Retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag

Barneombodet er positiv til at det blir utarbeida nasjonale retningslinjer, og meiner desse kan bidra til at dei ulike utdanningsstadene gir opplæring i samsvar med felles nasjonale føringar.

Samtidig etterlyser vi at retningslinjene i større grad er forankra i regelverket.Lærarutdanningane er viktige for å utdanne gode lærarar som sørgjer for at rettane til elevane blir oppfylt. Skolen er ei verksemd som er sterkt regelstyrt, og då må også lærarane ha kompetanse om reglane som gjeld, og kjenne til konsekvensane for praksisen til den einskilde og skolen.

Vi tilrår at det blir gjort følgjande endringar i retningslinjene:

  • Menneskerettane, og særleg barnekonvensjonen og konvensjonen for rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, bør omtalast som eit gjennomgåande tema.
  • Regelverkskompetanse bør bli løfta fram meir heilskapleg.
  • Forventningar om at studenten skal ha kompetanse til å følgje opp barn og unge i vanskelege situasjonar må løftast tydelegare frem. Tilpassa opplæring og forholdet til spesialundervisning bør omtalast særskilt.
  • Elevanes skolemiljø bør omtalast nærmare og bli tydeleg forankra i opplæringslova

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer