seksjon_hoyre.jpg

Rettigheitssplakaten

konsert.jpg

Barneombodet har sett saman alle rettane du har i høve til kor gamal du er. Her kan du sjå næare på dei.



Når kan DU gjere kva??

0-18
Fram til du er 18 år er du å rekne som barn og har krav på vern og ...

• Du har rett til omsorg og omtanke frå foreldre eller føresette.
• Dei har rett og plikt til å ta avgjerder på dine vegner.
• Foreldra skal gi deg større sjølvråderett etter kvart som du blir eldre.
• Du har rett til jamnleg kontakt med både mor og far sjølv om dei bur kvar for seg.
• Når du er i stand til å ha eigne meningar, skal du bli informert og få høve til å uttale deg. Meininga di skal tilleggjast vekt i samsvar med kor gamal du er og kor moden du er.
• Det er ikkje lov å slå barn.
• Du har rett til hjelp frå barnevernet dersom du har det vanskeleg eller er i naud.
• Du har rett til nødvendig helsehjelp der du bur og der du oppheld deg mellombels.
• Er du på sjukehus, har du rett til å ha minst ein av foreldra hjå deg heile tida. Du har også rett til undervisning under opphaldet og til aktivitetar.
• Har du spesielle behov eller problem, har du rett til særskild hjelp.
• Foreldra dine har rett til å vere heime frå arbeid i ei avgrensa mengd dagar når du er sjuk, til og med det året du fyller 12. Dersom du har ein svært alvorleg skade eller sjukdom, er grensa 18 år.
• Du kan sjå filmar som er tillatne for alle.
• Alle under 16 kan fiske utan å betale fiskeavgift.
• Du kan utføre kulturelt, kunstnarleg, sportsleg eller reklamemessig arbeid så framt arbeidet ikkje påverkar skolegang, tryggleik, helse og utvikling.

4 år
• Saman med ein vaksen kan du sjå film med aldersgrense 7 år.

6 år
• Du har rett og plikt til å gå på skolen.
• Du har rett til å få eit eige undervisningsopplegg dersom du treng det.

7 år
• Du skal få uttale deg i saker som vedkjem dei personlege tilhøva dine. Til dømes kvar du skal bu og kvar du skal vere i ferien dersom foreldra dine er skilde, eller dersom du har kontakt med barnevernet.
• Du kan sjå på film med aldersgrense 7 år, på eiga hand eller saman med andre barn.

8 år
• Saman med ein vaksen kan du sjå film med aldersgrense 11 år.

9 år
• Frå og med femte klasse kan du veljast inn i elevrådet og fremje saker for samarbeidsutvalet på skolen.

11 år
• Du kan sjå på film med 11-års aldersgrense på eiga hand eller saman med andre barn.


12 år
• Det skal leggjast stor vekt på det du meiner i saker om personlege tilhøve.
• Du kan ikkje adopterast utan å ville det sjølv.
• Du kan nekte å skifte etternamn sjølv om ein av foreldra dine gjer det.
• Dersom du vil skifte etternamn, må foreldra dine vere samde i det og søkje for deg.
• Saman med ein vaksen kan du sjå på film med aldersgrense 15 år.
• Foreldra dine har rett til å vere heime frå arbeid når du er sjuk, i ei avgrensa mengd dagar, til og med det året du fyller 12.
• Når du er mellom 12 og 16 år skal det ikkje bli gitt opplysningar til foreldre når du, av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer det.
• Du har rett til å seie meininga di om innmelding og utmelding av trussamfunn.

13 år
• Du kan ta arbeid som til dømes barnevakt, avisbod eller jordbærplukkar. Arbeidet må vere enkelt, og det må ikkje gå ut over skole eller helse. Foreldra dine må vere samde i at du arbeider.
• Du slepp å betale skatt dersom du tener mindre enn fribeløpet.

14 år
• Foreldra dine eller verja di skal høyre på kva du meiner før dei fattar avgjerd om økonomien din. (Til dømes dersom mor eller far skal bruke sparepengane dine til noko).
• Du kan ta jegerprøva og vere med ein vaksen jegar på jakt, dersom foreldra gir deg lov. Det er den vaksne som har ansvaret.
• Du kan få båtførarsertifikat og køyre inntil 8 meter lange båtar (kurset kan du ta før du blir 14).

