Elever har rett på eit godt arbeidsmiljø, men kommunane følgjer det ikkje godt nok opp

Barneombudet: barn som leser i bok

Ifølgje NRK kan det vere 200.000 elevar som går på skular med for dårleg arbeidsmiljø. Slikt forhold kan ikkje lenger aksepterast. Det seier både Barneombodet og leiar av Foreldreutvalget i grunnskulen (FUG) til NRK.


Heilt sidan 1996 har Noreg hatt ei forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skule. Her blir det krav stilt til uteareal, lokale, luftkvalitet inne, reinhald og smittevern.

Målet med lova var å lovfeste eit krav til arbeidsmiljø i norske skular. Men fleire rapportar viser at det ikkje blir følgt opp, skriv NRK.

– Det er uakseptabelt at vi ser år ut og år inn at norske skular ikkje oppfyller krava til miljøretta helsevern. Det kan gå utover både helsa, trivselen og læringa til elevane, seier seniorrådgivar i Barneombodet Kjersti Botnan Larsen til NRK

Barneombodet meiner at regjeringa no må gripe inn. Det er her viktig at det kjem på plass tydelege krav til kva det vil seie at ein skule er helsemessig tilfredsstillande. Det må òg stillast krav til skuleeigar til korleis dei skal vurdere desse forholda, og ikkje minst eit system som følgjer med på at dette blir gjort.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev