Kringkastingsforskriften-listeføring
Barneombodet er positive å utarbeide ei liste for fjernsynshendingar som kan være av allmenn interesse.
BARNEOMBODET
|
Kultur- og kirkedepartementet |
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
06/00355-2 |
Kari Stenquist |
008;O;BO |
21.3.2007 |
|
Høringssvar: Framlegg til endringar i forskrift 28. februar 1997 nr. 153 om kringkasting - listeføring av hendingar av vesentleg sammfunnsmessig verdi |
Vi viser til høring som kom inn 22.12.06 med høringsfrist 19.03.07.
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barns behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarer med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barn sine rettar.
Høringsframlegget inneheld ikkje direkte barnerelaterte omsyn, men vi ser likevel nytten av å støtte departementet sitt framlegg om å utarbeide ei liste for fjernsynshendingar som kan vere av allmenn kulturell interesse, også for dei under 18 år. Barneombodet meiner at det i dag er ei rekkje idretts- og kulturarrangement som bør nå eit så breitt publikum som muleg. Arrangement som Olympiske leikar og VM i ulike greiner er med på å skape ei felles kulturell referanseramme for mange barn og unge. Barneombodet har ingen konkrete framlegg om kva slags arrangement som bør stå på lista.
|
Med vennleg helsing |
|
|
Knut Haanes |
|
|
nestleiar |
Kari Stenquist |
|
|
rådgjevar |
Oppdatert: 30.01.2012 20:58


