Ønskjer du å arbeide med barnerettane innanfor fagområdet skule og barnehage? Vi søkjer seniorrådgivar!

Ansatte hos barneombudet 2
Vi arbeider mye på tvers av avdelingene, og er veldig opptatt av å skape et godt arbeidsmiljø.

Har du erfaring innanfor fagområdet skule eller barnehage, og bakgrunn som jurist, samfunnsvitar eller tilsvarande? Då kan dette vere ei stilling for deg. Hos Barneombodet kan du løfte erfaringane dine inn i arbeidet vårt for barns rettar.

Barneombodet skal fremje barns interesser i samfunnet og følgje med på utviklinga av barns oppvekstkår. Hos oss får du varierte og spennande oppgåver, med stor verdi for samfunnet og gode moglegheiter for å påverke politikkutforming på fagområdet skule og barnehage.

Vi ønskjer å vere ein raus og familievennleg arbeidsplass, med rom for fagleg initiativ og utvikling for den enkelte.

Søk her innan 22. februar 2022.

Mer om stillinga:

  • Kvalifikasjoner Les mer+ Lukk-

    Vi ser etter deg som har

    • master (eller tilsvarande) i rettsvitskap, samfunnsvitskaplege fag eller pedagogiske fag
    • minimum fem års relevant arbeidserfaring innanfor fagområdet skule og barnehage, helst i offentleg forvaltning
    • kunnskap om, og forståing for temaet barnrerettar i norsk politikk og samfunnsdebatt
    • god kunnskap om offentleg forvaltning
    • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

    Vi ønskjer i tillegg at du har

    • erfaring med barnserettane innanfor skule og barnehage
    • erfaring frå politisk påverknadsarbeid
    • erfaring med prosjektarbeid
    • erfaring frå arbeid direkte med barn og unge
    • kunnskap om barnekonvensjonen
  • Arbeidsoppgaver Les mer+ Lukk-

    Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å

    • arbeide sjølvstendig med å forme ut Barneombodets faglege standpunkt
    • halde foredrag og representere Barneombodet
    • førebu skriftlege og munnlege innlegg for barneombodet
    • arrangere og delta på møte, seminar og konferansar
    • svare på høyringar og gi innspel til styresmaktene
    • arbeide med prosjekt
    • ha dialog med barn og unge
  • Egenskaper Les mer+ Lukk-

    Vi legg vekt på at du er personleg eigna for jobben, og vi forventar stor grad av fagleg sjølvstende.

    Når du jobbar hos Barneombodet må du ha engasjement, vilje til å ta ansvar, fleksibilitet og evne til å kommunisere med barn om vanskelege tema.

    Du må vere god til å samarbeide og kunne jobbe tverrfagleg i team og prosjekt.

  • Vurdering av deg som søker Les mer+ Lukk-

    Barneombodet har ein ujamn kjønnsbalanse, og vi oppmodar derfor deg som er mann til å søkje. Vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass, og oppmodar òg deg som har hol i CV-en om å søkje.

    Vi arbeider for å styrkje barn og unges deltaking i samfunnet, derfor ønskjer vi å ha ungdom med i rekrutteringsprosessen av nytilsette.

  • Dette kan vi tilby Les mer+ Lukk-

    Hos oss blir du del av ein organisasjon som er oppteken av å ta vare på dei tilsette. Vi gir våre tilsette moglegheit for kompetanseutvikling og til å påverke sin eigen arbeidskvardag.

    Du får òg moglegheit for trening i arbeidstida og fleksitidordning. Vi flytta haust 21 til nye moderne lokale i Torggata 2-4, sentralt i Oslo.

    Du får medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

    Lønnsspennet for ein seniorrådgivar i 100 prosent stilling er 650.000 - 750.000. Om du er spesielt godt kvalifisert, kan vi vurdere høgare lønn.

Ansatte hos Barneombudet jobber
Vi held til i nye og moderne lokale i Torggata 2-4, sentralt i Oslo.

Send søknaden din med CV elektronisk via jobbnorge.no innan 22. februar 2022.

Har du spørsmål? Kontakt fagsjef Camilla Kayed på ck@barneombudet.no eller telefon 997 20 866.

Vi ønskjer at du startar 1. mai 2022 eller etter nærmare avtale.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev