytte elevar, opprette eigne skular for elevar med problematisk åtferd, og ønskjer om å endre kapittelet til opplæringslova 9a. Dette bryt med grunnleggjande prinsipp og rettar i norsk skule, og har inga støtte i forsking.

Tiltak mot vald i skulen må vere baserte på kunnskap for at dei skal treffe. For kven er desse elevane som utfører vald mot både medelevar og dei tilsette i skulen? Den største delen av vald i skulen blir utført av gutar på 1.-4. trinn, altså barn frå 6-10 år, viser ein rapport frå Osloskolen. Vald er uakseptabelt uansett alder, men alderen på desse elevane må gi føringar for val av tiltak.

Å setje elevar og lærarar sine rettar opp mot kvarandre er mildt sagt uheldig. Det er ei avsporing at retten elevane har til å ha det trygt og godt på skulen tek frå lærarane deira makt i klasserommet. Kapittel 9a i opplæringslova er viktig for elevar sin rett til å bli høyrd om sin eigen skulesituasjon. Det har ført til at mange skular og lærarar jobbar godt med å skape eit inkluderande skulemiljø. 9a er «arbeidsmiljøloven til elevane» og skal ikkje undergrave autoriteten til læraren i klasserommet – i så fall blir føresegna praktisert feil.

Uønskt åtferd er eit uttrykk for at noko er vanskeleg i eit barn sitt liv. Det kan vere manglande sosial eller fagleg meistring, eller utfordringar knytt til psykisk uhelse eller familiesituasjon. Tiltak som resulterer i endå større oppleving av utanforskap, er ikkje vegen å gå. Tvert imot må vi fange opp desse elevane tidleg og setje inn skreddarsydde tiltak for å hindre vidare skeivutvikling.

God klasseleiing er ein viktig premiss for å førebyggje uønskt åtferd hos elevar. For å setje lærarar i stand til å vere gode klasseleiarar, må dei ha rammer som gjer dette mogleg. Laget rundt eleven må ha rett kompetanse til å hjelpe lærarane i arbeidet med enkeltelevar.

For å førebyggje og handtere uønskt åtferd som vald og mobbing i skulen, må skuleleiarar og skuleeigarar sørgje for at skulen har kompetanse og kapasitet til å følgje opp elevar som treng ekstra tilsyn og rettleiing. Lærarane kan ikkje stå åleine i klasserommet og møte alle elevar. Ein god skule krev rett kompetanse, erfaring og fokus. Det må norske kommunar sikre.

Fagsjef Ivar Stokkereit, Barneombodet

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev