Nasjonale retningslinjer for lektorutdanning for trinn 8-13

Barneombodet er positiv til at forskrifta om lektorutdanning blir presisert gjennom nasjonale retningslinjer.

Retningslinjene kan bidra til at dei ulike utdanningsstadene gir opplæring i samsvar med felles nasjonale føringar. Samtidig etterlyser vi at retningslinjene i større grad er forankra i regelverket.

Lærarutdanningane er viktige for å utdanne gode lærarar som sørgjer for at rettane til elevane blir oppfylt. Skolen er ei verksemd som er sterkt regelstyrt, og då må også lærarane ha kompetanse om reglane som gjeld, og kjenne til konsekvensane for praksisen til den einskilde og skolen.

Vi tilrår at det blir gjort følgjande endringar i retningslinjene:

  • Menneskerettane, og særleg barnekonvensjonen, bør omtalast som eit gjennomgåande og tverrfagleg tema.
  • Regelverkskompetanse bør vere eit gjennomgåande og tverrfagleg tema – det er ikkje nok at dette berre er knytt til pedagogikkdelen i profesjonsfaget.
  • Forventningar om at studenten skal ha kompetanse til å følgje opp barn og unge i vanskelege situasjonar må løftast tydelegare frem i retningslinjene.
  • Retningslinjene bør blir betre forankra i gjeldande regelverk.
  • Pedagogikk må vere ein tydeleg og prioritert del av profesjonsfaget.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer