Framlegg til endringar i føreskrift til opplæringslova
BARNEOMBODET
|
Utdanningsdirektoratet
|
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
07/00945-3 |
Janicke Sæther Olsen |
008;O;BO |
9.5.2007 |
|
|
Det visest til høringsbrev datert 20.04.2007 vedrørande framlegg til endring i føreskrift til opplæringslova.
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar.
Barneombudet ser høringsnotatet primært som ei utfylling og presisering av gjeldande rett og vel difor i denne omgang ikkje å gå inn i ein debatt om karaktersystemet i seg sjølv. Om-bodet går ut frå at det ikkje er endringar når det gjeld alder for karaktervurdering og at det ikkje ligg inne framlegg om å endre gjeldande ordning med karaktersetting før ungdoms-trinnet, jf §3-4, 1. ledd om vurdering utan karakter.
Barneombodet er positiv til framlegget om ei beskriving av karakterskalaen, slik at karakter-settinga i mindre grad blir overlate til den enkelte lærars skjønn og dermed reduserer risiko for usakleg forskjellsbehandling. Ei definering av innhaldet i karaktervurderinga vil truleg også gjere det lettare for elevar å kunne ta stilling til, og ev påklage, karakteren dei får.
Vidare meiner Barneombodet at det er gjort ei viktig presisering gjennom framlegget om å tydeleggjere at det er ein skilnad mellom ei fagvurdering og ei vurdering av den personlege utviklinga hjå eleven.
Barneombodet merkar seg framlegg til nye avgjerder om førstegongsvitnemål på bakgrunn av ny føreskrift om å kvotere (50%) av elevar med førstegongsvitnemål ved opptak ved universitet og høgskolar. Avgjerda vil i første rekkje kunne ramme eldre studentar, og problemstillinga fell utanfor mandatet til Barneombudet.
Med omsyn til endring i tilsettingskrava for tospråklege lærerarar, har Barneombodet ingen spesielle merknader.
Studentane har gjennomført ei utdanning spesielt tilpassa morsmålslærarar og andre tospråklege studentar og har oppnådd utvida kompetanse som vil vere ein ressurs for grunnskolen.
|
Med vennleg helsing |
|
|
Knut Haanes nestleiar |
|
|
Janicke Sæther Olsen |
|
|
rådgjevar |
|
Oppdatert: 30.01.2012 20:56


