Barn må få oppfylt sine lovfesta rettar

Barn i klasserom
Foto: Nicole Honeywill, unsplash.com

For tretti år sidan fekk vi FNs konvensjon for barnerettane. Konvensjonen har gitt oss eit nytt syn på den rolla barn og unge spelar i samfunnet, og har vore viktig for rettssikkerheita til barn. Sentralt står retten barn har til å bli høyrt i alle saker som angår dei. Likevel har vi ein veg å gå for at barn får ei reell stemme der det trengst.

Barns rettar er ein del av grunnlova

Barnerettane står sterkt i Norge. Vi fekk det første barneombodet i verda i 1981, og barneombodsordninga har no spreidd seg til over 70 land. I 2003 blei barnekonvensjonen norsk lov, og i 2014 kom sentrale rettar for barn inn i grunnlova:

  • Staten har eit særleg ansvar for at barn blir beskytta mot vald og får varetatt rettssikkerheita si.
  • Barn har rett til å bli høyrt i spørsmål som gjeld dei sjølv. Dette gjeld både på individ- og systemnivå.
  • Det beste for barnet skal vere eit grunnleggande omsyn i alle saker som angår barn.
  • Staten skal sikre barnet si utvikling og barnet sitt vern om sin personlege integritet.

Barnekonvensjonen har gjort noko med samfunnet vårt og korleis vi ser på barn. Etter at rettane blei ein del av norsk lov, har omtalen av barnerettane akselerert i media og i domstolen. I domstolane i dag blir konvensjonen aktivt brukt i saker som angår barn. Her har Høgsterett spelt ei viktig rolle. Vi hadde ikkje hatt ein så offensiv politikk mot vald og overgrep utan at vi hadde fått løfta barnet som eige rettssubjekt – med eigne rettar – og med eit særleg vern mot vald og misbruk.

Men ein del utfordringar står att. Om barn opplever brot på rettane sine, har dei ingen stad å gå. Det er forskjell på å ha rett og få rett. Kvar skal dei klage om foreldra publiserer eit bilde av dei utan samtykke? Sjølv om barn har rett på privatliv, har dei ingen stad å klage.

Regjeringa må inkludere barn i sitt arbeid

Barnerettane, som retten til å bli høyrt, blir ikkje godt nok varetatt i offentlege utgreiingar. Eg har dei siste åra sett omfattande offentlege utgreiingar med stor betydning for barn, der barn sin rett til å bli høyrt ikkje er godt nok varetatt. Ei forklaring er at regjeringa ikkje har stilt krav til deltaking frå barn i mandata. Utvala prioriterer derfor ikkje å hente inn stemmene til barn i saker som angår dei. Dette gjeld for barnevernlovutvalet, familievernutvalet, forvaltningslovsutvalet og openheitsutvalet. Utvala må få meir informasjon frå regjeringa om kravet til å vurdere konsekvensar for barnerettane. Å lytte til barn er ein føresetnad for å finne ut kvar skoen trykkjer. Om ikkje, risikerer vi å sette i gang tiltak som ikkje fungerer – og vi kaster pengar ut vindauget.

Når barnerettane er tatt direkte inn i særlovene, som til dømes opplæringslova, blir det gjort vurderingar og slutningar basert på desse. Vi manglar ei tilsvarande presisering på helseområdet. Eg ser at dette har stor betydning for korleis barn blir vurdert og behandla i det offentlege. Dei som jobbar med barn må få kunnskap om barnerettane og korleis dei skal nyttast i praksis.

For barnerettane kjem ikkje av seg sjølv. Det er vi vaksne som må ta ansvaret.

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev