– Barn får ikkje hjelp når dei har vorte utsett for vald og overgrep

Hjelp 1

Det går fram av den nye rapporten «Hadde vi fått hjelp tidligere, hadde alt vært annerledes» som Barneombodet lanserte 6. mars.

I rapporten, der Barneombodet har snakka med om lag 50 barn og unge som har vore utsett for vald eller seksuelle overgrep i oppveksten, avdekkjer Barneombodet store hol i oppfølgingstilbuda.

Barna fortel om eit system som rett og slett ikkje fungerer.

Avdekker fleire

– Vi har vorte flinkare til å avdekka vald mot barn, men oppfølginga av dei som har vorte utsett er langt frå god nok, seier barneombod Anne Lindboe.

I 2017 vart det gjennomført over 6000 avhøyr på barnehus i saker om vald og seksuelle overgrep mot barn. Barneombodet sin nye rapport avdekkjer at det er svært tilfeldig kva for ei hjelp desse barna får.

På vegne av Regjeringa mottok barneminister Linda Hofstad Helleland og statssekretærane Maria Jahrmann Bjerke (HOD) og Rikke Høistad Sjøberg (KD) rapportane frå Barneombodet.

På Youtube kan du sjå heile rapportlanseringa.

Ingen har ansvaret

I dag er det ingen som har ansvaret for oppfølginga av valdsutsette barn, sjølv om vi veit at det med god oppfølging er gode høve for å unngå at valdsutsette barn vert sjuke som vaksne.

– Styresmaktene må få på plass eit kommunalt hjelpeapparat som kan ivareta barn på ein heilt annan måte enn i dag, seier Lindboe.

– Mange kunne vore spara for mykje dersom dei hadde fått betre hjelp. Konsekvensane av manglande oppfølging av barn som har vore utsett, er alvorleg, seier ho.

Òg rapporten «Alle kjenner nokon som har opplevd det» vart overlevert til barneministeren den 6. mars. I han har Barneombodet snakka med cirka 200 ungdomar om seksuelle krenkingar mellom barn og unge.

Ungdommane manglar god undervisning om grensesetting, relasjonar og ber om ei seksualundervising som handlar om meir enn anatomi.

Barneombudets rapport om seksuelle krenkelser enkeltsider pdf lowres Side 01 725x1024
Barn og unge vold og overgrep Side 01 725x1024

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev