Du har rett og plikt til å gå på skolen.

Fra Rettighetsplakaten

A A+ A++

.


Kva er Barneombodet?
Barneombodet skal vere talsperson for barn og unge. Vi er ein statleg institusjon, og jobbar for barn sine rettar på alle område av samfunnet. Barneombodet er både eit kontor og ein person. Anne Lindboe er barneombod, og hun leiar ca 20 tilsette.

Barneombodet blir oppnemnd av regjeringa og kongen, og har jobben i eit åremål på seks år. Det går berre an å vere barneombod i ein periode.

Barneombodet er ombod for alle barn i Noreg. Kontoret held til i Oslo, men det er viktig for oss å nå ut til heile landet.

Kva gjer Barneombodet?

Vi jobbar for at dei som bestemmer nasjonalt, i fylka og i kommunane skal bestemme det som er best for barn, og ikkje minst høyre på kva barn meiner når dei tar avgjersler som påverkar barn. Barneombodet er politisk uavhengig, og ingen kan seie noko om kva vi skal meine.

Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å passe på at norske styresmakter følgjer det dei har forplikta seg til etter FN sin konvensjon for barn sine rettar. Du kan sjå meir om barnekonvensjonen på youtube.com/barnekonvensjonen eller på barneombudet.no/barnekonvensjonen.

Lova om Barneombodet seier at vi har rett til innsyn i alle saker som handlar om barn. I heilt spesielle tilfeller brukar vi innsynsretten for å få informasjon om ein heilt konkret sak eller eit saksfelt. Hovudformålet er då å avdekke svikt i systemet eller brot på barn sine rettar. På den måten ser vi om saka reiser prinsipielle spørsmål, sjølv om vi ikkje har høve til å gjere om på vedtak.

Nyttige lenkjer:


Historia om Barneombodet

Lov og instruks om Barneombodet

Korleis kan Barneombodet hjelpe deg?

Vi er i kontakt med barn og unge, vaksne privatpersonar, dei som møter barn og unge i jobben sin, og ikkje minst norske styresmakter på nasjonalt og lokalt nivå.

Barn, ungdom og vaksne som tar kontakt med oss kan få råd og rettleiing om korleis barn kan få oppfylt rettane sine der dei bur. Det kan handle om rettar på skulen, i familien, barnevernet, fritidsmiljøet eller andre områder som har med born sin oppvekst å gjere.

Barn og unge skal gå framfor andre når dei tar kontakt med oss. Det kan vere på telefonen, på e-post, via Klar melding eller på sosiale media.

barneombodet.no/kontakt kan alle lese meir om korleis dei kan kontakte oss.

Barneombodet har ikkje lov til å gjere om på vedtak. Vi kan berre ha standpunkt på generelt grunnlag og ikkje om saker på individnivå.

Korleis vi svarar på førespurnader blir styrt av blant anna forvaltningslova. Det betyr at alle normalt skal få svar innan fire veker etter at dei har tatt kontakt med oss. Barn og unge skal ha svar raskare enn det.

Kontakt med styresmaktene

Barneombodet jobbar opp mot norske styresmakter for å påverke dei til å skape eit betre samfunn for barn og unge. Det gjer vi blant anna ved å sende brev, svare på høyringar og ha møter med politikarar i regjeringa og på Stortinget. Mykje av det vi meiner kan du lese på barneombudet.no/barneombudetmener.

Barneombodet må velje kva områder vi vil prioritere å jobbe med frå år til år. Det gjer vi gjennom å lage ein verksemdsplan for kvart enkelt år.

Nyttig lenkje:

Her kan du sjå Barneombodet sine mål for 2012

"Ombudet har til oppgave å fremme barns interesser overfor det offentlige og private, og skal følge med i utviklingen av barns oppvekstkår."
- Lov om Barneombud


Om Anne Lindboe:
Anne Lindboe
Anne Lindboe starta som barneombod i juni 2012, og sit i ein periode på seks år.