Stortinget behandlar forslag om stemmerett for 16-åringar

Barneombud Inga Bejer Engh på operaen

Onsdag 1. juni skal Stortinget behandle Venstre forslaget sitt om stemmerett for 16-åringar i lokalval.

Arbeidarpartiets stortingsgruppe vedtok nyleg å senke stemmerettsalderen til 16 år ved kommunestyre- og fylkestingsval. Dette er ei sak Barneombodet, saman med andre aktørar som Redd Barna, Press og LNU, har kjempa for i mange år.

− Det er svært gledeleg at Arbeidarpartiet ser at dette er viktig for demokratiet, og at ungdommar ned til 16 år skal givast høve til å påverke lokalsamfunnet sitt, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Barneombodet håpar dei andre partia på Stortinget vil følgje etter. Ho oppmodar alle parti om å setje seg grundig inn i fordelane ved å gi ungdommar ned til 16 år stemmerett ved lokal- og fylkestingsval.

Ifølgje barnekonvensjonen har alle barn under 18 år rett til å seie sin meining og rett til å bli høyrde. Desse rettane skal bli sterkare jo eldre barna blir. Å innføre stemmeerett for 16-åringar vil òg bety at Stortinget erkjenner den retten som ligg i lova. I tillegg vil det vise at dei tek unge si stemme på alvor.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev