Her kan barn og unge søke hjelp i sommar

No er sommarferien her. Den er eit pusterom for mange, fylt av aktivitetar og moro. Men sånn er det ikkje for alle, og for fleire barn og unge er det ein rekordlang sommarferie i år. Her har vi samla nokre av hjelpetenestene barn og unge kan kontakte i sommar:

Alarmtelefonen 116111.no eller telefon 116 111 heile døgnet.

Er du barn og blir utsett for vald, truslar, overgrep eller omsorgssvikt? Treng du nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med alarmtelefonen på chat, telefon eller sms.

Det same kan du som vaksen gjera dersom du fryktar at eit barn ikkje har det bra, eller blir utsett for noko av det over.

Mental helse sin hjelpetelefonen 116 123

Har du psykiske vanskar og ønsker nokon å snakka med, så kan du kontakta Mental Helse hjelpetelefonen sin. Dei har ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakka med.

Røde Kors sin hjelpetelefon og chat, Kors på Halsen, har ope 16-22 heile sommaren.

Dersom du har spørsmål som ikkje hastar, så kan du stilla desse på ung.no. Der er det fleire fagpersonar som svarer på spørsmål frå barn og unge.

På vår side for barn og unge kan du òg finna ei oversikt over andre stader du kan søka hjelp. Her finn du kontaktinformasjon til politi, Mental Helse ungdom, ungdomstelefonen og fleire andre.

God sommar frå oss hos Barneombodet!

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev