Skolane tilbake på gult nivå og betre tilgang til fritidsaktivitetar for barn

Barneombudet: lek på store røde baller

I byrjinga av januar tilrådde regjeringa raudt nivå på ungdoms- og vidaregåande skular over heile landet. Samtidig tilrådde dei at fritidsaktivitetar for barn og unge, innandørs, skulle utsetjast.

Barneombodet sende sist veke eit brev til ei rekke departement der vi bad om at den nasjonale tiltaksbyrden for barn og unge måtte lettast etter 19. januar.

Vi skreiv da at eit nasjonalt raudt nivå på ungdoms- og vidaregåande skoler ikkje måtte vidareførast, og at det måtte vera opp til lokale styresmakter å vurdere ei avgrensing av barns fritidsaktivitetar.

- Ein stor lettelse for mange

No har Barneombodet fått fullt gjennomslag for våre syn. 18. januar presenterte regjeringa sine vidare tiltak, og dei har endra på begge dei to tiltaka vi ba om at dei skulle sjå på.

- Eg er glad for at regjeringa har lytta til innspel dei har fått om å letta tiltaksbyrden overfor barn og unge. Opplæring på skolen og tilgang til fritidsaktivitetar vil vera ein stor lettelse for mange. Kommunane må no sørga for at inngrepa i rettane til barn og unge ikkje blir større enn det som er nødvendig og forholdsmessig, sier barneombod Inga Bejer Engh.

Ho oppmodar no kommunane om å gjere gode lokale vurderingar når ein skal vurdere nye smitteverntiltak, og peikar på at det finst god rettleiing i kommunelegehandboka frå Folkehelseinstituttet om korleis slike vurderingar best skal gjerast.

Regjeringa: - Barn og unge kan delta på fritidsaktivitetar som normalt


I pressemeldinga frå regjeringa heiter det mellom anna at:

"Nasjonalt tiltaksnivå for ungdomsskoler og videregående skoler nedjusteres fra rødt til gult nivå. Kommuner kan opprettholde rødt nivå ut denne uka dersom de har behov for å forberede overgang til gult nivå. Kommuner med høyt smittepress bør vurdere å beholde rødt nivå i ungdomsskoler og videregående skoler, og ved behov vurdere rødt nivå også i barnehager og barneskoler.

Lokale treninger og fritidsaktiviteter for barn og unge frarådes ikke lenger. Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktiviteter som normalt, både ute og inne. De kan også unntas fra anbefalingen om 1 meters avstand når det er nødvendig for å drive med aktiviteten. For barn og unge kan ordinær treningsaktivitet internt i klubber, lag og foreninger derfor gjennomføres, men kamper, cuper, stevner mv. må fortsatt utsettes."

For eventuelle presseførespurnader kontakt presse@barneombudet.no eller 412 67 127 (ikkje SMS)

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev