Barn som er vitne til vald
BARNEOMBODET
|
Justis- og politidepartementet |
|
Dykkar ref: |
Vår ref: |
Saksbeh: |
Arkivkode: |
Dato: |
|
|
07/00979-2 |
FH |
008;O;BO |
8.5.2007 |
|
Høringssvar: |
Ein viser til høringsbrev av 24. april der det blir føreslege at barn som har vore vitne til vald som er egna til å skade barn sin tryggleik og tillit til ein næreståande person skal få rett til valdsoffererstatning.
Barneombodet skal i høve lov og instruks arbeide for at barn sine behov, rettar og interesser blir tatt tilbørleg omsyn til på alle samfunnsområda. Ombodet skal særleg følgje med i at lovgjevnad til vern om barn sine interesser blir følgd, og at norsk rett samsvarar med dei plikter Norge har etter FNs konvensjon om barnet sine rettar.
Å vere vitne til vald kan vere svært skadeleg for eit barn. Barneombodet er difor glad for at det blir føreslege å innføre ei ordning der barn som er vitne til vald skal kunne få voldsoffer-erstatning.
Barneombodet ser at det kan oppstå visse utfordringar når det gjeld avgrensinga av kva som skal omfattast av avgjerda. Kva vil det til dømes seie å vere vitne til vald? Departementet skriv at avgjerda til dømes kan dekkje situasjonar der eit barn ser eller hører at den eine foreldaren slær den andre. Barneombodet sluttar opp om at det ikkje blir stillt krav om at barnet er fysisk til stades der valden blir utøvd, men at det er tilstrekkeleg å til dømes høre at ein forelder blir utsett for vald. Dette vil vere mykje praktisk, då barnet ofte er i eit anna rom enn der valden blir utøvd. Skadeverknadene på barnet kan likevel vere svært alvorlege.
Det går fram av kommentarane til framlegget at avgjerda vil kunne omfatte alle tilfelle der barnet sin omsorgsperson blir utsett for vald og/eller trugsmål frå noverande eller tidlegare partnar eller der overgripar er ein annan nærståande. Barneombodet meiner det bør koma tydeleg fram at avgjerda ikkje berre omfattar situasjonar der barn er vitne til vald mot barnet sin omsorgsperson, men at vald óg mot andre nærståande kan omfattast av avgjerda. Det kan til dømes vere at eit barn er vitne til at sysken eller eit anna nært familiemedlem blir utsette for vald. Vidare bør avgjerda kunne omfatte vald som skjer i ein fosterfamilie eller på ein institusjon der barnet bur.
Barneombudet sluttar opp om at trugsmål skal kunne omfattast av avgjerda. Ombodet meiner det og må koma tydeleg fram at seksuelle overgrep blir omfatta av valdsbegrepet, og at dette også gjeld der det ikkje er blitt brukt fysisk makt for å gjennomføre overgrepet.
|
Med vennleg helsing |
|
|
Knut Haanes |
Frøydis Heyerdahl |
|
nestleiar |
rådgjevar |
Oppdatert: 30.01.2012 20:56


