Inkluderande fellesskap for barn og unge

  • Barneombodet er einig i store delar av ekspertgruppa sine skildringar av dagens situasjon i norsk spesialundervisning.
  • Men vi er kritisk til analysen ekspertgruppa gjer av dagens situasjon. Vi meiner analysen i liten grad inneheld reelle drøftingar som er i tråd med det gruppa sjølv peikar på i kunnskapsgrunnlaget.
  • Barneombodet er positiv til nokre av forslaga som ekspertgruppa fremjar, men vi meiner desse kan gjennomførast utan å fjerne individuelle rettar.
  • Barneombodet er kritisk til forslaget om å fjerne retten til spesialundervisning, slik den er forankra i opplæringslova kapittel 5. Vi meiner at ekspertgruppa ikkje har vist at ei slik endring er nødvendig, eller til det beste for barn. Vi meiner at eit slikt forslag kan vere eit brot på barnekonvensjonen, blant anna fordi det manglar ei utgreiing av kva konsekvensar det vil få for barn.
  • Barneombodet ønskjer at tilpassa opplæring blir styrka, slik at flest mogleg får utbytte av den ordinære opplæringa. Det er nødvendig med kvalitetskrav til innhaldet og organiseringa, og å konkretisere plikta skulen har til å gi tilpassa opplæring.
  • Barneombodet ønskjer nasjonale retningslinjer for korleis spesialundervisninga skal planleggast, gjennomførast og evaluerast.
  • Barneombodet meiner at det må arbeidast for at det blir ein betre samanheng mellom spesialundervisning og ordinær opplæring.
  • Barneombodet ønskjer at elevar med rett til spesialundervisning får ein rett til å få opplæringa utført av kvalifisert personale.
  • Barneombodet meiner at spesialpedagogisk kompetanse må sterkare inn i lærarutdanninga enn det er i den nye masterutdanninga. Etter- og vidareutdanningstilboda til tilsette i barnehage og skule må utvidast.
  • Barneombodet ønskjer ein forenkla sakkunneprosess, utan å svekke rettssikkerheita til elevane.
  • Barneombodet ønskjer at dagens PP-tenesta blir styrka, både gjennom ein norm for bemanning og krav til kompetanse hos personale.
  • Barneombodet anbefaler at Kunnskapsdepartementet set i gang eit regionsbasert forsøks- og forskingsprosjekt over 4-5 år, som inneber et større endringsarbeid i fleire kommunar og nokre fylkeskommunar. Prosjektet må sjå på korleis ein kan utvikle ei inkluderande opplæring, der alle barn og elevar får riktig hjelp og eit forsvarleg utbytte i eit læringsfellesskap med andre elevar.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev