Høring - Forslag om kommunale butiltak med døgnbemanning ved omsorgsovertakingar m.m.
Barneombodet støtter ei breiare tiltaksvifte for barn som av ulike grunnar ikkje kan bu heime. Tiltak som kan bidra til at fleire barn kan oppretthalde stabilitet og nettverk, sjølv om dei ikkje kan bu med foreldra sine, støttes. Eit kommunalt butiltak kan vere eit slikt tilbod, men i høyringssvaret framheve Barneombodet følgjande:
- Det må vere tydeleg kven som høyrer til målgruppa for butiltak, og kva barn butiltak ikkje er eigna for.
- Økonomiske insentiv skal ikkje påverke val av tiltak.
- Det er behov for tydelege krav til kvalitet, bemanning og kompetanse.
- Det er risiko for store kommunale skilnader.
- Det er behov for betre rettstryggleiksgarantiar.
- Staten må følgje utviklinga nøye.