Barneombudet: såpebobler

Vi passer på barn og unges rettigheter

Barneombudet skal fremme barns interesser i samfunnet og følge med på utviklingen av barns oppvekstkår. Vi skal spesielt følge med på at barns interesser blir ivaretatt i lovgivningen og at Norge overholder FNs barnekonvensjon.

Barneombudet er uavhengig.

Dette er våre satsingsområder i perioden 2022-2024

  • 1 Gode oppvekstmiljø for barn og unge
  • 2 Gode hjelpetjenester til barn som trenger det
  • 3 Godt samarbeid rundt barn og unge som trenger hjelp fra flere tjenester
  • 4 Myndighetene tar ansvar for å oppfylle, respektere og beskytte barns rettigheter

Kva gjer Barneombodet?

Barneombodet har fleire verkemiddel for å løyse mandatet sitt:

1. Overvaking

Vi bruker overvaking til å samle og arbeide med kunnskap gjennom informasjon frå barn og unge. Denne informasjonen samlar vi frå

  • forsking på området
  • møter med organisasjonar
  • innsyn i enkeltsaker
  • medverknadsprosessar med barn og unge

Ved hjelp av denne informasjonen lagar vi rapportar og anna skriftleg dokumentasjon som vi bruker overfor politiske myndigheiter og samfunnet elles.

2. Påverknad

Barneombodet brukar påverknadsarbeid for å informere om vårt syn i faglege spørsmål:

  • Vi har møter med offentlege myndigheiter og politikarar.
  • Vi svarar på høyringar og skriv brev til offentlege myndigheiter.
  • Vi gir innspel til offentleg nedsette utval.
  • Vi ber om tilsyn med offentlege og private instansar som jobbar for og med barn og unge.
  • Vi gir innspel til høyringar på Stortinget.

Vi jobbar også med påverknad gjennom vårt generelle kommunikasjonsarbeid.

3. Opplæring

Barneombodet bruker opplæring for å bidra til at offentlege myndigheiter skal ha nødvendig kunnskap om barnekonvensjonen. Dette gjer vi gjennom

  • foredragsverksemd om barnekonvensjonen
  • nettsider som gir informasjon om barnerettane
  • samarbeid med aktørar som kan bidra til å spreie informasjon om barnerettane

4. Rettleiing

Barneombodet bruker rettleiingsarbeid for å bidra til at privatpersonar, helst barn og unge, skal kunne ha nokon å kontakte om dei ikkje opplever å bli høyrt av offentlege myndigheiter.

Vi behandlar ikkje enkeltsaker, men vi svarer på alle spørsmål frå privatpersonar, og rettleiar og viser dei til rett instans.

Barneombodet passar på barnekonvensjonen

Veit du kva barne­konvensjonen er?

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Barneombodet er å passe på at dei som bestemmer i Noreg, følgjer barnekonvensjonen.

Lær meir om barnekonvensjonen 
Barneombudet: barn bygger jernbane
Barneombudet: mor som bærer barnet

Informasjonskapsler

Vi bruker ulike verktøy som informasjonskapsler, for å samle inn data om hvordan besøkende samhandler med nettstedet vårt. Ved å klikke på Godta, godtar du bruken av disse verktøyene.

Les mer

Nyhetsbrev