seksjon_hoyre.jpg
tips en venn
utskrift

Høyring om føring av fråvere og førstegongsvitnemål (Nynorsk)

BARNEOMBODET

Utdanningsdirektoratet
Postboks 2924 Tøyen
0608 OSLO

Dykkar ref:

Vår ref:

Saksbeh:

Arkivkode:

Dato:

10/00980-2

Janicke Sæther Olsen

520;O;SKB

23.4.2010

Høyring om føring av fråvere og førstegongsvitnemål

Ein viser til høyringsbrev frå Utdanningsdirektoratet om forslag til

- skjerpa krav til føring av fråvere på vitnemål
- endra krav til førstegongsvitnemål

Mandat
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med på at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar. Ombodet skal av eige tiltak, eller som høringsinstans, ta vare på barn sine interesser i samband med planlegging og utreiing på alle felt, føreslå tiltak som kan styrkje barns rettsvern med meir. Ombodet sitt mandat er avgrensa til barn under 18 år.

FØRING AV FRÅVERE

Samandrag

Barneombodet er kritisk til forslaget om at elevar med lovleg fråvere grunna sjukdom og politisk arbeid skal få auka mengd fråveredagar som blir førts på vitnemålet. Ombodet kan ikkje sjå at det å føre ei større mengd dagar på vitnemålet er eit eigna tiltak mot nedgang.

Barneombodet føreslær at departementet i staden innfører eit system som gir føremoner til elevar som tek på seg politiske verv og samfunnsoppgåver, til dømes gjennom auka poeng ved opptak vil universitet og høgskolar. Vidare rår Ombodet til at departementet innfører plikt for skolar til tettare oppfølging av elevar som slit med sjukdom og andre personlege tilhøve - gjennom auka rettleiing, auka tilpassing og betre medisinsk tilbod gjennom skolehelsetenesta

Høyringsfråsegn
Barneombudet er kritisk til at Kunnskapsdepartementet føreslær at elevar skal få meir fråvere ført på vitnemålet. Barneombodet meiner at dette forslaget ikkje vil rette på problem med fråfall og finn det påfallende at departementet stadig fremjar forslag om sanksjonar i staden for å fokusere på tiltak som vil motivere til gjennomføring.

Forskjellige standardar

Vaksne har IA-bedrifter som gir rett til inntil 8 samanhengande dagar, men maksimalt 24 dagar heilt udokumentert fråvere i løpet av 12 månader. I tillegg har ein rett til fråvere på grunn av sjuke barn og annan sjukdom med legeerklæring, utan at det på nokon måte vil ramme arbeidstakaren eller bli registrert på noko kompetansebevis. Det er påfallande at ein ovanfor elevar vel heilt andre virkemidlar enn dei ein tilgodeser vaksne. Auka fråvere-registrering i skolen vil etter Barneombodets syn ramma dei som er samfunnsengasjerte og dei som frå før slit med mykje sjukdom. I tillegg fangar ein ikkje opp elevar som er i risikogruppa.

I dag har elevar rett til at inntil 14 dagars fråvere av helse- og velferdsgrunnar ikkje blir ført på vitnemålet. Dette inkluderer arbeid som tillitsvald, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte (for eksempel vitneplikt) og representasjon i arrangement på nasjonalt og inter-nasjonalt nivå. Det vil seie at ein samfunnsengasjert ungdom eigentleg ikkje kan vere sjuk i tillegg, utan å få ført fråvere på vitnemålet. Å redusere denne fråveresretten til 10 dagar, framstår som lite gjennomtenkt med tanke på barn sin rett til deltaking i samfunnet.

Stimulere til meir engasjement, ikkje mindre

Barnekonvensjonens artikkel 12 sier at barn og unge har rett til å bli høyrt. Barnekomiteen som overvakar statars implementering av Barnekonvensjonen skriv i den generelle kommentaren om artikkel 12 at samfunnet må få til ein betydeleg auke av barn og unges deltaking. Komiteen presiserer at samfunnet som heilskap tener på auka deltaking.

Barneombodet ønskjer difor at kunnskapsministeren legg til rette for at unge i større grad får mogleik til å ta del i samfunnet, ikkje gir dei færre mogleiker, slik dette forslaget effektivt legg til rette for.

Bør skilje sjukdom og engasjement

Ministeren bør lytte til ekspertane, særleg til Elevorganisasjonen. Fråvere som gjeld sam-funnsoppgåver bør ikkje registrerast som fråvere, men heller gi tilleggspoeng. Sjukefråvere bør følgjast opp på den måten arbeidslivet har klart, med tilrettelegging og tilpassing, slik at fleire kan kome seg gjennom skolen og få fullverdig kompetanse.

Om FAFO-rapporten

Barneombodet er kritisk til forenkla slutningar som går fram av FAFO-rapporten "Gull av gråstein" - Tiltak for å redusere fråfall i vidaregåande opplæring. Her går det fram at fråvere aukar sjansane for fråfall. Forfattar Hernes skriv blant anna:

"Samtidig har freistnadene til å vere borte frå skolen auka sterkt dei siste tiåra, og av fleire grunnar. Når foreldre jobbar, kan elevane i langt større grad rå grunnen åleine heime. Dei har betre økonomi og kan ta ut fritida si "på byen". Og ikkje minst er heimane slik utstyrt at dei øver ein dragnad som skolen med sitt krav om arbeid og innsats ikkje kan møte: Det er nok å nemne tilgangen til sosiale nettverk eller spel på internett."
(Hernes, 2010, s.66).

Barneombodet synest det er underleg at ein trekkjer ei slik samanlikning, og set spørjeteikn ved forfattarens innsikt i skoleelevars kvardag.

Innspel til Barneombodet tilseier ikkje at sosiale medier og spel er avgjerande for om ein sluttar på vidaregåande skole, men at det er ei rekkje andre alvorlege faktorar som ligg bak. Det er også liten grunn til å rekne med at elevar som er i ein prosess der dei vurderer å slutte på dette tidspunkt i første rekkje er opptekne av det tal på fråveredagar som vil stå på vitnemålet. Vi meiner at fokuset bør rettast mot vaksne sitt ansvar for å følgje opp barn som er i risikosonen, og at departementet heller enn straff og sanksjonar bør setje inn energien på å finne årsakene til fråfall og føreslå tiltak mot desse.

Skolen skal følgje opp elevane. Den skal følgje med på kven som er til stades og kva som er årsaken til fråvere. Men å nytte vitnemålet til å eksponere sjuke elevar, eller å fremje fråveret for dei samfunnsengasjerte elevane, er ikkje etter Barneombodet sitt syn eit eigna tiltak mot fråfall.

Invitasjon til kunnskapsministeren

Barneombodet har danna ei ekspertgruppe på fråfall for å få fram ungdommar sine eigne syn. I ekspertgruppa sit ei gruppe unge menneske som har erfaring med eit vanskeleg og delvis avslutta skoleløp. Fråfallsgruppa vil presentere sine erfaringar og råd ovanfor Kunnskaps-ministeren i møte 20. mai 2010. Barneombodet rår til at tiltak rettar seg inn mot dei erfaringar ungdommen har, slik at ein sikrar at tiltak når rett mottakar.

FØRSTEGONGSVITNEMÅL

Høyringsfråsegn

Barneombodet rår til at departementet greier ut mogleiken for at fleire elevar på vidaregåande skole får høve til å splitte opp og ta utdanninga over lengre tid enn 3 år og likevel motta førstegongsvitnemål.

Med vennleg helsing


Reidar Hjermann

barneombod

Janicke Sæther Olsen

seniorrådgjevar

Utviklet av Renommé Communication