Innspel til Prop. 122 L (2024-2025) om endring i krisesenterlova
Barneombodet er kritiske til at departementet ikkje har lagt fram eit forslag som sikrar barn eit likeverdig tilbod om krisesenter, uavhengig av kjønna til foreldra.
Vi ber om at § 2. Krav til krisesentertilbodet femte ledd, om at butilboda til kvinner og menn skal vere fysisk skilde, blir fjerna for å sikre moglegheit for fleksible løysningar som varetar familiar med barn.
Vi støttar departementet sitt forslag om å lovfeste eit krav om likeverdige alternative tilbod i krisesenterlova § 3 første ledd, nytt andre punktum.