Årsrapport og årsrekneskap 2022

Les mer 
barneombudet: barn som knyter skoene

Melding frå leiaren

Som jurist og barneombod er eg opptatt av korleis barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen i praksis blir følgde opp av myndigheitene. Ein av dei viktigaste lærdommane vi har tatt med oss vidare i arbeidet vårt etter pandemien, er kor viktig det er at myndigheitene vurderer konsekvensane for barn før dei tar avgjerder og utformar politikk som gjeld barn, til dømes i lovarbeid og utvalsarbeid. Berre om dette er innarbeidd i det daglege arbeidet hos myndigheitene, kan ein få det til i framtidige kriser.

Vi har derfor i 2022 halde fram arbeidet for at myndigheitene skal ta i bruk barnerettsvurderingar. Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle avgjerder som har konsekvensar for barn. Det gjeld også på systemnivå. Vi har hatt dialog med sentrale departement og direktorat for at omsynet til det beste for barnet skal bli betre innarbeidd i utgreiingsarbeidet i staten. Dette blir eit viktig tema for meg resten av åremålet mitt.

Synspunkt frå barn er ein viktig del av kunnskapen når ein skal vurdere kva som er best for barn. Det gjeld også om saka gjeld barn som gruppe. Vi har bedt myndigheitene om å opprette eit kompetansesenter for medverknad som kan sikre kunnskap om metode, gi god rettleiing og samle eksisterande kunnskap frå barn og unge.

I september la vi fram rapporten «Hvem skal jeg snakke med nå?», ein rapport som skildrar utfordringar og suksessfaktorar når det gjeld psykisk helsehjelp til barn og unge i kommunane. Funna i rapporten viser at barn som slit med psykiske plager, ikkje har eit godt nok tilgjengeleg eller tilpassa helsetilbod i alle kommunar.

Sidan vi i 2020 la fram rapporten om tilbodet barn og unge får i barne- og ungdomspsykiatrien, har vi hatt stor merksemd på psykisk helse. Vi vil halde fram med det og er spente på korleis regjeringa vil følgje opp funna våre i den nye opptrappingsplanen for psykisk helse som er venta i 2023.

Vi er svært glade for at det no har blitt ei plikt for barnevernet å vise alle barn som blir tatt under offentleg omsorg, til ei tverrfagleg helsekartlegging. Dette er eit viktig bidrag til at barn som er i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, får betre tilrettelagd omsorg og hjelp. I 2022 sette vi i gang arbeidet med ein rapport om barn som bur i fosterheim, og vi har snakka med både barn, fosterforeldre og tilsette i barnevernet. Vi ser fram til rapporten, som skal vere ferdig våren 2023, og til å setje dette temaet på dagsordenen.

At fleire barn skal oppleve meistring i skulen, er eit prioritert område i strategien vår. Vi er mellom anna opptatt av at dei som står i fare for å få langvarig skulefråvær, får god hjelp og støtte, og at dei som treng det, får eit godt tilrettelagt utdanningstilbod. At spesialundervisninga ikkje er god nok, såg Barneombodet allereie i rapporten «Uten mål og mening» frå 2017. Dessverre er det framleis store utfordringar, og dette er noko eg vil ha stor merksemd på framover. Vi har store forventningar til den nye opplæringslova som kjem i 2023. Vi har òg sett i gang eit arbeid med «laget rundt barn» i skule og barnehage. Ei rekkje møte har gitt oss gode innspel, og vi vil komme med anbefalingar til myndigheitene om dette i år.

Barn og unge er ei attraktiv målgruppe for marknadsføring. Digitale medium har gitt nye moglegheiter, medan regelverket ikkje har halde tritt med den digitale utviklinga. Barn treng eit sterkt forbrukarvern, og saman med fleire andre aktørar tok vi i 2022 eit initiativ overfor myndigheitene om at regelverket må fornyast.

Den siste delen av åremålet mitt vil eg rette merksemd mot eit nytt område: barn som veks opp i fattige familiar. Vi har starta ein god dialog med Nav for at dei i større grad skal innarbeide barneperspektivet i arbeidet sitt. Dette meiner vi er viktig for at barn som veks opp i familiar med låg inntekt, skal få ein betre oppvekst.

Vi har hatt eit høgt aktivitetsnivå i 2022, med ei rekkje føredrag og møte med myndigheiter, organisasjonar og politikarar. Eit viktig verkemiddel for oss er òg å sende brev til myndigheitene og gi innspel til Stortinget. Vi får òg mange førespurnader frå utval og arbeidsgrupper som ønskjer innspel frå oss i arbeidet sitt. Dette er svært positivt – synspunkta våre blir alltid tatt godt imot, og anbefalingane våre blir tatt på alvor.

I 2022 hadde vi eit større internt arbeid med å gå igjennom alle dokumenta for verksemdsstyringa. Sjølv ein liten organisasjon som Barneombodet må oppfylle alle krav i lovverk og rettleiingar for statlege verksemder, på lik linje med dei store verksemdene. Vi har òg laga eit nytt introduksjonsprogram for nytilsette. Ombodsrolla krev gjerne at dei nytilsette må arbeide på ein annan måte enn dei har gjort før, og vi bruker derfor tid på å få alle nytilsette «om bord».

Sjølv om dei aller fleste barn i Noreg har ein god og trygg oppvekst, står utfordringane i kø for oss som arbeider med å gjere det betre for dei gruppene som treng det. Dette skal vi halde fram med i året som kjem.

Inga Bejer Engh, barneombod

Barneombud Inga Bejer Engh

Introduksjon til verksemda og hovudtal

Rolla til Barneombodet

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga av barns oppvekstvilkår.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om barns interesser, blir følgde, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ eller som høyringsinstans sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje barns rettstryggleik, og følgje med på om endringane er gode for dei.

Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka det er behov for.

Barneombodslova og forskrifta om instruks for barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Barneombodet er leidd av barneombod Inga Bejer Engh, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda. I 2022 var det 19 tilsette i Barneombodet – 18 i faste stillingar og ein vikar for ein tilsett i permisjon. I tillegg har vi ein student i 20 prosent stilling i fagavdelinga. Stillingane fordeler seg på tre einingar: fag, kommunikasjon og administrasjon.

Barneombodet har valt fire satsingsområde som vi skal prioritere i perioden 2022–2024, og kvart område har fleire hovudmål. Dette er dei fire satsingsområda vi skal jobbe med:

  1. Gode oppvekstmiljø for barn og unge
  2. Gode hjelpetenester til barn som treng det
  3. Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester
  4. At myndigheitene tar ansvar for å oppfylle, respektere og verne barns rettar

Nøkkeltal 2022

I 2022 registrerte Barneombodet 1 611 inngåande og 1 153 utgåande dokument. Omtrent halvparten av dokumenta er spørsmål frå privatpersonar og svar på dei, der vi rettleier om barnerettane og høve til å klage.

Talet på inngåande og utgåande dokument totalt

  • 2018: 5597
  • 2019: 3985
  • 2020: 3384
  • 2021: 2691
  • 2022: 2764

Barneombodet leverte ni svar på offentlege høyringar i 2022. Blant dei mest omfattande var høyringane om mellombels endringar i lovverket som følgje av innkomst av fordrivne frå Ukraina, ny barnevernsforskrift og den andre rapporten frå Koronakommisjonen. Barneombodet sende fleire brev til offentlege myndigheiter der vi adresserte barns rettstryggleik på ulike område. Vi sende også fleire innspel til offentlege utval og til ulike komitear på Stortinget. Alle høyringssvar, brev og innspel til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene våre. Barneombodet heldt 59 føredrag i 2022.

I 2022 fullførte Barneombodet eit prosjekt der vi fekk direkte informasjon frå barn og unge. Tema for rapporten var det kommunale psykiske helsetilbodet til barn og unge. I arbeidet med rapporten hadde vi samtalar med 17 ungdommar frå heile landet som mottok eller hadde mottatt psykisk helsehjelp frå kommunen. I tillegg bygde rapporten på samtalar med foreldre og kommunalt tilsette. Vi starta også opp eit prosjekt om barn som bur i fosterheim. Denne rapporten skal lanserast i 2023. Ombodet har dessutan starta opp arbeidet med å rapportere til FNs komité for barns rettar. Dette arbeidet held fram i 2023.

Barneombodet brukte ikkje innsynsretten i 2022.

Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 23 846 000 kroner i 2022, sjå note A.

Av dei løyvde midlane blei 95 prosent brukt i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 1 151 000 kroner til 2022. Sjå utrekningar i note B.

Barneombodet har brukt 423 447 kroner til investeringar i 2022. Dei største investeringane gjaldt innkjøp av digitalt utstyr, som mobiltelefonar og PC-ar, og inventar. Lønnskostnadene var på 16 631 543 kroner i 2022 (note 2). Lønnskostnadene utgjorde 75 prosent av driftsrekneskapen. Gjennomsnittleg lønnskostnad per årsverk var 999 492 kroner, inkludert arbeidsgivaravgift og pensjonskostnader. I denne utrekninga har vi brukt utførte årsverk.

Aktivitetar og resultat i 2022

Resultatmåla for 2022 følgjer den treårige strategien for Barneombodet for 2022–2024.

Arbeidsmetodane til Barneombodet kan delast i fire: overvaking, opplæring, påverknad og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for barnerettane. I slike prosessar bruker vi mellom anna innsynsretten og medverknad frå barn. Dette dannar grunnlaget for fagrapportane våre, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter. Vi arbeider aktivt for å få gjennomslag for anbefalingane gjennom ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet vårt er retta mot enkeltpersonar som tar kontakt, både vaksne og barn.

Resultat 2022

Resultatmål

Barneombodet har fire satsingsområde i strategien for 2022–2024. Her omtaler vi kort resultata for 2022 innanfor dei fire områda.

Gode oppvekstmiljø for barn og unge
I tråd med strategien har Barneombodet arbeidd for at fleire barn skal oppleve meistring og inkludering i skulen. På Lucy Smith-arrangementet i 2022 var temaet retten til utdanning. Under arrangementet blei barns rett til utdanning løfta fram, i tillegg til kva skulen betyr for barns generelle utvikling og psykiske helse.

Barneombodet arrangerte i 2022, i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet, eit rundbordsmøte om universell utforming av læremiddel. Fråvær av universelt utforma læremiddel hindrar inkludering og bidreg til at elevar står i fare for å miste viktig læring.

Barneombodet arbeider vidare med satsingsområdet trygg digital kvardag, der vi har hatt stor merksemd på styrking av barns forbrukarvern i sosiale medium og på internett.

I ei tid med auka utgifter og fleire familiar som må søkje om økonomisk stønad, har Barneombodet etablert ein dialog med Nav for å sjå på korleis direktoratet kan rettleie dei kommunale Nav-kontora slik at dei kan innarbeide barneperspektivet i saksbehandlinga.

Gode hjelpetenester til barn som treng det
Barneombodet lanserte hausten 2022 rapporten «Hvem skal jeg snakke med nå?», ein rapport om det psykiske helsetilbodet til barn og unge i kommunane. Under lanseringa deltok mellom andre helseminister Ingvild Kjerkol. Rapporten er bygd på samtalar med barn og unge som mottar psykisk helsehjelp frå kommunen, og med kommunale saksbehandlarar og leiarar. Saman med rapporten «Jeg skulle hatt BUP i en koffert» frå 2020 dannar anbefalingane i rapporten eit bakteppe for Barneombodets innspel på området psykisk helsehjelp til barn og unge.

I 2022 har Barneombodet halde fram arbeidet for å få betre ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. Vi har gjennom året sendt innspel til både kommunale og nasjonale myndigheiter om korleis ein kan sikre betre gjennomføring av straffereaksjonar overfor ungdom.

Barneombodet har hatt stor merksemd på barnevernet òg i 2022. Dei siste åra er det sett i gang store politiske prosessar på barnevernsområdet. Gjennom året hadde Barneombodet mellom anna fleire møte med ulike utval som er sette ned for å greie ut situasjonen på barnevernsfeltet.

I 2022 vedtok Stortinget å lovfeste ei plikt for barnevernet til å vise alle barn som blir tatt under offentleg omsorg, til ei tverrfagleg helsekartlegging. Dette kom i stand etter eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet. Barneombodet har vore ein pådrivar for å få dette på plass og er svært fornøgd med endringa.

Godt samarbeid rundt barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester
Barneombodet inviterte hausten 2022 ulike fagforeiningar og organisasjonar til innspelsmøte for å diskutere temaet «laget rundt barn og unge». Føremålet med desse møta var å få betre innsikt i og forståing for kva som skal til for at barn og unge skal få den hjelpa dei treng.

Det Barneombodet særleg ønskte å få større innsikt i, var kva behov barn og unge har, kva kompetanse dei treng rundt seg i barnehage og skule, og kva som skal til for at skular og barnehagar skal ha eit sterkt og tverrfagleg lag rundt barna.

Myndigheitene tar ansvar for å oppfylle, respektere og verne barn sine rettar
Det er grunnlovfesta at det beste for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle avgjerder som har følgjer for barn. Både offentlege myndigheiter, fylke og kommunar har plikt til å vurdere dette, ikkje berre i enkeltsaker, men også på systemnivå. Barneombodet har i 2022 påpeika overfor myndigheitene at dei har eit ansvar for at det beste for barnet blir greidd ut før det blir tatt avgjerder og gjort vedtak på systemnivå, som har direkte eller indirekte konsekvensar for barn. Ei slik strukturert vurdering av kva som er det beste for barnet i saker som har følgjer for barn generelt, blir kalla ei barnerettsvurdering.

Barneombodet har i 2022 tatt initiativ overfor Finansdepartementet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring for å sikre ei betre konsekvensvurdering av barns rettar ved statlege tiltak, ved å innarbeide omsynet til kva som er det beste for barnet, i den generelle rettleiinga til Utgreiingsinstruksen. Dette initiativet var ei oppfølging av dialogen Barneombodet allereie hadde med Barne- og familiedepartementet om dette temaet.

Barneombodet har i 2022 påpeika overfor både Stortinget og regjeringa korleis både FNs barnekonvensjon og Grunnlova pålegg staten ei plikt til å vurdere korleis konsekvensane av klimaendringane påverkar barn og unge. I all politikkutforming og i alle politiske vedtak som har klimakonsekvensar, må derfor omsynet til det beste for barnet vurderast. Barneombodet har i løpet av året hatt eit møte med klima- og miljøminister Espen Barth Eide for å fremje dette synspunktet. Det har også vore oppfølgingsmøte med departementet. For å setje dette på dagsordenen i sivilsamfunnet arrangerte vi i samarbeid med mellom andre Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) eit rundebordsmøte med ulike klimaorganisasjonar.

Kommunikasjonsarbeid

Barneombodet har innpassa kommunikasjonsarbeidet godt i verksemda, og kommunikasjon er ein del av den nye strategien. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.

Medieomtale
Barneombodet hadde i 2022 ein konkurranse om ein ny avtale for ei teneste for medieovervaking. Det blei inngått ein avtale med Infomedia. I 2022 var vi nemnde i nærmare 1 300 saker i pressa. Fagområda der Barneombodet var mest omtalt, var knytte til lærarstreiken, psykisk helse, domstolsreforma og barnevern. Barneombodet hadde 20 kronikkar og debattinnlegg på trykk om ulike tema i aviser, noko som var ein stor auke frå 2021.

Talet på mediesaker

  • 2018: 1145
  • 2019: 976
  • 2020: 1381
  • 2021: 1581
  • 2022: 1267

Nyheitsbrev
Barneombodet sende i 2022 ut 17 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har auka til

4 330 personar. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet aukar jamt, og vi såg ein stor vekst etter at vi i 2021 oppretta eit pop-up-vindauge for registrering på nyheitsbrevet for dei som er inne på nettsidene våre.

Sosiale medium
Ved inngangen til 2023 hadde Barneombodet 33 500 følgjarar på Facebook. Vi har 16 100 følgjarar på Twitter, og på Instagram har vi over 5 050. LinkedIn er ei plattform vi tok i bruk i fjor, og der har vi no i overkant av 2 000 følgjarar. Talet på følgjarar i våre digitale kanalar aukar jamleg, med unntak av Twitter, som i år har ein nedgang på 300 følgjarar. Barneombodet satsar no i hovudsak på Facebook og LinkedIn som kanalar.

Nettsider
I 2022 hadde Barneombodet over 320 000 sidevisingar på nettsidene sine. Det er ein auke på over 21 000 visingar samanlikna med 2021. I 2022 hadde vi 85 400 brukarar frå organiske søk (til dømes Google), noko som er ein auke på 11 prosent. Brukarar som kjem inn på nettsidene våre direkte, via sosiale medium eller andre som viser til oss, har i gjennomsnitt auka med 11 prosent.

Sidene om rettane til barn og unge («Dine rettigheter») er dei mest lesne på nettsidene våre. Temasidene om kriminalitet og straff, nett, sosiale medium, fritid og skule er dei mest populære. I tillegg er sida om FNs barnekonvensjon mykje besøkt.

Arrangement
I 2022 hadde Barneombodet eit arrangement på Kulturhuset i Oslo der vi lanserte rapporten «Hvem skal jeg snakke med nå?» om det psykiske helsetilbodet til barn og unge i kommunane. Arrangementet var fullteikna, og helseminister Ingvild Kjerkol tok imot rapporten.

Barneombodet arrangerte i november for niande gong Lucy Smiths barnerettsdag, eit arrangement vi har i samarbeid med Universitetet i Oslo. Tema var barns rett til utdanning. Frå regjeringa heldt kunnskapsminister Tonje Brenna ei innleiing, og arrangementet var fullteikna.

I tillegg arrangerte vi eit rundebordsmøte om universell utforming av læremiddel saman med Likestillings- og diskrimineringsombodet og eit større innspelsmøte om barns rettar på klimaområdet, saman med mellom andre Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), på Klimahuset i Oslo.

Språk- og mållovsarbeid

Barneombodet har framleis høgt medvit rundt bruken av nynorsk. I 2022 har vi rapportert inn til Språkrådet at vi har gjennomsnittleg 12 prosent nynorsk i sosiale medium. Vi har i ettertid kontrollert og korrigert tala, og nye tal viser eit gjennomsnitt på 22,4 prosent. Då årsrapporten blei skriven, hadde vi enno ikkje fått tilbakemelding frå Språkrådet på dei andre tekstane.

Alle nytilsette skal ta kurs i nynorsk på nettsidene til DFØ.

Barneombodet har eit ønske om å bruke eit klart og godt språk både munnleg og skriftleg, og har derfor jamlege kurs i dette. I 2022 hadde vi eit heildagskurs i det å skrive gode notat og brev og eit heildagskurs i det å skrive gode kronikkar. Vi hadde også eit kurs i presentasjonsteknikk – det å lage og halde gode presentasjonar.

Styring og kontroll i verksemda

Barneombodet er den øvste leiaren for verksemda og har ansvaret for at verksemda blir driven forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombud og i instruksen for Barneombodet. I tillegg gjeld tildelingsbreva frå Barne- og familiedepartementet og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Det er fastsett ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.

Barneombodet nyttar mål- og resultatstyring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker mellom anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.

I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om i 2022. Desse rapporteringskrava er tatt til følgje og blir omtalte nedanfor.

Fellesføringar frå regjeringa

Konsulentbruk

Barneombodet bruker i hovudsak interne ressursar og kompetanse i arbeidet og har svært lite utgifter til konsulenttenester. I 2022 hadde vi om lag 20 000 kroner i utgifter til utvikling av programvare og IKT-løysingar. I tillegg kjøpte vi tenester frå kommunikasjonsbransjen for 15 000 kroner. Dette gjaldt oppgåver vi ikkje har kompetanse på sjølve.

Lærlingar

Barneombodet er ei lita verksemd og har ikkje hatt kapasitet til å ta imot lærlingar i 2022. Vi har derimot to juss-studentar som har skriveplass ved kontoret. Vi har også vurdert om vi kan gi skriveplass til studentar som studerer andre fag enn juss.

Digitalisering og digital tryggleik

Digitaliseringsprosjekt

Barneombodet held fram med å etterleve krava og føringane for digitalisering i offentleg sektor. Vi har ikkje hatt digitaliseringsprosjekt i 2022.

Deling og gjenbruk av eigne data

Barneombodet har god oversikt over deling og gjenbruk av eigne data. Vi behandlar i hovudsak data i lukka system som Public 360 og DFØ-systema og på serverar som er lagra hos Intility. Det er laga ei fullstendig oversikt over desse systema i samband med styringssystemet for informasjonstryggleik. Barneombodet deler ikkje data med andre, men bruker eigne data internt.

Digital tryggleik

Med hjelp av styringssystemet for informasjonstryggleik held Barneombodet fram arbeidet frå 2022 med å følgje opp den nasjonale strategien for digital tryggleik og NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.

Samfunnstryggleik og beredskap

Barneombodet oppdaterer ROS-analysane sine årleg og går igjennom dei fire gonger i året. Vurderingane av risiko i 2022 viste ikkje eit kritisk bilde.

Etter koronapandemien har Barneombodet hatt auka merksemd på kriseberedskap og tryggleik, mellom anna digital tryggleik. I 2022 oppdaterte vi beredskapsplanen, og det blei gjennomført ei beredskapsøving i desember. Alle tilsette har gjennomgått eit brannvernkurs. I årshjulet er beredskap sett opp som fast tema når det gjeld styring av verksemda, og er noko vi skal ha jamleg merksemd på framover.

Tiltak for effektivisering

Eit av satsingsområda i den nye strategien handlar om Barneombodet som organisasjon. I 2022 har vi hatt stor merksemd på delmålet meir effektive arbeidsprosessar, mellom anna gjennom å bruke Teams i større grad til webinar, kurs og møte. I 2022 gjekk vi òg igjennom dei interne rutinane våre, spesielt for ulike arbeidsprosessar, for å sikre at dei var mest mogleg effektive.

Andre rapporteringskrav

Inkluderande arbeidsliv (IA) og arbeidsmiljø

I 2022 var det totale sjukefråværet på 4,3 prosent. Av dette var det eigenmelde sjukefråværet på 1,8 prosent og det sjukmelde fråværet på 2,5 prosent. Det var ein nedgang i det totale sjukefråværet på 14 prosent, med ein sjukefråværsprosent på 5 % i 2021. I det eigenmelde fråværet var det ein oppgang på 27,8 % i 2022, frå 1,3 til 1,8 %. Det sjukemelde fråværet gjekk ned med 32,4 % frå 2021, da det var på 3,7 %. Vi ser ikkje på sjukefråværet som for høgt, men følgjer det tett opp gjennom året. Det er dei enkelte leiarane som har ansvaret for å følgje opp dei sjukmelde i avdelingane. Barneombodet legg vekt på å leggje til rette for at medarbeidarane kan vere i arbeid og også komme raskt tilbake etter sjukdom.

Barneombodet er opptatt av å ta hand om det psykososiale arbeidsmiljøet og redusere sjukefråværet. Vi har årlege vernerundar og legg vekt på det førebyggjande HMS-arbeidet. Barneombodet har valt å halde fram med ordninga der dei tilsette har tilbod om ein time trening i arbeidstida per veke. I 2022 hadde vi ein gjennomgang av kontorarbeidsplassane med ein ergoterapeut. Ergoterapeuten hadde også ein gjennomgang av øvingar dei tilsette kan gjere sjølve i løpet av arbeidsdagen.

Aktivitets- og utgreiingsplikta

Barneombodet har som offentleg verksemd ei konkret aktivitets- og utgreiingsplikt for arbeidet med likestilling og diskriminering. Arbeidet med dette skjer i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året.

Vi arbeider aktivt for å fremje likestilling og mangfald når vi rekrutterer nye medarbeidarar. 10 prosent av dei tilsette hos Barneombodet har ikkje-vestleg bakgrunn.

I 2022 hadde Barneombodet 19 tilsette, av dei fire menn. Vi har halde fram arbeidet for å få ein betre kjønnsbalanse og tilsette i 2022 ein ny mannleg fagsjef som tiltredde stillinga 1.1.2023.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn. Vi har jobba aktivt for å få eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som opprettheld likeverd mellom kjønna.

Barneombodet har ein kompetanseutviklingsplan som vi reviderer kvart år, og utviklingsmoglegheiter for den enkelte tilsette er eit fast punkt på dei årlege medarbeidarsamtalane.

Tilsette hos Barneombodet har høve til å jobbe på heimekontor ein dag i veka, men kan få fleire dagar ved behov. Det er generelt ein god balanse mellom arbeid og fritid hos Barneombodet.

Vesentlege forhold for styring og kontroll av verksemda

Barneombodet har ikkje gjort store endringar når det gjeld styring og kontroll av verksemda i 2022. Det er heller ikkje avdekt styringssvikt, feil eller manglar.

Revisjon

Riksrevisjonen reviderte årsrekneskapen vår for 2021 i byrjinga av 2022. Dei hadde ingen merknader.

Klima- og miljøtiltak

Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar medarbeidarane til å velje det mest miljøvennlege alternativet når dei reiser, mellom anna å ta tog i staden for fly der det er føremålstenleg.

I tillegg held Barneombodet fram med å digitalisere verksemda, mellom anna ved å publisere rapportar i hovudsak i digital form.

Framtidsutsikter

På nyåret i 2022 la Barneombodet fram ein ny strategi for 2022–2024. I strategien er mange av fagområda i den førre strategien førte vidare, men det er endra noko på prioritering og lagt til nokre nye område vi skal arbeide med dei neste åra.

For organisasjonen er det ei stor endring at vi har utvida strategien til å gjelde heile organisasjonen, ikkje berre barnefaglege mål. No er både kommunikasjons- og administrasjonsarbeid inkludert, og vi har fått til eit meir heilskapleg arbeid, både i strategi og i ein felles verksemdsplan. Barneombodet vil arbeide med å utvikle verksemdsstyringa vidare. Mellom anna skal vi over på eit nytt fakturasystem, noko som er viktig for å effektivisere og forbetre bruken av data frå fakturasystemet.

I 2023 er det 20 år sidan FNs barnekonvensjon blei inkorporert i norsk lov, men det er framleis ein del som står att før norsk praksis er i samsvar med konvensjonen. Barneombodet ser eit stort behov for å overvake korleis myndigheitene følgjer opp barnerettane etter Grunnlova og barnekonvensjonen i praksis. Ein viktig del av dette er behovet for meir kunnskap om barnerettane hos statlege myndigheiter, både i departement, direktorat og hos statsforvaltaren, og i kommunane.

Myndigheitene må i større grad gjere gode vurderingar av det beste for barnet på systemnivå når dei skal utforme politikk, vedta lover eller ta andre avgjerder som har direkte eller indirekte betydning for barn. Dette vil vere ei viktig sak for oss framover, og vi vil arbeide med å få relevante departement og direktorat til å ta tak i det. Barneombodet vil òg starte eit arbeid med å utvikle eit digitalt verktøy for å synleggjere korleis myndigheitene kan gjere gode vurderingar av kva som er det beste for barnet på systemnivå. Barneombodet er opptatt av at myndigheitene også tar eit større ansvar for barns rett til medverknad og for kvaliteten på dette arbeidet, da dette er ein viktig del av ein barnerettighetsvurdering.

Vidare ser vi fram til dei viktige utgreiingane som kjem på barnevernsfeltet i år. Dei vil vere med på å definere både kva som bør skje for å sikre betre tenester for dei barna som treng det, og for å sikre at vi har dei omsorgsformene som barna har behov for.

Vi vil i 2023 gå igjennom rutinane våre for medverknad, oppdatere medverknadshandboka og vurdere eigne metodar.

Barneombodet er ei kunnskapsverksemd, og det er viktig at vi utviklar vidare kompetansen på alle område i verksemda. Vi deltar i fleire nettverk, både på kommunikasjons-, fag- og administrasjonssida, med andre offentlege organ. Dette er viktig både for å dele og for å utveksle kompetanse. I 2023 skal vi utvikle ein ny kompetanseplan som skal sikre at vi er godt rusta for å overvake og vere ein pådrivar for barns rettar også i framtida.

Årsrekneskap

Barneombodet er ei brutto-budsjettert verksemd som fører rekneskap etter kontantprinsippet for statlege verksemder.

Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet. Årsrekneskapen gir eit dekkjande bilde av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. All vesentleg informasjon går fram av årsrekneskapen.

Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.

Kommentarar til årsrekneskapen

Barneombodet fekk i 2022 ei samla tildeling på kapittel 0848 på kr 23 846 000. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B. Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var kr 1 240 338. Vi har søkt om å få overført maksbeløpet kr 1 151 000 til 2023. Vi viser til utrekningane i note B.

Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2022. Artskontorapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman kr 22 182 215 i 2022. Tilsvarande tal for 2021 var kr 22 161 311.

Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde kr 16 631 543 i 2022, mot kr 16 908 349 i 2021. Lønnsdelen av dei rekneskapsførte utbetalingane utgjer 73,5 prosent i 2022, mot 73,3 prosent i 2021 – trass i at det har vore ein auke i lønningane, og at den totale rekneskapen for 2021 blei nesten ein halv million høgare enn i 2022. Dette er avspegla i utbetalingane til investeringar, som var nesten ein halv million høgare i 2021 enn i 2022. Årsaka til nedgangen i lønnsdelen er refusjonar for sjukefråvær og foreldrepengar og vakansar i stillingar. Sjå også utførte årsverk.

Talet på utførte årsverk er 16,64 årsverk i 2022, mot 17,59 i 2021. Dei bokførte kostnadene til investeringar var på kr 423 447. Mellomverande med statskassa var kr 1 168 404.

Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato og kjem i løpet av 2. kvartal 2023.

Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart han er offentleg.

Prinsippnote til årsrekneskapen 2022

Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og lagd fram etter nærmare retningslinjer fastsette i føresegnene om økonomistyring i staten (“bestemmelsene”). Årsrekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av desember 2022 og eventuelle tilleggskrav fastsette av det overordna departementet.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:

  1. Rekneskapen følgjer kalenderåret.
  2. Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
  3. Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
  4. Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.

Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja “Netto rapportert til bevilgningsregnskapet” er lik i begge oppstillingane.

Barneombodet er knytt til statens konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med krava i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Saldoen på den enkelte oppgjerskontoen blir nullstilt ved overgangen til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser verdiane Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen.

Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som vi har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som vi har fullmakt til å disponere. Kolonnen for samla tildeling viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post).

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og står derfor ikkje som inntekt i oppstillinga.

Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapportering med notar viser rekneskapstal som er rapporterte til statsrekneskapen. I tillegg viser noten til artskontorapporteringa «Sammenheng mellom avregning med statskassen og mellomværende med statskassen» bokførte tal frå vår kontospesifikasjon i kolonnen «Spesifisering av bokført avregning med statskassen». Noten viser forskjellen mellom beløp Barneombodet har bokført på eigedels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen vår (under dette saldo på kunde- og leverandørreskontro), og beløp vi har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomverande med statskassa.

Barneombodet har innretta bokføringa slik at ho følgjer krava i føresegnene om økonomistyring i staten. Det inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjonar pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokførte. Føresegnene krev mellom anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Det medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokførte i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapporterte til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen.

Last ned PDF

Last ned Årsrapport og årsrekneskap 2022 (pdf, 1001.02 kb)

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev