Endringar i folketrygdloven kap. 15 - Stønader til einsleg mor eller far
Barneombodet meiner at forslaget til arbeids- og inkluderingsdepartementet om å avvikle overgangsstønaden er mangelfullt utgreidd i lys av Grunnlova § 104 og FNs barnekonvensjon. Barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som berører dei.
Ettersom forslaget til departementet truleg vil innebere at fleire einslege forsørgjarar kan bli avhengige av økonomisk sosialhjelp, må departementet vurdere å innføre kompenserande tiltak som sikrar at barns rettar alltid blir varetekne av Nav-kontora.