Barneombodet sine råd til rektor: Heis flagget!

Prideflagg nett

I juni blir Pride markert, som ei feiring av mangfald, retten til å vere den ein er og elske den ein vil.

Feiringa skaper kvart år debatt, mellom anna om bruken av regnbogeflagg på skulane. Som barneombod har eg eit klart råd til rektorane i landet: Heis flagget. Det er eit kraftfullt og viktig signal til barn som er skeive sjølv eller som har skeive foreldre om at her er det trygt og her er du akseptert.

Debatten om LHBTQ+ hardnar til globalt. Det blir òg merka i Noreg, med meir hets og hat mot menneske som skil seg ut med korleis dei er og kven dei blir forelska i. «Homo» er eit vanleg skjellsord i skulegarden.

Nettet er fult av hets mot skeive. Hatkriminaliteten aukar. Dette får barn med seg. Det skaper utryggleik og frykt. Som samfunn er det vårt felles oppdrag å verne barn. Å markere med regnbogeflagg på ein logo, eit nøkkelband eller eit flagg er å vise barn og andre skeive at dei har nokon med seg på laget, nokon som er på deira side.

Eit vaiande flagg i ein skulegard handlar ikkje om å ta standpunkt i alle politiske debattar knytte til LHBTQ+, men det er tydeleg teikn til barn om aksept og tryggleik. Det betyr mykje.

Så oppmodinga til alle rektorane i landet er klar, på vegner av barn som er skeive eller som er glade i nokon som er det: Heis regnbogeflagget i juni!

Barneombud Mina Gerhardsen

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev