Høring om datalagring (nynorsk)
BARNEOMBODET
|
Samferdselsdepartementet |
|
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
10/00083-2 |
Janicke Sæther Olsen |
008;O;BO |
21.3.2010 |
|
Høring om datalagring |
Ein viser til høringsbrev datert 08.01.2010 med forslag til implementering av direktiv om datalagring. Det er usemje innbyrdes i regjeringa om datalagringsdirektivet skal innlemmast i EØS-avtalen grunna personvernmessige omsyn.
Innleiing
Basert på dei førespurnadene Barneombodet får, synest det som om politiet og påtale-styresmakta har utfordringar knytte til det å tryggje barns rettsikring i straffesaker. Men årsaka synest ikkje i første rekkje å vere fråveret av Datalagringsdirektivet. Barneombodet finn derfor ikke grunnlag for å ta stilling til behovet for implementering av Datalagringsdirektivet.
Mandat
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barns behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lov-gjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barn sine rettar. Ombodet skal av eige tiltak, eller som høringsinstans, tryggje barn sine interesser i samband med planlegging og utreiing på alle felt, føreslå tiltak som kan styrkje barn si rettsikring, med meir. Ombodets mandat er avgrensa fram til barn fyller 18 år.
Moment i debatten knytt til Datalagringsdirektivet
- Direktivet skal lagre trafikkdata, ikkje innhaldet i e-postar og telefonsamtalar.
- Det nye er at dei som kjem med tilboda blir pålagde ei lagringsplikt, at fleire data blir lagra, at lagringstida blir lengre og at lagring får eit kriminalitetsførebyggjande formål.
- Data som kan lagrast er trafikkdata, lokaliseringsdata og abonnements-/brukardata som kjem fram ved bruk av elektronisk kommunikasjon som fasttelefoni, e-post, breidbands- og mobiltelefoni og internettaksess.
- Direktivet fører til at tele- og nettleverandørar blir pålagde å lagre trafikkdata i 6 til 24 månader. Teleselskapa lagrar i dag trafikkdata i 3-5 månader av fakturerings-omsyn, medan IP-loggar etter internettbruk berre kan lagrast i inntil tre veker.
- Informasjon som blir lagra skal vere tilgjengeleg for etterforsking, men direktivet endrar ikkje vilkåret for når politiet kan få tilgang til informasjonen.
- Folk flest legg frå seg store mengder elektroniske spor som samanstilt vil gi store mengder opplysningar om vedkomande. Motstandarane av direktivet peikar på at lagring av desse vil kunne bli ein fare for personvernet. Vidare blir det peika på at ønskjet om å auke barns rettsikring mot overgrep kan skje gjennom endring av nasjonal lovgjevnad, utan innføring av direktivet.
- Organisasjonen "Stopp datalagringsdirektivet" hevdar at direktivet ikkje løyser utfordringar knytte til chattesider, løynd identitet og anonymiseringstenester.
- Kripos nemner at teleselskapa om kort tid vil redusere lagringstida fordi teknologiske framsteg effektiviserer faktureringsprosessen. Datalagringsdirektivet, sjølv «minimumsvarianten» med seks månaders lagring, vil sikre politiet fortsatt tilgang til trafikkdata omtrent på dagens nivå. For internett og IP-loggar vil aukinga på til-gjengelege data bli dramatisk, frå tre veker til minimum seks månader.
- Eurojust meiner at politi frå andre land jamnleg overleverer opplyningar til Kripos som er knytte til overgrepssaker mot barn der nordmenn er involvert, men at plikta til å slette elektroniske spor etter 3 veker fører til at trafikkdata allereie er sletta, og kriminelle går fri.
- For den mogleiken politiet har til å sikre bevis og gjennomføre kommunikasjons-kontroll, viser ein til høringsdokumentet, jf straffeprosesslovas avgjerder §§203, 210, 215, 216 flg.
- Andre land: Danmark har fullt ut implementert Datalagringsdirektivet, i Finland har direktivet blitt gjennomført gjennom endring i nasjonal lovgjevnad, i Sverige har ikkje direktivet blitt gjennomført og EU-kommisjonen har på denne bakgrunn trekt Sverige inn for EF-domstolen. Av EUs medlemstatar har alle unnateke Sverige, Irland, Hellas og Østerrike implementert direktivet i nasjonal lovgjevnad.
Barneombodet si vurdering
Barneombodet skal byggje sine vurderingar på kva som er barns beste, jf Barnekonvensjonen artikkel 3. Det er eit prinsipielt utgangspunkt for Ombodet, at dersom omsynet til barns beste gjer det naudsynt, må reglar om personvern vike. På ein del rettsområde har lovgjevar tatt omsyn til dette, for eksempel der reglar om teieplikt skal vike for meldeplikt til barnevernet dersom barn blir utsette for omsorgssvikt.
Det er eit nødvendig og viktig prinsipp at barn har krav på større vern enn vaksne. På generelt grunnlag vil Ombodet vere positiv til implementering av regelverk som sikrar barn og unge større rettsvern. I denne saka er Ombodet usikker på om det er mangelen på Datalagrings-direktivet som hindrar politiet og påtalestyresmakta i å handtere saker som gjeld barn.
Barneombodet har starta opp eit prosjekt om politiet og påtaleatyresmaktas handtering av saker som gjeld barn. Prosjektet vil bli avslutta i juli 2010. Årsaka er at Barneombodet får førespurnader som tilseier at påtalestyresmakta legg vekk saker som gjeld barn, at det ikkje blir reist etterforsking ved plutseleg dødsfall hjå barn, at verdien av barns vitneutsagn blir vurdert som låg og at saker som fører fram til dom gir lægre staffeutmåling dersom offeret er barn. Ombodet ønskjer å få klarlagt om desse tilhøva kan ha årsak i haldningar, manglande kompetanse om barn, mangel på ressursar, mangel på bevisvurdering eller det at vi har eit rettssystem som i liten grad er lagt til rette for å ta vare på barn.
Barneombodet ser, på lik line med Personvernkommisjonen (NOU 2009:1 Individ og Integritet), ikkje bort frå at også trafikkdata er viktig for politiet ved etterforsking og oppklaring av kriminelle handlingar. Samstundes legg Ombodet vekt Personvern-kommisjonens merknader om at det er ein reell fare for at pliktmessig lagring av trafikkdata vil resultere i at desse dataene blir brukte til andre formål, som kvar for seg kan vere gode, men der den samla bruken kan føre til alvorleg trugsmål mot personvernet, også for barn. Når det i dei førespurnadene Ombodet får, i tillegg framgår å vere andre grunnar enn fråvere av Datalagringsdirektivet som er årsak til at politiet og påtalestyresmakta har utfordringar knytte til det å ta vare på barns rettsikring, finn Ombodet ikkje grunnlag for å ta stilling til Data-lagringsdirektivet.
Konklusjon
Basert på dei førespurnader Barneombodet får, synest det som om politiet og påtale-styresmakta har ei rekkje utfordringar knytte til det å ta vare på barns rettsikring i straffesaker. Men årsaka synest ikkje først og fremst å liggje i fråveret av Datalagrings-direktivet. Den einsidige fokuseringa på at det er Datalagringsdirektivet åleine som skal tryggje barn mot seksuelle overgrep synest ut frå dette noko søkt.
Eit anna aspekt som Barneombodet ønskjer å trekkje fram, er problemstillinga rundt kva slag samfunn vi ønskjer å overlevere til barna våre. Når så tunge aktørar som for eksempel Datatilsynet peikar på farene for ei gliding i retning av eit overvakingssamfunn, utan omsyn til dei eventuelle positive sidene ved Datalagringsdirektivet, må dette vektleggjast.
Barneombodet ønskjer også å fokusere på sentrale sider ved barns oppvekstmiljø i denne konteksten, ikkje minst barn sin rett til privatliv og respekt for barn sin integritet. Desse spørsmåla er store og kompliserte, og Barneombodet finn derfor ikkje grunnlag for eintydig å konkludere med eit barneperspektiv som skulle ha implementeringa av Datalagrings-direktivet som føresetnad.
|
Med vennleg helsing |
|
|
|
|
|
|
|
|
Knut Haanes |
Janicke Sæther Olsen |
|
nestleiar |
seniorrådgjevar |
|
|
|



Høring om datalagring (nynorsk)