Har kommunen din ein god plan mot ungdomskriminalitet?

Barneombudet: ungdom med jakke og hette over hodet

Kronikk publisert i lokalaviser juni 2025

Alle kommunar skal ha ein plan for å førebyggje ungdomskriminalitet. Men berre halvparten av kommunane i landet har ein slik plan.

Dette kom nyleg fram i ein rapport frå Riksrevisjonen. Den stadfestar det Barneombodet har peika på lenge: I Noreg er vi alt for dårleg på førebygging.

Konsekvensen av manglande innsats for å sikre ein solid grunnmur og eit godt sikringsnett rundt barndommen, er at barn og unge rammel utanfor.

Sjølv om tala for ungdomskriminalitet ser ut til å stabilisere seg, er det grunn til bekymring for aukande del unge under 15 år som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar og eit auka omfang av vald. Kriminelle nettverk som aktivt rekrutterer unge i utsette situasjonar, er òg noko vi må stoppe.

Men meir straff og fleire plassar i ungdomsfengsel løyser ikkje dette. Ungdomskriminalitet er ikkje tilfeldig. Med alt det vi veit om årsaker til at unge blir trekte mot kriminalitet, så veit vi at løysingane ligg nettopp i tidleg innsats og førebygging.

Tett oppfølging av familiar i sårbare situasjonar, økonomisk støtte, tiltak mot vald i heimen, gode barnehagar og skular som bidreg til meistring og inkludering, fritid som gir felleskap i idrett eller på ein fritidsklubb – alt er med på å redusere risiko. Det er dette vi treng meir av.

No må den lokale innsatsen trappast opp. Kommunen må ha ein god plan som tydeleg definerer kva kompetanse og fleksibilitet dei skal ha på plass for å kunne hjelpe barn og unge, før dei hamnar på feil spor.

Barneombodet meiner det burde vere sjølvsagt at planen definerer varige førebyggjande tiltak som dekkjer breidda i barns behov, på minst tre område:

For det første, må kommunen ha eit minimum av førebyggjande tiltak mot kriminalitet. Dette kan bestå av oppsøkjande arbeid, mentorordningar, aktivitets- og jobbtilbod.

For det andre, må kommunen ha gode og tilgjengelege fritidstilbod og oppsøkjande tenester som møter barna på arenaene deira, slik at barn som står i fare for å hamne i kriminelle miljø blir fanga opp tidleg.

For det tredje, må kommunen ha på plass spesialiserte hjelpetiltak for barn som gjer eller står i fare for å gjere seg skuldig i kriminalitet. Mange kommunar manglar i dag spesialisert hjelp for barn med alvorlege valds-, rus eller kriminalitetsutfordringar.

I dag er det politisk vilje til å betale for dei dyraste tiltaka, som blir sette inn når det har gått verkeleg gale. Men ikkje til å satse meir på avgjerande tiltak for at det ikkje skal gå gale – slik som helsestasjonar, familievern eller hjelp for unge som slit med psykisk uhelse. Dette reknestykket må vi snu. Førebygging kan ikkje halde fram med å vere eit overskotstiltak og ein kuttpost.

Barneombodet har varsla om manglande førebygging i lang tid. Riksrevisjonen stadfestar no alvoret i situasjonen. Det er på tide å lukke gapet mellom kva vi veit og kva vi gjer, og endeleg ta førebygging på alvor. Det er best for barna. Det er best for samfunnet.

Barneombod Mina Gerhardsen

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev