Gjennomføring av straff ved utbrot av allment farleg smittsam sjukdom eller anna ekstraordinær og alvorleg hending

Vi har to merknadar til forslaga:

1. Besøk og mindreårige

Det er positivt at departementet understrekar viktigheita av å leggje best mogeleg til rette for kontakt mellom barn og foreldre i merknadane. Det er viktig at både mindreårige innsette og barn som pårørande til innsette vert tekne mest mogeleg omsyn til i slike høve. Vi ser at forslaget legg opp til at det skal bli gjort gode vurderingar av forholdsmessigheit når barn eventuelt skal bli nekta besøk, og det er viktig at dette vert gjort òg i praksis.

2. Å utelukke frå fellesskapet – mindreårige er særleg sårbare

Departementet foreslår ny § 45 c som skal gjelde å lukke ute frå fellesskapet når ein innsett blir pålagd isolasjon eller karantene, eller har symptom foreinleg med dette. Barneombodet ser at det kan vere behov for ein slik regel.

Likevel minner vi om at barn og unge er ei særleg sårbar gruppe, og at det er avgjerande at mindreårige ikkje vert isolerte frå jernaldrane meir enn heilt naudsynt. Terskelen for når det å lukke ute nokon frå fellesskapet er uforholdsmessig vil ikkje vere lik for barn og vaksne.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev