Barneombudets

Årsrapport og årsrekneskap 2020

Les mer 
Barneombudet: barn tar bilde

«Rolla vår som overvakar av barnekonvensjonen har vore svært viktig under pandemien. Staten si plikt til å oppfylle, respektere og beskytte barn sine rettar etter barnekonvensjonen gjeld også i krisetid.»

Barneombud Inga Bejer Engh

Melding frå leiaren

Barneombodet har i 2020 brukt mykje tid på å følgje med på korleis myndigheitene har handtert barns rettar i Grunnlova og FNs barnekonvensjon under koronapandemien.

Vi har følgt tett med på situasjonen for barn og unge, og er framleis uroa for om rettane deira blir oppfylte. Spesielt har vi følgt med på situasjonen for dei særskilt sårbare barna. Barn og unge har bore ei tung byrde under pandemien, og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for mange av dei. Dei langsiktige konsekvensane for unges psykiske helse, sosiale utvikling og læringsutbytte er mellom anna noko eg vil følgje tett med på vidare.

Rolla vår som overvakar av barnekonvensjonen har etter mitt syn vore svært viktig under pandemien. Staten si plikt til å oppfylle, respektere og verne om barns rettar etter barnekonvensjonen gjeld også i krisetid. Om myndigheitene gjer inngrep i rettane, må det vere forholdsmessig, det vil seie at tiltaka må vurderast opp mot kor store konsekvensar dei har, og ikkje vere meir inngripande enn det som til kvar tid er nødvendig.

Vi har forventningar til at Koronakommisjonen i evalueringa ser på korleis myndigheitene har vurdert konsekvensane av ulike tiltak opp mot barns rettar før dei vart vedtatt, og korleis tiltaka faktisk har verka på rettane deira.

Sjølv om vi har hatt stor merksemd på oppgåver knytte til pandemien, har vi arbeidd aktivt for å få gjennomslag for endringar som er til det beste for barn, på ei rekkje andre område.

Psykisk helse for barn og unge blei i 2020 eit stort tema både i den offentlege debatten og hos Barneombodet. I september la vi fram ein rapport om tilbodet barn og unge får i barne- og ungdomspsykiatrien. Funna i rapporten viste at barn og unge i dag ikkje får det tilbodet dei har rett på, og dette er difor eit tema vi vil ha stor merksemd på vidare.

Det har vore retta stor merksemd mot det norske barnevernet også i 2020. Vi fortsette å arbeide for at dei tilsette i barnevernet skal få auka kompetanse. Vi arbeider vidare for å få lovfesta ein rett for barn til å få kartlagt si eiga helse ved omsorgsovertakingar. I januar i 2020 la Barneombodet fram ein rapport om barn som bur i barnevernsinstitusjonar. Dette er barn som er i ein svært sårbar situasjon, og funna våre viser at desse barna har stor risiko for å oppleve at rettane deira blir brotne. Vi vil arbeide vidare for å få gjennomslag for anbefalingane våre.

I februar i 2020 arrangerte Barneombodet eit høgnivåmøte der heile 35 organisasjonar forplikta seg til å arbeide for å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Vi planlegg eit nytt møte i år for å følgje opp arbeidet. Vi er glade for at regjeringa no har varsla ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst, og vi vil følgje med på om dette blir eit grundig og kunnskapsbasert arbeid.

Det følgjer av artikkel 4 i barnekonvensjonen at staten skal ha ulike strategiar for å implementere konvensjonen i praksis. Eitt av verkemidla for å oppnå dette er at myndigheitene gjennomfører barnerettsvurderingar når det blir sett i gang lovarbeid, planarbeid eller liknande. Vi opplever i dag at myndigheitene i liten grad tar barns rettar med i avgjerdsgrunnlaget når dei utformar politikk som gjeld barn. Dette vart svært synleg under koronapandemien. Barneombodet skal difor arbeide vidare med barnerettsvurderingar. Dei europeiske barneomboda utvikla i 2020 eit felles rammeverk for dette. Vi vil ta initiativ til at myndigheitene skal begynne arbeidet med å få implementert barnerettsvurderingar i Noreg.

Vi ønskjer at det skal vere lett å finne informasjon om kva Barneombodet meiner. I 2020 lanserte vi ein ny nettstad, ny logo og ein moderne visuell profil. Nettstaden skal vere ein viktig stad for å finne informasjon om barns rettar og barnekonvensjonen, for både barn og vaksne. Sjølv om vi ikkje behandlar enkeltsaker, legg vi stor vekt på å hjelpe og rettleie alle som kontaktar oss. Mange spør om barns rettar og om klagemoglegheiter, og i fjor svarte vi på over 1 800 slike førespurnader.

Allereie i 2019 hadde vi innført Teams som arbeidsverktøy, og eg er glad for at vi fekk gjennomført god opplæring av dei tilsette før vi blei sende på heimekontor i mars 2020. Det gjorde at vi raskt kom i gang heime og kunne fortsetje arbeidet vårt. Gjennom året har vi styrkt kompetansen vår på å gjennomføre digitale arrangement og gjort oss nyttige erfaringar.

Trass i at vi måtte over på det digitale i 2020, har eg gjennom året halde ei rekkje foredrag og hatt møte med mange organisasjonar og politikarar. Eg opplever at vi har ein velfungerande organisasjon med eit svært høgt aktivitetsnivå, sjølv om vi er eit lite kontor. Rapportane våre blir tatt godt imot, og eg opplever at relevante myndigheiter tar anbefalingane våre på alvor.

Eg ser fram til eit nytt år med spennande utfordringar og problemstillingar å ta tak i. Barneombodet har mellom anna på gang eit prosjekt om betre tverrfagleg samarbeid for barn og unge. Laget rundt barnet er viktig og noko vi vil sjå nærmare på. Til hausten vil eg komme med ein oppdatert strategi for dei siste tre åra mine som barneombod.

Barneombud Inga Bejer Engh
Barneombudet: mor som bærer barnet

Introduksjon av verksemda og hovudtal

Rolla til barneombodet

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for rettane til barn. Barneombodet har som oppgåve å fremje interessene til barna overfor det offentlege og det private, og skal følgje med i utviklinga av oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barn, blir følgde, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar. Barneombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barn, og følgje med på om endringane er gode for dei.

Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Barneombodet skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om rettane til barna og tiltaka dei har behov for.

Barneombodslova og forskrifta om instruks for barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Barneombodet er leidd av barneombod Inga Bejer Engh, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda. I 2020 var det 20 tilsette i Barneombodet, 19 i faste stillingar, ein vikar og ein student i 20 prosent stilling. Stillingane fordeler seg på tre einingar: fag, kommunikasjon og administrasjon.

Barneombodet har valt fire satsingsområde som vi skal prioritere i perioden 2019–2021, og kvart område har fleire hovudmål. Dette er dei fire satsingsområda vi skal jobbe med:

  1. å førebyggje utanforskap blant barn og unge
  2. å tilby best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge
  3. å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet
  4. å sørgje for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

Barneombodet har eit breitt mandat. I tillegg til dei fire satsingsområda for perioden følgjer Barneombodet også andre viktige prosessar tett. Det gjeld spesielt arbeidet med vald mot barn, eit trygt skolemiljø og implementering av barnekonvensjonen.

Hovudsatsinger 2019-2021

  • Arbeide for å førebyggje utanforskap blant barn og unge
  • Arbeide for best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge
  • Arbeide for å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet
  • Arbeide for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

Nøkkeltal 2020

I 2020 fekk Barneombodet 1 882 førespurnader og gav 1 502 svar til privatpersonar, der ombodet rettleidde om rettane til barna og moglegheiter til å klage. Det kom 621 telefonførespurnader til Barneombodet i 2020.

Talet på dokument hos Barneombodet:

  • 2014: 4553
  • 2015: 5108
  • 2016: 5685
  • 2017: 5978
  • 2018: 5597
  • 2019: 3985
  • 2020: 3384

I samband med prosjekta i 2020 bad Barneombodet om innsyn i fire saker. To av desse var relatert til koronasituasjonen.

Barneombodet leverte 43 svar på offentlege høyringar. Blant dei mest omfattande var høyringane om ny opplæringslov, kompetanse i barnevernet, rusreform og ny domstolsstruktur. Barneombodet sende 16 brev til offentlege myndigheiter der vi adresserte rettstryggleiken til barn på ulike område. Det blei også sendt fleire innspel til utval og ulike komitear på Stortinget. I 2020 har mange av våre innspel og høyringar handla om koronasituasjonen og barn sine rettar. Alle høyringssvara, breva og innspela til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene til Barneombodet. Barneombodet heldt 48 føredrag i 2020.

I 2020 fullførte Barneombodet eit prosjekt om barn som får hjelp i barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP) og eit prosjekt om barn på barneverninstitusjon. I februar i 2020 vart det arrangert høgnivåmøte om trygg digital kvardag for barn og unge, der 35 ulike organisasjonar forplikta seg til å arbeide for å sikre barn ein tryggare digital kvardag. Barneombodet lanserte også nye nettsider og ny visuell profil i 2020.

Spør Barneombodet var spørjetenesta til ombodet for barn om rettane deira. Tenesta blei lagt ned i 2020 i samband med ny nettside. Årsaka til at vi la ned denne tenesta er at vi er bekymra for det store talet på spørjetenester til barn, som er av ulike kvalitet. Barneombodet ønskjer å bidra til å samle spørjetenestane til barn og unge slik at det er enklast mogleg for dei å finne fram til god informasjon. Ung.no er i dag den tenesta som er best kjend og som vi tenkjer kan ivareta dette behovet best mogleg.

Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 23 554 000 kroner i 2020.

Av dei løyvde midlane blei 94 prosent brukt i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 1 045 428 kroner til 2021. Se berekningar i note B.

Barneombodet starta arbeidet med ny nettside og ny visuell profil i 2019. Arbeidet blei ferdig i 2020. I 2020 vart det brukt omtrent 500 000 kroner på budsjettet til dette. Det vart òg investert i nytt utstyr til møteromma for å betre kommunikasjonslinene ved digitale møter. Det blei utbetalt 110 000 kroner til dette utstyret på budsjettet for 2020. Lønnskostnadene var på 16 737 318 kroner i 2020. Lønnskostnadene utgjorde 76,7 prosent av driftsrekneskapen. Gjennomsnittleg lønnskostnad per årsverk var 943 479 kroner inkludert arbeidsgivaravgift og pensjonskostnader. I denne berekninga har vi brukt utførte årsverk og ikkje faktiske årsverk, som ved tidligare rapporteringar.

Barneombudet: såpebobler

Aktivitetar og resultat 2020

Resultatmåla for 2020 følgjer den treårige strategien for ombodet for 2019-2021.

Arbeidsmetodane til Barneombodet kan delast i fire: overvaking, opplæring, påverknad og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for rettane til barna. I slike prosessar bruker vi blant anna innsynsretten og medverknad frå barn. Dette dannar grunnlaget for Barneombodets fagrapportar, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter.

Barneombodet bruker aktivt politisk påverknad for å få gjennomslag for anbefalingane i ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet til Barneombodet er retta mot enkeltpersonar som tar kontakt, både vaksne og barn.

Resultat 2020

Barneombodet har i strategien for 2019–2021 fire satsingsområde. Her omtaler vi kort resultata innanfor dei fire områda for 2020.

Arbeide for å førebyggje utanforskap blant barn og unge

Barneombodet har i 2020 samanstilt informasjon frå innsyn i 48 saker om straff mot barn og presentert resultata av arbeidet for relevante aktørar. I tillegg har vi arbeidd for betre ungdomsstraff, betre kontroll med tvang mot barn frå politiet og betre tilbod i barnevernet til barn i konflikt med lova.

Vi har arbeidd med målet om betre tverrfagleg samarbeid for barn og unge, og er tilfreds med at regjeringa har lagt fram lovendringar på dette området. Barneombodet har etablert ei ekspertgruppe med barn som har motteke hjelp frå to eller fleire tenester, og rapporten deira blir lagt fram i 2021.

Arbeide for best mogleg psykisk helsehjelp til barn og unge

Barneombodet lanserte våren 2020 rapporten «Jeg skulle hatt BUP i en koffert», om ein psykisk helseteneste tilpassa behova til barn og unge. Barneombodet hadde samtalar med både behandlarar på barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP), barn som har fått hjelp i BUP og foreldre til barn som har fått hjelp. I rapporten var det ei rekkje anbefalingar til myndigheitene, som vi vil følgje opp i 2021.

Arbeide for å betre situasjonen for barn og unge i barnevernet

I 2020 har Barneombodet vore engasjert i auka kompetanse i barnevernet, gjennom forslaget til masterutdanning i barnevern.

I 2019 undersøkte ombodet om barn i barnevernsinstitusjonar får den omsorga og behandlinga som dei har krav på etter barnevernlova. Rapporten «De tror vi er shitkids» blei lansert i januar 2020 og inneheldt mange anbefalingar til myndigheitene. Barneombodet følgjer opp anbefalingane vidare.

Det er i gang store politiske prosessar på barnevernsområdet. Ombodet har gitt innspel til barnevernlova og andre løpande prosessar i Barne- og familiedepartementet og Bufdir. I 2020 har ombodet fortsett arbeidet med å få Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet til å lovfeste ein rett for barn til å få kartlagt sitt helse- og omsorgsbehov ved omsorgsovertakingar. Det er svært positivt at myndigheitene no følgjer opp dette.

Barne- og familiedepartementet ber årleg Barneombodet om å rapportere om talet på bekymringsmeldingar vi sender til barnevernet. Barneombodet sende ingen bekymringsmeldingar til barnevernet i 2020

Arbeide for ein tryggare digital kvardag for barn og unge

Barneombodet har sett eit stort behov for å samordne arbeidet for ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Derfor tok Barneombodet i 2019 initiativ til ei slik samordning ved å invitere til eit høgnivåmøte. Alle inviterte forplikta seg til å signere ei felleserklæring og to eigne tiltak for å bidra til ein tryggare digital kvardag for barn og unge. Høgnivåmøtet blei halde i februar 2020, og 35 aktørar forplikta seg til dette arbeidet. Vi planlegg eit nytt møte i 2021 for å følgje opp arbeidet. Det er svært positivt at regjeringa no har varsla ein nasjonal strategi for trygg digital oppvekst.

Implementering av barnekonvensjonen

Eit av verkemidla for å få implementert FNs barnekonvensjon er at myndigheitene gjennomfører barnerettsvurderingar ved utforminga av politikk, lover, planar og andre store politiske prosessar som handlar om barn. Vi opplever at myndigheitene i liten grad gjer dette, og har i 2020 arbeidd for at dette skal gjennomførast. Barneombodet ønskjer at dette skal gjennomførast i saker som blir behandla av både statlege, regionale og kommunale myndigheiter.

Ei barnerettsvurdering inneber at dei politiske prosessane må innehalde ei vurdering av forpliktingane i barnekonvensjonen og korleis forslaga har betydning for barn og unge. Ein viktig del av barnerettsvurderingar er retten barn har til å medverke etter artikkel 12 i barnekonvensjonen. At barn får medverke i slike prosessar er avgjerande for å få fram synspunkt frå dei det gjeld, og bringe dette inn i forslag og vedtak.

Barnerettsvurderingar var hovudtema på det årlege møtet i ENOC (European Network of Ombudspersons for Children) i 2020, og det blei semje om ei felles fråsegn frå ENOC og om eit felles rammeverk for korleis slike vurderingar kan gjerast. Desse har Barneombodet nå omsett til norsk og i 2021 vil vi gå i dialog med myndigheitene om å starte arbeidet med å gjere desse kjent i Noreg . Som ein del av dette arbeidet etablerte Barneombodet ei ekspertgruppe med ungdommar, som no er i ferd med å gjere ferdig sin rapport om korleis barn kan involverast i slike barnerettsvurderingar.

Trygt og godt skule- og barnehagemiljø

Barneombodet har arbeidd aktivt opp mot både NOU 2019:23 - Ny opplæringslov og «Stortingsmelding om tidlig innsats» i 2020. Vi har òg vore aktive for å sikre ein betre barnehagelov med reglar om barnehagemiljø, handhevingsordning og tilsynsapparat. Samstundes gir vi informasjon om rettar og moglegheit til å klage til privatpersonar som tar kontakt med oss. Arbeidet vårt på skuleområdet blei svært prega av situasjonen knytt til koronapandemien, der vi har arbeidd mykje med å sikre barns rett til opplæring.

Arbeid med covid-19

Frå mars 2020 brukte Barneombodet mykje tid på å arbeide med å sikre barns rettar under koronapandemien. Det vart gitt fire innspel til koordineringsgruppa for sårbare barn og to innspel til ekspertgruppa som skulle vurdere tiltak for skoler og barnehagar. Vi tok sju gonger direkte kontakt med myndigheitene om situasjonen for barn i ulike sårbare situasjonar, og har hatt fleire møter med myndigheitene for å gi våre anbefalingar. Vi har òg gitt innspel til Koronakommisjonen, for å sikre at barn sin situasjon blir eit viktig tema i arbeidet deira.

Det var stor medieinteresse gjennom heile året, og vi var svært aktive i debattar om dei nasjonale og lokale smitteverntiltaka, for å minne om at tiltaka må vegast opp mot barns rettar etter Grunnloven og barnekonvensjonen. Vi har blant anna pressa på for at skular, barnehagar, fritidsaktivitetar og andre viktige tenester for barn og unge ikkje skulle bli stengt ned utan tilstrekkeleg smittevernfagleg grunn. Det dreier seg til dømes om tenester som barnevern, skulehelseteneste, lavterskel psykisk helsetilbud, BUP og Statens barnehus.

Kommunikasjonsarbeid

Barneombodet har ein eigen kommunikasjonsstrategi for verksemda. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.

Medieomtale

Medieinteressa er forholdsvis stabil for det som gjeld temaet barnekonvensjonen og rettane til barn. Det viser tal frå Retriever. Barneombodet var nemnt i nærmare 1 400 saker i den norske pressa i 2020. Fagområda der Barneombodet var mest omtalt i er saker knytta til pandemien, barnevern, trygg digital kvardag, psykisk helse og unge lovbrytarar. Det er i tråd med satsingsområda til Barneombodet. Barneombodet hadde 12 kronikkar og debattinnlegg på trykk om ulike tema i aviser.

Nyheitsbrev

Barneombodet sende i 2020 ut 16 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har auka til over 3 000 personar. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet aukar jamt. I samband med lanseringa av ny nettside og visuell profil fekk også nyheitsbrevet ein ny profil, og vi vil i 2021 vurdere fleire tiltak for å auke talet på abonnentar.

Sosiale medium

Barneombodet har ved inngangen til 2021 over 32 200 følgjarar på Facebook. Vi har 16 600 følgjarar på Twitter og nærmare 4 400 følgjarar på Instagram. Talet på følgjarar aukar jamleg i alle kanalar.

Nettsider

Hausten 2020 lanserte Barneombodet ein ny nettstad og ny visuell profil. Barneombodet har fått ein moderne nettstad, som er universelt utforma, mobiltilpassa og som det er lett å skape innhald på. Det er no enklare for brukarane å finne fram på sidene, og det er lettare å oppdatere innhaldet og vere aktuelle.

Som ein del av arbeidet blei det laga ein ny visuell profil med ein ny logo, ny fargepalett, illustrasjonar og foto. Tilbakemeldingane har vore gode på den nye profilen. Målet var at Barneombodet i større grad skulle bli lett å kjenne igjen og vere einsarta. Arbeidet med rapportar og digitale produkt har også blitt lettare, noko som også var eit viktig mål.

Etter at vi fekk ny nettside har trafikken på nettstaden gått noko ned. I 2020 hadde vi nærmare 900 000 sidevisningar, og av dette var 714 000 unike. Dette er ein liten nedgang frå 2019. Då vi laga ny nettstad la vi ned spørretenesta «Spør Barneombodet» som tidlegare sto for ein stor del av trafikken. I tillegg har vi fått ein heilt ny lenkestruktur som gjer at ein må byggje opp seg opp hos søkemotorane på nytt igjen. Det var difor forventa ein nedgang i trafikken. Det er no vår informasjon om barnekonvensjonen som er mest lest på nettsidene våre.

På nettstaden er det også laga eit kontaktskjema som er integrert med sakshandsamingssystemet vårt. Dette har effektivisert registrering av saker.

Arrangement

Barneombodet hadde i 2020 fire større eksterne arrangement. I januar lanserte vi rapporten «De tror vi er shitkids» i ein fullsatt sal på Kulturhuset. I februar hadde vi eit høgnivåmøte om trygg digital kvardag for barn og unge på Gamle Logen. Dette arrangementet var berre for inviterte og var også fullsett. I oktober lanserte vi rapporten «Jeg skulle hatt BUP i en koffert» på Litteraturhuset. Av omsyn til smittevern var det få tilhøyrarar i salen, men arrangementet blei strøyma direkte på nett. Lucy Smiths barnerettsdag i november var eit heildigitalt arrangement, der alle innlegg var spelt inn på førehand. Barneombodet har auka kompetansen på digitale arrangement i 2020.

Mållovsarbeid

Barneombodet har høg medvit rundt bruk av nynorsk. I 2020 har vi rapportert inn til Språkrådet at vi har nådd kravet i lova for innhald i sosiale medium. Språkrådet har endra rapporteringsmetode på mållova, og det er Språkrådet som no skal gi tilbakemelding til oss på dei andre tekstene. Då årsrapporten vart skrive hadde vi endå ikkje fått tilbakemelding frå Språkrådet for 2020.

Antall mediesaker med Barneombudet

2016: 1923

2017: 1301

2018: 1145

2019: 976

2020: 1381

Barneombudet: mor og datter

Styring og kontroll i verksemda

Barneombodet er den øvste leiaren for verksemda og har ansvaret for at verksemda blir drive forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombod og forskrifta om instruks for Barneombodet. I tillegg til dette gjeld Barne- og familiedepartementets tildelingsbrev og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Det er fastsett ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.

Barneombodet nyttar mål- og resultatstyring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker blant anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.

I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om i 2020. Desse rapporteringskrava er tatt til følgje og følgjer nedanfor.

Fellesføringar frå regjeringa

Fellesføringane frå regjeringa i tildelingsbrevet er knytte til krav om å arbeide systematisk for å fremje inkluderingsdugnaden til regjeringa. Barneombodet har berre 20 tilsette, og det har vore vanskeleg å nå 5-prosentmålet så langt. Ved nyrekruttering oppfordrar vi alle kvalifiserte søkjarar til å søkje stillingane uavhengig av funksjonsevne, inkludert dei med “hol i CV-en .”

Vi har i tillegg gitt innspel til departementet om korleis vi vil arbeide for å nå 5-prosentmålet, og vi har laga ein handlingsplan for 2021.

Når det gjeld fellesføringa om tiltak for å motverke arbeidslivskriminalitet, har vi vurdert risikoen som låg. I anbodsinvitasjonane tek vi hand om krava til å motverke arbeidslivskriminalitet. Barneombodet har rutinar for å kontrollere at leverandørane etterlever regelverket og hentar inn nødvendige attestar når det gjeld skatt, firmaattest, årsrapportar- og rekneskap. Når det gjeld mindre innkjøp, bruker ombodet statens rammeavtalar.

Samfunnstryggleik og beredskap

Barneombodet oppdaterer ROS-analysane sine årleg og går gjennom desse fire gonger i året. Vurderingane av risiko i 2020 viste ikkje eit kritisk bilde. Barneombodet gjekk gjennom beredskapsplanane i 2020, og planlegg å revidere dei i løpet av 2021. På grunn av situasjonen med koronapandemien har vi ikkje hatt kapasitet til å ha beredskapsøving i 2020.

Digital tryggleik

Barneombodet implementerte i 2019 eit styringssystem for informasjonstryggleik, som er utarbeidd i samarbeid med PWC. Systemet inneheld sentrale rutinar, årshjul og planar for gjennomgang av informasjonstryggleik. Innanfor dette har vi også eit system for avviksrapportering. I slutten av 2020 laga vi ein handlingsplan for aktivitetar i 2021, og reviderte dei styrande dokumenta. I 2020 innførte vi Digital post til innbyggarar (DPI), noko som auka tryggleiken på brev ut til privatpersonar.

Andre rapporteringskrav

Inkluderande arbeidsliv og arbeidsmiljø

Barneombodet er ei IA-verksemd (inkluderande arbeidsliv). I IA-arbeidet legg vi vekt på å følgje opp sjukefråværet og tilsette som er sjukmelde. Barneombodet har valt å halde fram med at tilsette kan nytte seg av den utvida retten til eigenmelding i inntil 8 dagar.

I 2020 var det totale sjukefråværet på 3,7 prosent. Av dette var korttidsfråværet på 0,7 prosent og det sjukmelde fråværet på 3 prosent. Det var ein nedgang i det totale sjukefråværet med 2,3 prosent frå året før. I korttidsfråværet var det ein nedgang på 0,7 prosent. Vi ser ikkje på sjukefråværet som for høgt, men følgjer dette tett opp gjennom året. Det er dei enkelte leiarane som har ansvaret for å følgje opp dei sjukmelde i avdelingane. Barneombodet legg vekt på å leggje til rette slik at medarbeidarane kan vere i arbeid og også komme raskt tilbake etter sjukdom.

Barneombodet er opptatt av å ta hand om det psykososiale arbeidsmiljøet og redusere sjukefråvær. Vi har jamlege vernerundar og legg vekt på det førebyggjande HMS-arbeidet. Barneombodet har valt å halde fram med ordninga der dei tilsette har tilbod om éin time trening i arbeidstida per veke. Sidan vi arbeider på heimekontor har vi innført ei midlertidig ordning med “kontorstrekk” to gonger i veka med ein ekstern instruktør.

Vesentlege forhold for styring og kontroll av verksemda

Det blei ikkje gjort store endringar for styring og kontroll av verksemda i 2020. Det er ikkje avdekt styringssvikt, feil eller manglar.

Revisjon

Riksrevisjonen reviderer Barneombodet kvart år. Det blei gjennomført revisjon av årsrekneskapen for 2019 i 2020. Riksrevisjonen hadde ingen merknader til årsrekneskapen for 2019.

Likestilling og mangfald

Arbeidsgivarar i offentlege verksemder har frå 2020 ei styrkt plikt til å gjere greie for arbeidet med likestilling og ikkje-diskriminering. Barneombodet vil gjere greie for dette i årsrapporten.

Tilstand for kjønnslikestilling

Gjennom fleire år har Barneombodet hatt ei overvekt av kvinnelege tilsette. Det var per 1. januar 2020 20 prosent menn og 80 prosent kvinner tilsett hos ombodet. Dette er 5 prosent lågare enn i 2019. Alle i leiinga er for tida kvinner. Det er ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse, og vi held fram med å vere merksame på dette i framtidige rekrutteringsprosessar.

Vi har arbeidd aktivt for å få eit lønnsnivå som er i samsvar med erfaring og kompetanse, og som opprettheld likeverd mellom kjønn i lønnsmassen. Vi viser til aktivitets- og forklaringsplikta, jf. likestilling- og diskrimineringslova, og endringar i krava til rapportering frå verksemdene når det gjeld lønnskartlegging.

Det er i dag to tilsette i midlertidige stillingar. Ein av desse er til sett i eit eittårig vikariat grunna foreldrepermisjon og den andre er ein student i eit ettårig engasjement i 20 prosent stilling. Dette er den einaste deltidsstillinga hos Barneombodet.

Når det gjeld foreldrepermisjon er gjennomsnittleg tal på veker foreldrepermisjon i 2020 7,4 veker for kvinner og 6,3 veker for menn (ei kvinne og to menn i utvalet).

Arbeid for likestilling og mot diskriminering

Barneombodet arbeider aktivt for å fremje likestilling og mangfald når vi rekrutterer nye medarbeidarar. I dag har 10 prosent av dei tilsette hos Barneombodet ikkje-vestleg bakgrunn.

Å fremje likestilling og hindre diskriminering er eit kontinuerleg arbeid. Vi vil i 2021 arbeide for å få på plass eit meir målretta og planmessig likestillingsarbeid i verksemda. Barneombodet vil gjere greie for dette i årsrapporten i 2022.

Klima- og miljøtiltak

Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar framleis medarbeidarane til å ta tog i staden for fly der det er føremålstenleg.

I tillegg har ombodet digitalisert verksemda gradvis, blant anna med elektronisk arkiv, digital post til innbyggarar og eit lågare opplag av trykksaker enn før.

Tiltak for effektivisering

Barneombodet ser stadig etter tiltak som kan bidra til å effektivisere drifta og fjerne tidstjuvar. I 2019 blei Microsoft Teams innført som nytt arbeidsverktøy, noko som bidrar til å effektivisere interne prosessar. Dette kom godt med når vi måtte arbeide på heimekontor under koronapandemien, og vi kjem til å nytte desse verktøya i større grad også etter pandemien.

1. januar 2020 gjekk Barneombodet over til funksjonsbasert arkivnøkkel i det elektroniske arkivet. Det er også eit tiltak for effektivisering. Arkivnøkkelen er enklare å bruke, og det vil også vere enklare å finne tilbake til dokument.

Den overordna strategien til Barneombodet for 2019–2021 gir tydeleg mål og retning for arbeidet, ressursbruken og prioriteringane. Ein godt implementert strategi er eit verktøy for å effektivisere arbeidet og få mest mogleg ut av ressursane til ombodet. Vi skal til hausten starte arbeidet med ein strategi for 2022-2024.

Barneombudet: gutt opp trappen

Framtidsutsikter

Det er framleis mange utfordringar knytte til barns rettar i Noreg. Koronapandemien i 2020 har vist oss at vi har ein veg å gå for å få implementert barnekonvensjonen, også hos sentrale myndigheiter.

Rolla til Barneombodet som overvakar har i år vore svært viktig og viser at ombodet ikkje blir mindre viktig framover. Regjeringa har i år komme med mange lovendringar og forslag knytte til pandemien som har store konsekvensar for barn og unge. I tillegg er det mange andre prosessar i gang. I 2020 har vi for eksempel deltatt i store diskusjonar om barnevern, aukande ungdomskriminalitet, rusreform, miljøvern og organisering av domstolane. Regjeringa har sett ned mange offentlege utval og produsert mange strategiar og planar, som Barneombodet har gitt innspel til. Dei tilsette har i år hatt eit stort arbeidspress, først og fremst på grunn av pandemien, som har komme på toppen av andre oppgåver.

I 2020 har Barneombodet trass i svært mykje aktivitet knytt til pandemien gjennomført alle aktivitetar i tråd med verksemdsplanar og den overordna strategien. Barneombodet fortset arbeidet med hovudsatsingsområda det neste året og vil i haust starte arbeidet med ein strategi for dei neste tre åra.

Det er eit stort behov for kunnskap om barnekonvensjonen og barns rettar. Barneombodet har mange førespurnader om å halde foredrag, om opplæring i barnekonvensjonen og om å komme med innspel i ulike samanhengar. Barneombodet klarer i dag ikkje å dekkje dette behovet, sidan vi står i ein krevjande ressurssituasjon. Det er mange fagområde og saker som må prioriterast vekk på grunn av at vi ikkje har bemanning til å dekkje dei. I 2021 flyttar Barneombodet over i mindre lokale og går frå cellekontor til ope landskap. Dette er eit tiltak for å spare pengar knytt til eit kutt i løyvinga over statsbudsjettet.

Hovudsatsingane for Barneombodet i 2021 er mellom anna å arbeide for å få gjennomslag for anbefalingane i rapportane vi lanserte i 2020. Barneombodet skal lansere ein rapport om barn og unge som treng hjelp frå fleire tenester i oppveksten, og arrangere høgnivåmøte om trygg digital kvardag. I tillegg vil vi følgje ei rekkje andre prosessar tett og ikkje minst følgje opp det som skjer med barns rettar knytt til koronapandemien.

Barneombudet: ungdom som går ute i snøen på vinteren

Årsrekneskap

Barneombodet er ei brutto-budsjettert verksemd som fører rekneskap etter kontantprinsippet for statlege verksemder.

Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet. Årsrekneskapen gir eit dekkjande bilde av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld. All vesentleg informasjon går fram av årsrekneskapen.

Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.

Kommentarar til årsrekneskapen

Barneombodet fekk i 2020 ei samla tildeling på kapittel 0848 på kr 23 554 000 kroner. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B. Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var kr 1 038 013. Dette har vi søkt om å få overført til 2021. I tillegg har vi søkt om å få overført kr 7 415 kroner, etter fullmakt til å overskride løyvinga med overtid, reisetid og timelønn for november 2020. Til saman har vi søkt om få overført kr 1 045 428 til 2021. Vi viser til utrekningane i note B.

Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2020.

Artskonto-rapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman kr 21 875 348 i 2020. Tilsvarande tal for 2019 var kr 21 258 223.

Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde kr 16 737 318 kroner, mot kr 16 244 651 i 2019. Lønnsdelen av driftsutgiftene utgjer 76,5 prosent i 2020, mot 72,9 prosent i 2019. Hovudårsaka til at vi brukar meir midlar på lønn enn tidligare, er at vi løfta lønningane ved det lokale lønnsoppgjeret i 2019. Talet på utførde årsverk er 17,74 årsverk i 2020 mot 17,91, sjå forklaring til endringar i tala i note 2. Dei bokførte utbetalingane til investering var på kr 640 638. Mellomverande med statskassen var kr 572 673.

Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato og kjem i løpet av 2. kvartal 2021.

Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart det er offentleg.

Barneombudet: to barn som leker

Prinsippnote til årsrekneskapen for 2020

Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og lagt fram etter nærmare retningslinjer fastsette i føresegner om økonomistyring i staten (“bestemmelsene”). Årsrekneskapen er i samsvar med krava i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av 17.12. 2019 og eventuelle tilleggskrav fastsette av det overordna departementet.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:

Rekneskapen følgjer kalenderåret.

  • Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
  • Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
  • Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.

Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krava i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja “Netto rapportert til bevilgningsregnskapet” er lik i begge oppstillingane.

Barneombodet er tilknytt statens konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med krava i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen. Ved årsslutt blir saldoen på den enkelte oppgjerskontoen nullstilt ved overgangen til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre del som viser verdiane Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som vi har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postane i løyvingsrekneskapen som vi har fullmakt til å disponere. Kolonnen for samla tildeling viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle dei finansielle eigedelane og forpliktingane vi står oppført med i statens kapitalrekneskap.

Artskontorapporteringa

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassen. Artskontorapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje inntektsførte og viser derfor ikkje som inntekt i oppstillinga.

Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapportering med notar viser rekneskapstal rapportert til statsrekneskapen. I tillegg viser noten til artskontorapporteringa «Sammenheng mellom avregning med statskassen og mellomværende med statskassen» bokførte tal frå vår kontospesifikasjon i kolonna «Spesifisering av bokført avregning med statskassen.» Noten viser forskjellen mellom beløp Barneombodet har bokført på eigendels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen vår (under dette saldo på kunde- og leverandørreskontro) og beløp vi har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen, og som inngår i mellomverande med statskassen.

Barneombodet har innretta bokføringa slik at den følgjer krava i føresegner om økonomistyring i staten. Dette inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjon ar pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokført. Føresegnene krev blant anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Dette medfører at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokførte i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapporterte til statsrekneskapen, og inneber kundefordringar og leverandørgjeld i kontospesifikasjonen.

Last ned årsrapporten som PDF

Last ned heile årsrapporten med revisjonsberetning (pdf, 11.33 mb)

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev