Treng barn ei helseteneste?
Skal samfunnet kunne gje barn og unge ein god skulekvarrdag, må ikkje berre skulen, men også skulehelsetenesta rustast opp.
Av Astrid Grydeland Ersvik, leiar NSF Landsgruppe for helsesøstre,
Reidar Hjermann, barneombod
Alle kommunar er pliktige til å ha ein helsestasjons- og skulehelseteneste. Som PULS i NRK1 synte i sitt innslag 22.mai i år, er det store forskjellar på korleis kommunane satsar på skulehelsetenesta. Dei statlege føringar seier lite om kva slags kvalitet tenesta skal ha, og ingen ting om ressursar pr. elev.
Skulehelsetenesta skal gje eit tilbod til alle born og unge, frå før dei startar i 1.klasse og til dei går ut av vidaregåande skule. Tilbodet skal omfatte tradisjonelle oppgåver som vaksinasjon og helseundersøkingar, men også individuell rettleiing og rådgiving - både til elevar, foreldre og føresette, og samarbeidande personale i og utanfor skulen.
Vidare skal ein vere bidragsytar i undervising og opplysingsverksemd, gje rettleiing i grupper og delta i eller vere koordinatorar i ulike ansvarsgrupper for born og unge med samansette krav. Helsesyster er den mest sentrale fagpersonen i dette arbeidet. Helsesystrer har med sin kombinasjon av sjukepleieutdanning og spesialutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot born og unge, ein unik kompetanse.
I dag rekk helsesystrer i skulehelsetenesta knapt nok å gjere lovpålagte oppgåver, som vaksinasjon og helseundersøkingar. Tilbodet om fast treffetid for elevar, er mange stadar ein vits. Å ha ei treffetid på 1 time pr. veke på ein skule med fleire hundre elevar, er ikkje eit reelt tilbod. Det blir for lettvint å kritisere skulehelsetenesta for ikkje å gjere ein god nok jobb, utan samtidig å sjå på det ressursgrunnlaget tenesta rår over.
Sjølv om norske born og unge er blant dei friskaste i verda, peikar ei rekkje undersøkingar på at det er ein aukande førekomst av bl.a. psykiske lidingar blant born og unge. Ti til tjue prosent av skuleungdom oppgjev psykosomatiske lidingar.
Ein reknar med at 15-20 prosent av alle born og unge i Noreg kan ha psykiske lidingar og vanskar, og omlag 8 prosent av desse har så alvorlege plagar at dei er behandlingstrengande. Den same undersøkinga viser at 15 prosent av borna har ein kronisk sjukdom. 10 til 20 prosent av 11-15 åringar er overvektige. Opptil 30 prosent av 15-16 åringar røykjer. (Folkehelseinstituttet 2006).
Vidare viser internasjonale studiar at det er mest åtferdsproblem i den norske skulen (PISA, 2004). Vi har også mange born og unge som har krav på at ein legg ekstra til rette for dei i skulen. Skulen i seg sjølv kan bidra til betre helse, men også produsere helseproblem. Ein får helseproblem gjennom dårleg inneklima, for lite fysisk aktivitet gjennom skuledagen, mobbing og negativt stress for å nemne nokre forhold.
I denne kvardagen skal skulehelsetenesta fungere som born og unges bedriftshelseteneste, vaktbikkje og talerøyr. Dette krev dyktige fagfolk, tilstrekkeleg tid og nærvær i skulen, samarbeidsevne og ein statleg og kommunal vilje til å satse på skulehelsetenesta. Denne viljen er i dag ikkje sterk nok.
Skulehelsetenesta skal vere born og unges primære lågterskel helsetilbod.
Skal dette fungere etter intensjonane, må tilsette i skulehelsetenesta få tid og ressursar nok til å kunne kartlegge og gripe inn tidlegast mogleg når born og unge viser teikn på mistrivnad og helselidingar. Skulehelsetenesta har også eit ansvar for borns arbeidsmiljø, og bør i langt større grad enn i dag få høve til å engasjere seg i og varsle om uheldige forhold i både det psykososiale og fysiske skulemiljøet.
Midlar til skulehelsetenesta må øyremerkast for å unngå at det førebyggande arbeidet blir ein salderingspost i kommunar med tronge budsjett.
Skal samfunnet kunne gje born og unge ein god skulekvardag, må ikkje berre skulen, men også skulehelsetenesta rustast opp. Sørg for at elever i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, har ei "bedriftshelseteneste", ei skulehelseteneste tilgjengelig kvar dag.
Vi håpar at helse- og omsorgsministeren og kunnskapsministeren samen tek denne utfordringa!
Publisert fyrste gong i Dagsavisen, 16.06.06
Oppdatert: 07.07.2008 12:48


