1. Melding frå barneombodet
Kva er viktig for at barn i Noreg skal ha det bra? I 2025 gjennomførte vi den første store Barnebarometer-undersøkinga. 1400 barn i alderen 9 og 12 år delte sine erfaringar og råd om familie, fritid og skule. Svara gav vi til statsministeren og barne- og familieministeren, med oppmoding om å lytte til barn sine meiningar i arbeidet til regjeringa.
Barnebarometeret har òg gitt eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet hos Barneombodet. Undersøkinga gav mellom anna svært tydelege råd om betydninga av å stoppe mobbing, avgrensing av foreldre sin skjermbruk og ein meir aktiv og praktisk skuledag med leik og rørsle. Desse råda har vi tatt med inn i aktuelle, politiske prosessar. Barnebarometeret er tenkt som ei gjentakande undersøking for å få fram barn sine meiningar og syn i ulike spørsmål som gjeld barn.
I 2025 har Barneombodet arbeidd målretta med den nye strategien som vektlegg førebygging og tidleg innsats. Å leggje til rette for å gi barn ein god start i livet – gjennom gode universelle tenester og eit trygt sikringsnett for barn som treng meir støtte – har vore ein av våre viktigaste prioriteringar. Arbeidet har òg tydelegare inkludert barn sin rett til å bli høyrt og kor viktig det er at offentleg sektor vurderer kva som er det beste for barnet i all politikk og tiltak som angår born.
Førebygging har stått sentralt i dei offentlege debattane vi har deltatt i, særleg om ungdomskriminalitet og skjermbruk. I kriminalitetsdebatten har vi løfta betydninga av langsiktige førebyggjande tiltak, i kontrast til kortsiktige forslag om meir straff og lågare kriminell lågalder. Rolla vår har vore å bidra med kunnskap om risikofaktorar i barn sine liv, og vise korleis tidleg innsats kan hindre at barn fell utanfor. Gjennom kronikkar, debattar og foredrag har vi jobba aktivt for ein meir kunnskapsbasert og opplyst samfunnsdebatt.
Barneombodet har òg engasjert seg i debatten om skjermbruk, gjennom media, foredrag, høyringa, og ved å delta i ei arbeidsgruppe for nye skjermråd. Perspektivet vårt byggjer på kunnskap om barn sine behov, og vi har støtta forslag om styresmaktstyrte aldersgrenser og tydelegare ansvar for plattformleverandørane, for å verne barn mot skadeleg innhald og avhengnadsskapande teknologi.
Våren 2025 deltok vi i høyringa hos FNs barnekomité i Genève. Vi bidrog både i dei førebuande møta og i sjølve høyringa, der norske styresmakter svarte på spørsmål frå komiteen. Også saker som er fremja frå regjeringa har prega året, mellom anna arbeidet med den nye barnelova og reforma i barnevernet. Her har vi spelt inn kunnskap, erfaringar og perspektiv frå barns ståstad, og mint om forpliktingane til styresmaktene etter barnekonvensjonen.
Strategiarbeidet frå 2025 tar vi med vidare inn i 2026. Vi vil halde fram med å løfte fram kunnskap og barn sine eigne erfaringar, utfordre avgjerdstakarar der det trengst og samarbeide tett med fagmiljø og styresmakter for å sikre at tiltak blir sette inn før problema veks seg store. Saman skal vi arbeide for eit samfunn som gir alle barn ein trygg start, gode moglegheiter og den hjelpa dei treng.
Oslo, 15. mars 2026
Mina Gerhardsen, barneombod
2. Introduksjon til verksemda og hovudtal
2.1 Rolla til Barneombodet
Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for FNs barnerettar. Vi har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga av barn sine oppvekstvilkår.
Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om barn sine interesser blir følgde, og at norsk rett samsvarer med forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettane. Vi skal, på eige initiativ eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område. Vi skal føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barn, og følgje med på om endringane er gode for dei.
Barneombodet skal også fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Vi skal vidare følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka det er behov for.
Barneombodslova og forskrifta om instruks for Barneombodet ligg til grunn for arbeidet vårt. Vi er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet, og er fagleg uavhengige.
Barneombodet er leidd av barneombod Mina Gerhardsen, som har ansvaret for den faglege og administrative leiinga av verksemda.
Ved inngangen til 2025 var det 18 tilsette i Barneombodet – 17 i faste stillingar og ein student i 20 prosent stilling i fagavdelinga. Stillingane fordeler seg på to einingar: fag og administrasjon. Kommunikasjonseininga vart innlemma i fageininga hausten 2025.
Barneombodet har tre satsingsområde som vi skal jobbe med i perioden 2025-2027, og kvart område har fleire hovudmål. Dette er dei tre satsingsområda:
- Vi skal jobbe for at alle barn får ein god start på livet.
- Vi skal bygge våre innspel og kunnskap på kva barn og unge fortel oss.
- Vi skal bidra til at offentleg sektor varetar omsynet til kva som er best for barnet.
2.2 Nøkkeltal for 2025
I 2025 registrerte Barneombodet 1817 inngåande og 1252 utgåande dokument. Av dei var det 731 spørsmål og innspel om barnerettar frå privatpersonar som vi gav 536 svar på. Berre 23 av desse er frå barn sjølve.
Talet på inngåande og utgåande dokument totalt
- 2021: 2 691
- 2022: 2 764
- 2023: 3 019
- 2024: 2 866
- 2025: 3069
Barneombodet leverte 44 svar på offentlege høyringar i 2025. Vi sende også ei mengde brev til offentlege myndigheiter der vi adresserte barns rettstryggleik på ulike område. I tillegg gav vi fleire innspel til offentlege utval og ulike komitéar på Stortinget. Alle høyringssvara, breva og innspela til myndigheitene er tilgjengelege på nettsidene våre.
Barneombodet heldt 114 føredrag i 2025.
Vi brukte innsynstilgangen vår ved to høve i 2025, då vi bad om innsyn i bakgrunnsberekningar for statsbudsjettet og i eit varsel frå eit statsadvokatembete til eit politidistrikt.
Barneombodet fekk ei samla løyving på kap. 848, post 01 Driftsutgifter, på 27 066 000 kroner i 2025, sjå note A.
Av årets tildeling brukte vi 91,8 prosent i budsjettåret. Vi har søkt om å få overføre 1 281 300 kroner av samla tildeling til 2026.
Barneombodet har brukt 463 451 kroner til investeringar i 2025. Lønnsutgiftene var på 18 234 913 kroner i 2025, og utgjorde 74,8 prosent av driftsutgiftene.
3. Aktivitetar og resultat i 2025
Resultatmåla for 2025 følgjer den treårige strategien for Barneombodet for 2025–2027.
Arbeidsmetodane til Barneombodet er delt i fire: overvaking, påverknad, opplæring og rettleiing. I arbeidet med overvaking hentar vi inn informasjon frå ulike område om tilstanden for barnerettane. I slike prosessar bruker vi mellom anna innsynsretten og medverknad frå barn.
Dette dannar grunnlaget for fagrapportane våre, der vi kjem med anbefalingar til offentlege myndigheiter. Vi arbeider aktivt for å få gjennomslag for anbefalingane gjennom ulike politiske prosessar. Samtidig driv vi opplæring i barnekonvensjonen for ulike offentlege instansar for å spreie kunnskap om aktiv bruk av konvensjonen. Rettleiingsarbeidet vårt er i hovudsak retta mot enkeltpersonar som tek kontakt, både vaksne og barn.
3.1 Resultatmål 2025
Barneombodet har tre satsingsområde i strategien for 2025–2027. Her omtaler vi kort resultata for 2025 innanfor dei tre områda:
Jobbe for at alle barn får ein god start på livet
Tidleg innsats og førebygging er hovudområda i strategien for Barneombodet i perioden. Fokuset vårt har vore på ein solid grunnmur i form av gode universelle tenester og eit trygt sikkerheitsnett for barn som treng noko meir. Dette har vi løfta på ulike arena, frå foredrag til møter til arbeidet vårt med å hente inn kunnskap.
Helsestasjonen er ein av dei viktigaste universelle tenestene for dei yngste, ved at dei er den første offentlege tenesta som møter barnet og familien etter fødsel og heimkomst. Denne tenesta betyr mykje for moglegheita til å avdekke risiko og sårbarheit rundt og hos barn. For å få auka innsikt i tenesta har vi gjennomført ei eiga undersøking blant 600 sjukepleiarar, i samarbeid med Verian Norge og NSF Helsesykepleierne. Resultata vil bli følgde opp i det politiske arbeidet.
Den forebyggande innsatsen til kommunane har også vore eit viktig arbeidsområde. Som ein del av dette har vi i samarbeid med Menon Economics fått laga ein rapport som viser ulike kostnadsnivå på tiltak som er på ulike nivå i forebyggingspyramiden.
Bygge våre innspel og kunnskap på kva barn og unge fortel oss
Vårt aller viktigaste tiltak for å løfte barn og unge sine stemmer, er etableringa av spørjeundersøkinga Barnebarometeret. Dette er meint å vere ei undersøking som vi skal gjere med jamne mellomrom, der tema og aldersgruppe kan tilpassast aktuelle saker. I det første Barnebarometeret i 2025 spurte vi 1 400 barn på 9 og 12 år om kva som er viktig for at barn skal ha det bra heime, på skulen og i fritida. I forkant av at vi utarbeidde spørjeskjemaet, besøkte vi skular i Oslo, Tønsberg, Kautokeino og Trondheim, for å få innspel frå barn om kva vi burde spørje om.
Vi overrekte undersøkinga til statsministeren og barne- og familieministeren, og fekk god medieomtale ved lanseringa. Den er også hyppig vist til i etterkant, særleg barn si klare melding til foreldre om å redusere skjermbruken når dei er saman med barn. Vi bruker også resultata frå undersøkinga i det politiske arbeidet, som i innspel til utvalet som jobba med framtida til skulen.
Bidra til at offentleg sektor varetar omsynet til kva som er best for barnet
E-læringsprogrammet om barnets beste-vurderingar, som vi lanserte i 2024, er framleis eitt av våre viktigaste verktøy for å styrke kunnskapen om dette temaet på lokalt og nasjonalt nivå. Mange kommunar har tatt det i bruke, og statsforvaltarane har med kurset som ein del av den faste opplæringa av nytilsette.
I 2025 gjennomførte vi ei kampanje for å spreie e-læringsprogrammet vidare.
3.2 Kommunikasjonsarbeid
Vi har innpassa kommunikasjonsarbeidet vårt godt i verksemda, og strategisk synlegheit er vektlagt i strategien til Barneombodet. Strategien er forankra i den statlege kommunikasjonspolitikken. Å vere ein synleg aktør i samfunnsdebatten er viktig for å få resultat, og vi arbeider aktivt med dette.
3.2.1 Medieomtale
Tal på mediesaker
- 2021: 1 581
- 2022: 1 267
- 2023: 1 252
- 2024: 1 100
- 2025: 1 200
I 2025 var Barneombodet nemnt i litt over ca. 1200 saker i pressa. Fagområda der vi var mest omtalt, handla om trygg digital kvardag, skule, vald og barnevern. Barneombodet hadde 18 kronikkar og debattinnlegg om ulike tema på trykk i aviser.
3.2.2 Nyheitsbrev
Barneombodet sende i 2025 ut 25 nyheitsbrev. Talet på mottakarar av nyheitsbrevet har gått frå 4771 til 4816 personar det siste året. Vi ser at talet på mottakarar av nyheitsbrevet aukar jamt. Omtrent halvparten av mottakarane opnar nyheitsbrevet, og det er etter vårt syn eit treffsikkert tiltak.
3.2.3 Sosiale medium
Barneombodet har (per 18.02.2026) 32 800 følgjarar på Facebook, 5 642 på Instagram, og 6 986 følgjarar på LinkedIn. Talet på følgjarar på Facebook går noko ned, som er ei generell utvikling, medan vi har ein stor auke på LinkedIn. Barneombodet har i 2025 i hovudsak satsa på Facebook og LinkedIn som eksterne digitale kommunikasjonskanalar.
3.2.4 Nettsider
I 2025 hadde barneombodet.no 302 594 sidevisningar og 148 340 unike brukarar på nettsida. I 2025 hadde vi om lag 184 700 visningar direkte til våre sider, og 87 100 visningar frå organiske søk (til dømes Google). Andre brukarar kjem til nettsidene våre via Facebook, LinkedIn eller andre referansesider.
Kurs 1: Barnets beste på individnivå
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 6030
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 525
Kurs 2: Barnets beste på systemnivå
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 2045
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 277
Kurs 3: Barns rett til å bli hørt på individ nivå
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 1300
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 232
Kurs 4: Barns rett til å bli hørt på systemnivå
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 835
Talet på gonger diplom er lasta ned(unike brukarar): 191
Sidene om rettane til barn og unge («Rettane dine») er framleis dei mest lesne på nettsidene våre. Temasidene om kriminalitet og straff, skule, pengar og jobb, sosiale medium og fritid er dei mest populære. I tillegg er sida om FNs barnekonvensjon mykje besøkt. I 2025 oppgraderte vi element på nettsida for å gjere den endå meir brukarvennleg. I dette arbeidet utvikla vi ein nedtrekksmeny i hovudmenyen, ein funksjon vi ikkje hadde tidlegare. Nedtrekksmenyen gjer det enklare og meir oversiktleg for brukarane å finne fram til ulike undersider og temasider på barneombudet.no.
Hovudsida for e-læringskurset på nett fekk nesten 14 200 visningar i 2025. Det er ein liten nedgang frå året før. Likevel ser vi ein liten auke i talet på personar som har lasta ned diplom for fullført kurs, samanlikna med 2024. Det indikerer at me har treft fleire relevante fagpersonar.
3.3 Arrangement
Lanseringa av Barnebarometeret skjedde på eit frukostseminar på Kulturhuset i Oslo 10. juni 2025, der barne- og familieminister Lene Vågslid tok imot undersøkinga og deltok på arrangementet. Vi hadde over 330 påmelde til arrangementet. Det var fullsett sal på Kulturhuset, og mange deltok digitalt via strøyming.
Som ei oppfølging av prosessen i FNs barnekomité, inviterte vi også til eit frukostseminar om statusen for barnerettane i Noreg 20. august 2025. Her deltok blant anna representantar for Barne- og familiedepartementet og Barneutvalet, fasilitert av Press - Redd Barna ungdom. Dette arrangementet hadde over 560 påmelde totalt til Kulturhuset eller strøyming.
Årets Lucy Smith-seminar hadde fokus på bruk av fysisk inngrep og makt, og innleiarane drøfta utfordringane rundt dette knytt til fleire område, frå skule til barnevern. Lucy Smiths barnerettigheitsdag er eit fast samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Barneombodet, og blir arrangert i Gamle Festsal på UiO.
4. Styring og kontroll i verksemda
Barneombod Mina Gerhardsen er den øvste leiaren av Barneombodet, og har ansvaret for at verksemda blir driven forsvarleg og effektivt. Arbeidet til Barneombodet er regulert i lov om barneombod og i instruksen for Barneombodet. I tillegg gjeld tildelingsbreva frå Barne- og familiedepartementet og instruksen for økonomi- og verksemdsstyring. Vi har laga ei rekkje rutinar for verksemda og arbeidet som blir utført.
Barneombodet nyttar mål- og resultatstyring som eit grunnleggjande prinsipp for styring. Vi bruker mellom anna metodane til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for styring og kontroll.
I tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet er det sett opp ulike administrative forhold og saker som vi skal rapportere om for 2025. Desse rapporteringskrava er tekne til følgje og blir omtalte nedanfor.
4.1 Fellesføringar frå regjeringa
4.1.1 Systematisk og heilskapleg arbeid for å redusere klimagassutslepp, naturfotavtrykk og energibruk
Barneombodet arbeider for at barn og unge får varetatt sine rettar etter FNs barnekonvensjon. Betre regeletterleving vil etter vår vurdering bidra til at Norge også i større grad oppfyller FNs berekraftsmål. Dette gjeld mellom anna å sikre god helse, redusere fattigdom, sikre god utdanning og mindre ulikheit.
Barneombodet er opptatt av å gjere klimavennlege val. Møteromma våre er godt utstyrte med nødvendig videoutstyr, slik at det er mogleg å ha møte utan å reise. Barneombodet oppfordrar medarbeidarane til å velje det mest miljøvennlege alternativet når dei reiser, mellom anna å ta tog i staden for fly der det er føremålstenleg.
I tillegg held Barneombodet fram med å digitalisere verksemda, mellom anna ved å publisere rapportar i hovudsak i digital form, og sende mest mogleg brev per e-post og digital post for å redusere papirbruken.
4.1.2 Utvikling i talet på tilsetjingar av personar med funksjonsnedsetjing
Vi lyste ut to stillingar i 2025, ei fagsjefstilling og ei seniorrådgivarstilling. Til begge stillingane understreka vi ønsket om mangfald, men vi fekk ikkje søknader frå søkjarar med funksjonsnedsetting.
4.1.3 Redusere konsulentbruken
Barneombodet bruker interne ressursar og kompetanse i det daglege arbeidet. I den grad vi brukar konsulenttenester, er det i kortvarige prosjekt for å løyse oppgåver vi ikkje har kompetanse på sjølve.
I 2025 har vi til dømes brukt ca 430 000 kroner på konsulenttenester til spørjeundersøkingar for å skaffe oss meir kunnskap til bruk i satsingsområda våre. Dette var «Barnebarometeret», ei undersøking om helsestasjonane i samarbeid med NSF Helsesykepleierne og ei undersøking om kommunale gevinstar av forebyggande tiltak. I tillegg har vi brukt 96 000 på konsulenttenester i samband med rekruttering av ny fagsjef.
Vi har ikkje kjøpt konsulenttenester frå kommunikasjonsbransjen i 2024.
4.2 Tillitsreforma til regjeringa
Det overordna målet med tillitsreforma er at innbyggarane skal få offentlege tenester med betre kvalitet og til rett tid. Barneombodet er i hovudsak eit overvakingsorgan, og ikkje ein tenesteytar, og har ikkje eigne tiltak etter reforma.
4.3. Digitalisering, digital sikkerheit, samfunnssikkerheit og beredskap
4.3.1 Digitalisering
Barneombodet held fram med å etterleve krava og føringane for digitalisering i offentleg sektor. Vi har ikkje hatt nokon nye digitaliseringsprosjekt i 2025, utover å ta i bruk KI, med lisens for Copilot til alle tilsette som ønska å få dette.
4.3.2 «Orden i eige hus»
Barneombodet har god oversikt over deling og gjenbruk av eigne data. Vi deler ikkje data med andre, men bruker eigne data internt.
Vi behandlar i hovudsak data i lukka system som Public 360 og DFØ-systema, og på serverar som er lagra hos Intility. Vi har ei fullstendig oversikt over desse systema som ein del av styringssystemet for informasjonstryggleik.
4.3.3 Digital tryggleik, samfunnstryggleik og beredskap
Med hjelp av styringssystemet for informasjonstryggleik held Barneombodet fram arbeidet med å følgje opp den nasjonale strategien for digital tryggleik og NSMs grunnprinsipp for IKT-tryggleik.
Barneombodet går gjennom og oppdaterer ROS-analysane sine årleg. Den største risikoen for Barneombodet er at personopplysningar, og då spesielt sensitive personopplysningar om barn og unge, skal komme på avvege. Dette ville vere ille både for den enkelte og for Barneombodet sitt omdømme. Vi har derfor ekstra medvit om dette i rutinane for lagring og behandling av personopplysningar.
Beredskapsplanen til Barneombodet består av ein generell del med mål og definisjonar, risikovurderingar, årlege aktivitetar, organisering av arbeidet, rutinar i beredskapsarbeidet og evaluering og læring. I tillegg har vi tiltaksskort for ulike hendingar, for eksempel brann, personskade, pandemi og omdømmekriser.
Vi har ikkje gjennomført nokon øvingar i 2025.
Vi deltar elles i nettverk og møter og held oss oppdaterte på området. I verksemdsplanen er beredskap sett opp som fast tema når det gjeld styring av verksemda, og er noko vi skal ha jamleg merksemd på framover.
4.4 Effektiviseringsfremjande tiltak
Barneombodet har tatt i bruk KI, og vi vil sjå nærare på kva vi kan bruke det til framover. Vi jobbar med å lage eigne retningsliner for dette.
I tillegg held vi fram arbeidet med effektivisering gjennom kompetanseheving og omfordeling av oppgåver internt.
4.5 Registrering av statstilsette sine verv og økonomiske interesser
Barneombodet har gått gjennom retningslinjene for registrering av statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Vi har vurdert det slik at det ikkje er behov for å etablere ei slik registreringsordning hos oss. Vi har verken kontroll- eller tilsynsoppgåver, eller oppgåver som inneber fordeling av godar mellom eller til private jf. punkt 3 c og e i retningslinjene.
4.6 Oppfylling av språklova § 13 og § 14
Barneombodet jobbar aktivt med å fremje nynorsk i kommunikasjonskanalane våre. For å sikre at dette blir gjort på ein god måte, har vi utarbeidd ei tiltaksliste som fordeler ansvaret mellom leiargruppa og kommunikasjonsavdelinga. I tillegg følgjer vi jamleg med på kor stor del av kommunikasjonen vår som er på nynorsk, og dette blir jamleg tatt opp i fellesmøte med alle tilsette.
I 2025 publiserte Barneombodet 160 innlegg til saman på sosiale medium. Av desse postane var 40 på nynorsk. Dette gir eit gjennomsnitt på 25 prosent nynorsk i dei sosiale media våre. På nettsida har vi publisert totalt 36 nyheitssaker. Av desse var 5 saker skrivne og publiserte på nynorsk, noko som utgjer 14 prosent av årets totale publiseringar. Vi jobbar òg aktivt med å rydde opp i og forbetre fordelinga mellom bokmål og nynorsk på nettsidene våre. Vi forsøker dessutan å veksle mellom bokmål og nynorsk i høyringssvara og innspela våre til bl.a. myndigheitene, og ligg på 3 prosent nynorsk her.
4.7 Oppfølging av saker frå Riksrevisjonen
Barneombodet har ikkje hatt merknader frå Riksrevisjonen.
5. Vurdering av framtidsutsikter
2025 var det første verknadsåret for den nye strategien, der vi ønskjer å jobbe meir med tidleg innsats og førebygging. Den første delen av året brukte vi derfor til å fylle strategien med konkret innhald, gjennom kunnskapsinnhenting og dialog med nettverket vårt. Dei første leveransane frå dette arbeidet begynte å bli klare hausten 2025. Desse vil vere med å leggje grunnlag for det vidare arbeidet i 2026. Årsplanen for dette året var klar før jul, og peikar ut særleg tre område som satsingar for 2026: Vald mot dei yngste barna, trygg digital oppvekst og kommunane sitt ansvar for gjere barnets beste-vurderingar.
Det har vore noko utskifting blant medarbeidarane i 2025, og permisjonar knytt til svangerskap og fødsel. Fagsjef Ivar Stokkereit slutta i stillinga i desember 2025. Ny fagsjef, Thomas Axelsen, vart tilsett, og var på plass frå 2. februar 2026. Vi forventar å ha full stab på plass igjen frå hausten 2026.
6. Årsrekneskap
6.1 Stadfesting
Barneombodet er frå 01.01.2025 ei brutto-budsjettert verksemd som fører og rapporterer verksemdsrekneskapen i tråd med ei statlege rekneskapsstandardane (SRS), i tillegg til ordinær rapportering etter kontantprinsippet. Verksemdsrekneskapen er sett opp i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).
Dette inneber at tabellane «Oppstilling bevilgningsrapportering 31.12.2025», «Note A» Forklaring av samlet tildeling og utgifter», «Note B, Forklaring til brukte fullmakter og beregning av mulig overførbart beløp til neste år» samt «Oppstilling av artskontorapporteringen 31.12.2025» er utarbeidd med grunnlag i kontantrekneskapen/statsrekneskapen. SRS er lagt til grunn for resultatrekneskapen, balansen og notane 1-8.
Årsrekneskapen er gitt i samsvar med føresegnene om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krava frå Barne- og familiedepartementet i instruksen om økonomistyring og i tildelingsbrevet.
Eg bekreftar at årsrekneskapen gir eit dekkjande bilete av dei disponible løyvingane i verksemda og av rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld.
Rekneskapen blir revidert av Riksrevisjonen.
6.2 Kommentarar til årsrekneskapen
Barneombodet fekk i 2025 ei samla tildeling på kapittel 0848 på 27 066 000 kroner. Vi viser til løyvingsrapporteringa og notane A og B.
Mindreutgifta på post 01 Driftsutgifter var på 2 218 183 kroner. Dette skuldast i hovudsak ubrukte refusjonar av sjukepengar og foreldrepengar og mindre bokført pensjon enn prognosane vi fekk frå SPK. I tillegg har vi hatt medarbeidarar med reduserte stillingar i 2025. Vi har også hatt eit mindreforbruk på reiser, møter og kurs for eigne tilsette. Vi har søkt om å få overført maksimalt overførbart beløp, 1 281 300 kroner til 2026, og viser til utrekningane i note B.
Barneombodet fekk ingen belastningsfullmakter for 2025. Artskontorapporteringa viser at dei samla netto rapporterte driftsutgiftene var på til saman 24 385 366 kroner i 2025. Tilsvarande tal for 2024 var 24 375 099 kroner.
Utgifter til lønn og sosiale kostnader utgjorde 18 234 903 kroner i 2025, mot 18 722 327 kroner i 2024. Lønnsdelen av dei rekneskapførte utbetalingane utgjer 74,8 prosent i 2025, mot 76,8prosent i 2024.
Talet på utførte årsverk er 16 årsverk i 2025, mot 17 i 2024. Dette skuldast i hovudsak sjukemeldingar og foreldrepermisjonar.
Dei bokførte kostnadene til investeringar var på 463 451 kroner i 2025, mot 83 048 kroner i 2024. Investeringane består i nye PC-ar og teknisk utstyr til eitt av møteromma våre. Mellomverande med statskassa var på 1 380 455 kroner.
Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar rekneskapen for Barneombodet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato og kjem i løpet av 2. kvartal 2026.
Årsrekneskapen blir publisert på nettsidene til Barneombodet så snart den er offentleg.
Oslo, 15. mars 2026
Mina Gerhardsen, barneombod
6.3 Prinsippnote til årsrekneskapen 2025
Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og avlagd etter nærmare retningslinjer fastsett i føresegner om økonomistyring i staten. Den er i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.4.1, nærmare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 av november 2025 og eventuelle tilleggskrav fastsett av det overordna departementet.
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:
a) Rekneskapen følgjer kalenderåret.
b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.
c) Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.
d) Utgifter og inntekter er førte i rekneskapen med brutto beløp.
Oppstillingane av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidde etter dei same prinsippa, men grupperte etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krav i føresegnene punkt 3.5 til korleis Barneombodet skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlina «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane.
Barneombodet er tilknytt konsernkontoordninga i staten i Noregs Bank i samsvar med krav i føresegnene pkt. 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder får ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Saldoen på den enkelte oppgjerskontoen blir nullstilt ved overgangen til nytt år.
Løyvingsrapporteringa
Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapporteringa og ein nedre delsom viser behaldningar Barneombodet står oppført med i kapitalrekneskapen.
Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen. Dette blir stilt opp etter dei kapitla og postar i løyvingsrekneskapen vi har fullmakt til å disponere. Kolonna for «Samla tildeling» viser kva Barneombodet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for kvar statskonto (kapittel/post). Oppstillinga viser i tillegg alle finansielle eigedelar og forpliktingar vi står oppført med i kapitalrekneskapen til staten.
Artskontorapporteringa
Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassen.
Artskontorapporteringa viser rekneskapstal Barneombodet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Barneombodet har ein trekkrett på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane er ikkje rapporterte som ei inntekt til statsrekneskapen og derfor ikkje viste som inntekt i artskontorapporteringa.
6.4 Rekneskapsprinsipp for bruttobudsjetterte verksemder
Verksemdsrekneskap avlagd i samsvar med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).
Opningsbalanse
Ved utarbeiding av opningsbalansen 01.01.2025 har Barneombodet verdsett immaterielle eigedelar og varige driftsmiddel til gjenanskaffingsverdi eller verkeleg verdi. Finansielle anleggsmidlar er verdsette til verkeleg verdi.
Gjenanskaffingsverdi for ein eigedel er det beløpet det vil koste dersom eigedelen skulle skaffast i dag, vurdert til same kvalitet, standard og funksjonalitet som eksisterande eigedel.
Kortsiktig gjeld er verdsett til pålydande.
Inntekter frå løyvingar
Hos Barneombodet blir inntekt frå løyvingane resultatført etter prinsippet om motsett samanstilling. Dette inneber at desse inntektene blir resultatført i takt med at vi utfører aktivitetane som blir finansiert av inntektene, det vil seie i same periode som kostnadane påløper.
Bruttobudsjetterte verksemder har ei forenkla praktisering av prinsippet om motsett samanstilling ved at inntekt frå løyvingar blir berekna som differansen mellom kostnadane i perioden og opptente transaksjonsbaserte inntekter. Ein konsekvens av dette er at resultatet av aktivitetane i perioden blir null.
Kostnader
Utgifter som blir finansierte med inntekt frå løyving og inntekt frå tilskot og overføringar, blir kostnadsførte i same periode som aktivitetane er gjennomførte og ressursane er forbrukte.
Pensjonar
SRS 25 Ytingar til tilsette legg til grunn ei forenkla rekneskapsmessig tilnærming til pensjonar. Statlege verksemder skal ikkje balanseføre netto pensjonsforpliktingar for ordningar til Statens pensjonskasse (SPK).
Barneombodet resultatførar arbeidsgivardelen av pensjonspremien som pensjonskostnad. Pensjon blir kostnadsført som om pensjonsordninga i SPK var basert på ein innskotsplan.
Frå 2022 har SPK lagt om pensjonspremiemodellen for statlege verksemder. Frå 1. januar 2022 betaler Barneombodet ein verksemdsspesifikk hendingsbasert arbeidsgivardel som del av pensjonspremien. At premien er verksemdsspesifikk, betyr at han blir berekna ut frå kvar enkelt verksemd sine forhold, ikkje for grupper av verksemder samla. At den er hendingsbasert, betyr at ho tek omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden hos Barneombodet, slik at premiereserven er ajour i forhold til oppteninga til medlemmen. Medlemsandelen på to prosent av lønnsgrunnlaget er uendra.
Leigeavtalar
Barneombodet har valt å nytte forenkla metode i SRS 13 om leigeavtalar og klassifiserer alle leigeavtalar som operasjonelle leigeavtalar.
Klassifisering og vurdering av anleggsmiddel
Anleggsmiddel er varige og store eigedelar som blir disponerte av verksemda. Med varige eigedelar siktar ein til eigedelar med utnyttbar levetid på 3 år eller meir. Med store eigedelar blir eigedelar forstått med anskaffingskost på 50 000 kroner eller meir. Anleggsmiddel er balanseførte til anskaffingskost trekt frå avskrivingar.
Kontorinventar og PC-ar med tilhøyrande skjerm med utnyttbar levetid på 3 år eller meir er balanseført som eigne grupper.
Varige driftsmiddel blir nedskrivne til verkeleg verdi ved endra bruk eller utnytting, dersom verkeleg verdi er lågare enn balanseført verdi.
Eigenutvikling av programvare
Kjøp av bistand til utvikling av programvare er balanseført. Vi har ikkje balanseført utgifter til bruk av eigne tilsette knytt til applikasjonsutviklingsfasen ved utvikling av programvarene.
Klassifisering og vurdering av omløpsmidlar og kortsiktig gjeld
Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eitt år etter anskaffingstidspunktet. Andre poster er klassifisert som anleggsmidlar/langsiktig gjeld.
Barneombodet har ikkje omløpsmidlar. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet.
Kapitalen til staten
Kapitalen til staten utgjer nettobeløpet av eigedelane og gjelda for Barneombodet, og kjem fram i rekneskapslinja for avrekningar i balanseoppstillinga. Bruttobudsjetterte verksemder presenterer ikkje konsernkontoane i Noregs Bank som bankinnskot. Konsernkontoane inngår i rekneskapslinja avrekna med statskassen.
Statlege rammevilkår
Sjølvassurandørprinsippet
Staten opererer som sjølvassurandør. Det er følgjeleg ikkje inkludert poster i balanse eller resultatrekneskap som søkjer å reflektere alternative netto forsikringskostnader eller forpliktingar.
Konsernkontoordninga i staten
Statlege verksemder blir omfatta av konsernkontoordninga i staten. Konsernkontoordninga inneber at alle innbetalingar og utbetalingar dagleg blir gjorde opp mot oppgjerskontoane for verksemda i Noregs Bank.
Barneombodet blir ikkje tilført likvidar gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. For bruttobudsjetterte verksemder blir saldoen på kvar enkelt oppgjerskonto i Noregs Bank nullstilt ved overgang til nytt rekneskapsår.
(last ned rapporten for å sjå vedlegg)