Høring: Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring (Nynorsk)
BARNEOMBODET
|
Utdanningsdirektoratet |
|
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
10/00478-2 |
Janicke Sæther Olsen |
008;O;BO |
22.3.2010 |
|
Høring: Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring |
Ein viser til høringsbrev datert 24. februar 2010 med forslag om endring i forskrift til opplæringslovas kapittel 20 og nytt kapittel 4 i forskrift til privatskolelova.
Føremålet med høringa er å presisere innhaldet i foreldresamarbeidet som eit tiltak for å hindre fråfall. Det blir i høringa streka under at det er eit ønskje at skolen skaffar seg kunnskap om foreldra som ressurs og samtykker i at foreldra spelar ei viktig rolle for barn si læring og utvikling, jf Innst. O.nr. 22 (2008-2009)
Konklusjon
Ombodet støttar departementet sitt forslag om ei presisering av brukarmedverknad i skolen. Presiseringa skal omfatte både verdien av brukarmedverknad og det kvalitative innhaldet i denne. Ombodet trur ei slik presisering vil føre både til ein betre skole og til å hindre fråfall frå vidaregåande skole.
Mandat
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar. Ombodet skal av eige tiltak, eller som høringsinstans, ta vare på barn sine interesser i samband med planlegging og utreiing på alle felt, føreslå tiltak som kan styrkje barns rettsvern med meir. Ombodets mandat er avgrensa til barn under 18 år.
Høringsfråsegn
Barneombodet legg vekt på at det er foreldra som har hovudansvaret for barns oppseding og at skolen har hovudansvaret for opplæringa. Foreldras medverknad i skolen er viktig for elevane, og derfor er også avgjerder om brukarmedverknad viktig. Særleg er det viktig at skolane er bevisste på verdien av elevmedverknad. Likevel er det Barneombodets erfaring at det på mange skolar ikkje er oppretta sjølv lovpålagde brukarorgan og at det er store variasjonar når det gjeld kor reell brukarmedverknaden er på den enkelte skole.
Ombodet støttar forslaget om å presisere verdien av, og kvaliteten på, brukarmedverknad. Det er Barneombodet si forståing at auka fokus på brukarmedverknad, med særleg vekt på elevmedverknad, vil føre både til ein betre skole og til å hindre fråfall.
Barneombodet støttar forslag om endring i forskrift til opplæringslova kapittel 20 og nytt kapittel 4 i forskrift til privatskolelova.
|
Med vennleg helsing |
|
|
Knut Haanes nestleiar |
|
|
|
|
|
|
Janicke Sæther Olsen |
|
|
seniorrådgjevar |
|
|
|



Høring: Foreldresamarbeid i grunnskolen og vidaregåande opplæring (Nynorsk)