– Behovet til barnet må vera sentralt i barnevernet

Inga pa lansering av Helsetilsynets rapport
- Behovet til barnet skal stå sentralt i heile prosessen i barnevernet, seier barneombod Inga Bejer Engh

– Vi må vera sikre på at barnet vert godt teke vare på i ein av dei mest sårbare situasjonane eit barn kan vera i. Ikkje berre må dei verta lytta til, men kva barnet seier må òg tilleggjast vekt i saka, seier barneombod Inga Bejer Engh.

Det seier ho som ein reaksjon på ein rapport Helsetilsynet la fram 17. januar.

I rapporten har tilsynet gjennomgått 106 barnevernssaker med akuttiltak eller omsorgsovertakelser.

Ikkje grundig nok

Dei har blant anna funnet at barnevernstenestene i svært mange tilfelle ikkje gjer ein grundig nok vurdering av behovet til det enkelte barn.

Helsetilsynet meiner analysane om kva som er til det beste for det enkelte barnet burde forbetrast. Dét er vi samde i.

Bekymra for ressursane

– Eg er oppteke av at behovet til barnet skal stå sentralt i heile prosessen i barnevernet, frå bekymringsmeldingen kjem, til saka vert avgjort i fylkesnemnda, seier barneombod Inga Bejer Engh om rapporten.

Ho er òg bekymra for ressurssituasjonen ute i kommunane.

– Dei tilsette må ha tid og kompetanse til å handtera dei krevande sakene på ein god nok måte. Eg har forventingar til at regjeringa sørgjer for at det kjem meir ressursar til fleire tilsette i barnevernet i dei kommande budsjetta, og at kompetansen vert styrkt, seier ho.

Ifølgje Bejer-Engh er det for tilfeldig kva for tiltak kommunane tilbyr familiar med rus, psykiatri og andre komplekse problemstillingar. Ho meiner òg difor regjeringa bør sikra at det er nok kunnskap om kva for hjelpetiltak som fungerer.

– Dette er viktig for rettstryggleiken til barn, seier ho.

I tillegg ynskjer barneombodet at utdanninga til dei som skal jobbe i barnevernet skal vera på fem år.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev