Høyringssvar - forslag til endringar i straffeprosesslova og straffelova (overprøving av saksstyrande avgjerder ved anke m.v.)

Våre kommentarar handlar om tre punkt i høyringsnotatet frå departementet: kapittel 4 og 5 om førehandsfastsetting av timar for bistands- og forsvarsadvokat, og kapittel 5 om unntak frå kravet om dobbel straffbarheit for vald i nære relasjonar og fridomsrøving.

Kapittel 4 og 5:

Førehandsfastsetting av timar for bistands- og forsvarsadvokat i nokre saker.

Barneombodet støttar ikkje forslaga med den generelle utforminga som lovforslaga har no. Vi meiner det manglar kartlegging av konsekvensane for barn og unge, og at det kan synast som Justis- og beredskapsdepartementet ikkje har vurdert dei særlege omsyna som gjeld for sårbare grupper som barn og unge.

Kapittel 6: Unntak frå kravet om dobbel straffbarheit ved mishandling i nære relasjonar og fridomsrøving.

Barneombodet støttar forslaget om å ta bort kravet om dobbel straffbarheit for mishandling i nære relasjonar og fridomsrøving.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer