Krav om dugleik i norsk og tilbod om alternativ og supplerande kommunikasjon i barnehagar

Vi har svart på høyring om endringar i barnehagelova om krav til dugleik i norsk, og barnehagetilbod til barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK).

Barnehagelova er viktig for at tilbodet i dei ulike barnehagane blir likeverdig. Eit kvalitativt godt barnehagetilbod med kompetente tilsette som forstår og blir forstått av barna har betydning for barna si trivsel, leik og læring.

Det er viktig at barn med særlege behov får den hjelpa dei treng tidleg. For at barna skal få den naudsynte hjelpa, må reguleringa i lova vere tydeleg.

Barneombodet sine hovudsynspunkt:

  • Vi støttar krava til dugleik i norsk som Kunnskapsdepartementet foreslår i høyringa.
  • Vi er opptekne av at barn med særskilde behov får god og tilpassa hjelp tidleg. For at barna skal få hjelpa dei har rett til, må det vere lovfesta tydelege krav i barnehagelova.
  • Barn heilt eller delvis utan funksjonell tale som treng å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon, bør ha ein individuell rett til dette. Kommunen må gjere enkeltvedtak om dette, og foreldra må ha moglegheit til å klage til fylkesmannen.
  • Vi støtter at spesialpedagogisk hjelp òg kan omfatte opplæring i bruk av ASK.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev