Korleis kan barnehagar og skular bygge eit sterkt «lag rundt barn og unge»?
Regjeringa må sørgje for at alle barn og unge får eit godt og likeverdig støttenettverk i barnehage og skule. Laget rundt barn og unge handlar om å ha rett kompetanse og fagpersonar tilgjengeleg, slik at barna får den støtta dei treng for å meistre mellom anna skulegang og sosial utvikling.
Barneombodet ønskjer å få innsikt og ei felles forståing for kva som skal til for at barn og unge får hjelpa dei treng. Vi har derfor invitert fagforeiningar og organisasjonar som representerer ulike fagfelt og barn og unge. I møta diskuterer vi:
- Kva behov har barn og unge, og kva kompetanse treng dei rundt seg i barnehage og skule?
- Kva skal til for at alle barnehagar og skular har eit sterkt lag rundt barn og unge?
Fram til no har mange løfta betydninga av gode støttenettverk rundt barn i barnehage og skule. Det må sikrast at barn har tilgang til vaksne som skal følgje opp faglege og ikkje-faglege behov, som til dømes tilrettelegging av undervisning, skulefråvær, mobbing, vanskelege heimeforhold og psykiske plager.
Innspela vi får i møta vil bli brukte i det vidare arbeidet vårt i korleis laget rundt barn og unge bør styrkjast.