Framlegg til endringar i opplæringslova og friskolelova - læremidlar
Barneombodet støttar framlegget som no ligg føre om at elevar ikkje skal dekke utgifter til deigitale læremidlar.
BARNEOMBODET
|
Kunnskapsdepartementet
|
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
06/00071-2 |
Knut Haanes |
008;O;ADM |
15.1.2007 |
|
|
Vi viser til departementets høringsbrev med høringsfrist 17. januar 2007. Fråsegna vår er diverre noko forseinka. Vi håpar likevel på at synspunkta våre blir noterte og vektlagde.
Barneombodets oppgåve i høve lov og instruks er å arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett og forvalting samsvarar med dei plikter Norge har etter norsk lovverk og FNs konvensjon om barn sine rettar. Ein grunnleggjande rett - og plikt - som norske barn har, er skolegang. Skolen er ein vesentleg del av barns liv. Difor krev skolen ein vesentleg del av Barneombodets merksemd.
Etter dagens ordning er hovudregelen at videregåande opplæringaskal vere gratis. Trass dette veit vi at mange elevar etter tilhøva har store utgifter knytt til skolegangen sin. Det er difor positivt at ein no ønskjer å gripe fatt i dette problemet.
Barneombodet støttar framlegget som no ligg føre, der departementet slær fast at "Opplæringa i offentleg vidaregående skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremidlar samt digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkja nokon del av utgiftene til dette."
I framlegget blir det streka under at
"…den mogleiken skoleeigar har hatt til å krevje at elevane held seg med bærbar PC ikkje lenger vil vere til stades, og at det ikkje lenger vil vere høve til å krevje delfinansiering frå elevane si side."
Så langt skulle alt vere vel, men erfaring tilseier at denne ordninga nok også vil krevje oppfølging og overvaking. Unntaksavgjerda som seier at elevane sjølve må kosta "andre læremidlar og nødvendig individuelt utstyr, må ikkje tolkast slik at den bidreg til ei utholing av hovudavgjerda. Eit ikkje-trongsprøvd stipend til dekking av desse utgiftene må ikkje bli ein grunn for fylkeskommunane til å fråskrive seg ansvaret sitt. Gjennomføringa av føreslått lovendring må difor vere aktuell for evaluering.
I samband med denne høringa, som omfattar vidaregåande skole, vil Barneombodet og rette merksemd mot det aukande problemet med foreldrebetaling i grunnskolen. Sjølv om dette emnet fell utanfor ramma av den noverande høringa, vil Barneombodet nemne det kort.
Ombodet får ofte melding frå barn og foreldre som peikar på dette problemet. Trass i at grunnskolen skal vere gratis, opplever ein stadig at skolen krev betaling for deltaking på klasseturar og andre aktivitetar - samt for innkjøp av bøker, så som nyare atlas etc. Dette er etter Barneombodet sitt syn heilt klart i strid med lova. Sjølv om mange av desse opp-modningane om betaling framstår som "friviljuge," veit vi at det sosiale presset på foreldra er stort, og frykten for sosial ekskludering av barna er overhengande. Barneombodet ber difor departementet også å ta denne problemstillinga opp til vurdering.
|
Med vennleg helsing |
|
|
Knut Haanes |
|
|
nestleiar |
Oppdatert: 30.01.2012 20:58