15 år
• Du er over den kriminelle lågalder og kan bli straffa pengebot, samfunnsstraff eller fengsel dersom du bryt lova.
• Du kan setjast i varetekt, men verja dine skal varslast og dei har bestemte rettar.
• Du har rett til å ta vanleg lønna arbeid, men foreldra dine kan seie opp avtalen dersom "oppfostring og velferd" krev det.
• Du har rett til å bestemme over pengar du har tent sjølv, men foreldra dine kan setje grenser.
• Du kan velje utdanning sjølv, og du har rett til ein plass i vidaregåande skole etter du er ferdig med ungdomsskolen.
• Du kan bli part i barnevernssaker. Du har då rett til å sjå papira som barnevernet har i saka di og du får advokat dersom saka skal opp i Fylkesnemnda.
• I nokre saker kan du òg bli part når du er under 15 år. Du har rett til å melde deg inn og ut av foreiningar og trussamfunn (til dømes kyrkja).
• Du kan gå åleine på kino med 15-års aldersgrense.
• Du kan øvelseskøyre på lett motorsykkel eller moped og traktor på særskilde vilkår etter å ha gjennomført trafikalt grunnkurs.
• Du kan ta dykkarsertifikat.

16 år
• Du er over den seksuelle lågalder.
• Du har rett til å nekte foreldra å få vite at du har vore hjå lækjar.
• Du kan øvelseskøyre bil dersom du har gjennomført trafikalt grunnkurs. Følgjesveinen må ha fylt 25 år og ha hatt sertifikat samanhengande i over 5 år. Bilen skal ha L-skilt i bakruta og ein ekstra spegel på innsida.
• Du kan ta mopedførarbevis og førarprøva for lett motorsykkel og traktor, dersom du har gjennomført trafikalt grunnkurs og annan obligatorisk opplæring.
• Du kan gifte deg - med foreldra og styresmaktene si godkjenning.
• Du kan sjølv bestemme å få utført abort. Før du er 16 kan du også få utført abort, men då skal foreldra dine vanlegvis seie meininga si.
Dersom dei seier nei, er det fylkeslækjaren som avgjer søknaden.
• Du har rett til å søkje lån og behovsprøvd stipend til vidaregåande opplæring.
• Du kan byrje med fallskjermhopping, hanggliding eller paragliding dersom foreldra dine tillet det.
• Du kan køyre traktor som ikkje går raskare enn 40 kilometer i timen. Til dette treng du ikkje førarkort. Du kan ikkje køyre på offentleg veg.
• Du kan gå på småviltjakt på eiga hand dersom du har teke jegarprøva - og storviltjakt, under oppsyn av ein vaksen og med foreldras samtykke.
• Du kan delta i senior NM, EM, VM, OL og World Cup.
• Du kan stemme ved lokalval dersom du bur i ein kommune som har gått inn for forsøk med stemmerett for 16-åringar.
• Du kan køyre inntil 15 meter lange båtar.


17 år
• Du kan ta segelflysertifikat, flysertifikat og helikoptersertifikat og flyge heilt på eiga hand.


18 år
• Du er myndig og har alle rettar.
• Du har stemmerett ved val.
• Du bestemmer sjølv i personlege og økonomiske saker.
• Du kan ta førarkort for bil og tung motorsykkel så lenge du har gjennomført trafikalt grunnkurs og annan obligatorisk opplæring eller har skaffa deg førarrett til klassene A(lett motorsykkel), M (moped), S (snøscooter) eller T (traktor) på bakgrunn av obligatorisk opplæring eller avlagt førarprøve.
• Adopterte barn har rett til å vite kven som er deira biologiske foreldre, dersom det er kjent for styresmaktene.
• Du kan gå på storviltjakt på eiga hand og kjøpe jaktvåpen.
• Du kan kjøpe sigarettar, vin og øl, men ikkje sprit.


rettighetsplakaten2.jpg

Skal vi sende dere plakater?

Send oss en epost med adressen og hvor mange plakater dere vil ha.

Plakaten har to sider, en bokmål og en nynorsk. Vi har den også på samisk.

Send oss en bestilling på post@barneombudet.no


Savner du noe?

Dersom du vet om en aldersbestemt rettighet som ikke er med i Barneombudets rettighetsplakat så kan du tipse oss på post@barneombudet.no


Utviklet av Renommé Communication