Ny forskrift for ungdomsråd

Barn sin rett til medverknad er ein av dei viktigaste rettane i FNs barnekonvensjon. Difor er Barneombodet er nøgd med at det no kjem ei lovfesting av ungdomsmedverknad, og at ein får ei forskrift for ungdomsråd eller anna medverknadsordning for ungdom.

Barneombodet sine kommentarar til forskrifta kan kort summerast slik:

  • Departementet har ein for tynn analyse av barns særlege rettar og konsekvensen av dette for utforminga av forskrifta
  • Departementet bør sjå på løysingar for å kunne gje ungdomsråd delegert avgjerdsrett i enkelte saker.
  • Departementet bør gjere reglane for val mykje tydelegare og vurdere om ein bør ha eigne reglar for ungdomsråd
  • Departementet bør gjere det tydeleg kva som ligg i «høveleg sekretariatshjelp»
  • Departementet bør oppmoda til møte- og talerett for ungdomsråda.
  • Departementet bør gjere kommunenes ansvar for tidleg og tilpassa informasjon tydeleg i forskrifta.
  • Departementet bør sjå på lovfesting av ungdomsråd i kommunar og fylkeskommunar som ein start på ei nasjonal medverknadsordning.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev