Krev tusen kroner meir til kvart barn 

Mina Gerhardsen Foto: John Trygve Tollefsen

Politikarane ignorerer mykje av det vi veit om kva barn treng, det seier barneombod Mina Gerhardsen om framlegget til Statsbudsjett.  

− Å forebygge tidleg løner seg, og det at barn og unge får gode tilbod gjennom til dømes skulehelseteneste og fritidsaktivitetar, er tidleg innsats vi veit verkar. Likevel vel regjeringa heller å bruke nye og fleire titals millionar kroner på å reparere følgene av kriminell ungdom, seier Gerhardsen

No krev Barneombodet ein tusenlapp meir til kvart barn i statsbudsjettet, slik fleire førebyggande tiltak kan settast i verk tidleg. 

− Om barn får tidleg oppfølging i barnehage, skule, helsetenester, og opplever meistring gjennom fritidsaktivitetar, så sparer det også storsamfunnet for enorme kostnader seinare, seier Gerhardsen.

Barneombodet meiner at 1 milliard kroner meir - no må settast av på statsbudsjettet til førebyggande tiltak hos dei om lag 1,1 millionar barna i Noreg.   

Fengsel i staden for førebygging  

− Regjeringa har mellom anna foreslått å ta nesten 8 millionar kroner frå skulehelsetenesta til barn, og heller bruke desse pengane til fengselstenester. Sjølv om summen kanskje ikkje er enorm, er symbolikken stor, seier Gerhardsen.

Det er vel og bra at fengselstenester vert styrka for utsette grupper, men det vert feil å flytte pengar frå førebygging til reperasjon. Då har skaden på sett og vis allereie skjedd, for å seie det litt forenkla. Når ungdom først hamnar i fengsel, har det gått så langt at det snakk om store kostnader til rehabilitering og støtte. I tillegg til dei personlege omkostningane og enkeltskjebnane i dette, veit vi og at ein stykk fengselsplass kostar samfunnet i snitt 7 millionar kroner i året.  

− Då er det både viktigare og langt rimelegare å heller nå desse barna tidleg i årsaksrekka, for å unngå at desse problema i det heile tatt oppstår, seier Gerhardsen.

Set sårbare grupper opp mot kvarandre

I 2024 søkte kommunane om over 1 milliard kroner over tilskotsordninga for helsestasjonar og skulehelseteneste, men fekk berre under halvparten av dette utbetalt.  

− Det viser at kommunane har eit stort behov, og det vert endå fleire sårbare barn som må kjempe om kvar krone i den nye ordninga som no er foreslått, seier Gerhardsen. 

− Skulehelsenesta fangar tidleg opp sårbare barn som treng og brukar helsesjukepleiarar, og det å ta pengar frå desse barna, er ikkje berre uansvarleg, men går også i mot alt vi veit om kva tiltak som verkar, seier ho. 

Noreg er eitt av dei landa i verda som gjennom forsking veit mest om kva som skaper optimale oppvekstvilkår for barn og unge. 

− Samstundes kan det synes som om vi no er eitt av dei landa der politikarene bruker denne kunnskapen minst, seier Mina Gerhardsen som no har sitte som barneombod i over eitt år.   

Alarm om barnevernsbarn

Barneombodet har tidlegare slått alarm om at talet på barn under omsorg av barnevernet stuper.      

− Dette er ei utvikling vi har følgd med bekymring lenge, for vi har ingen grunn til å tru at behovet for barnevern er redusert, tvert i mot, seier Gerhardsen. 

I 2016 hadde barnevernet omsorg for 10. 234 barn. I 2024 var dette nede i 7.339. Det betyr at talet på barn i barnevernet sin omsorg har falle med nesten 30 prosent på desse åtte åra.    

− Små barn som utøver alvorleg kriminalitet, skal først og fremst bli behandla som offer. Dei vert ofte utnytta og brukt av organiserte kriminelle. Det er avgjerande at vi finn ut kva som driv desse ungane, heller enn å møte dei med truslar om straff og tvang. Særleg når vi veit at desse borna ofte sjølve har vore utsette for vald heime, og at det er ein sterk samanheng mellom det å ha opplevd vald og det å hamne i den kriminelle statistikken, seier Mina Gerhardsen. 

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

E-læring