Her kan barn og unge søke hjelp i sommar
Sommarferien er eit pusterom for mange, fylt av aktivitetar og moro. Men sånn er det ikkje for alle. Her har vi samla nokre av hjelpetenestene barn og unge kan kontakte i sommar:
Alarmtelefonen
Er du barn og blir utsett for vald, truslar, overgrep eller omsorgssvikt? Trenger du nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med alarmtelefonen på 116 111. Telefontjenesten er åpen hele døgnet.
Det same kan du som vaksen gjere dersom du fryktar at eit barn ikkje har det bra, eller blir utsett for noko av det over.
Alarmtelefonen har også ein Chatte- og sms teneste som er opne frå kl 16.15 til 22.45 alle dagar bortsett frå laurdag kvar tenesta er open fram til kl 23.45.
Du kan også gå inn på barnevernvakten.no og finne telefonnummeret til din nærmeste Barneverntjeneste.
Mental helse
Har du psykiske vanskar og ønsker nokon å snakka med? Mental helse har ei gratis døgnopen hjelpetelefon 116 123 og chat for alle som treng nokon å snakke med.
Røde Kors
Kors på Halsen hjelpetelefon og chat er open 16-22 kvar dag.
ung.no
Dersom du har spørsmål som ikkje hastar, så kan du stille desse på ung.no. Der er det fleire fagpersonar som svarer på spørsmål frå barn og unge.
På vår side for barn og unge kan du òg finna ei oversikt over andre stader du kan søke hjelp. Her finn du kontaktinformasjon til politi, Mental Helse ungdom, ungdomstelefonen og fleire andre.
God sommar frå oss hos Barneombodet!