Register over drap og vald med dødeleg utgang

Barneombodet stiller seg positiv til at det opprettast eit register slik departementet foreslår, under føresetnad om at omsynet til beskyttelse av personvernet er ivaretatt.

Barneombodet er skuffa over manglande fokus på drap av born. Ombodet meiner drap av born krev eit særleg fokus og bør behandlast som eit eige tema, på lik linje med partnerdrap.

Barneombodet er uroa for at vi i Noreg den siste tida har sett fleire born som drep. Bekymringa er særleg stor der desse borna har vore under offentleg omsorg. Vi meiner det bør gjerast undersøkingar for å finne ut meir om desse sakene.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer